Vi stiller følgjande krav:

Heimfall til Staten må skje som forutsett i opprinneleg  konsesjon og vedtak ved kongelig resolusjon datert 21. desember 1962. 

Vertskommunane Ullensvang og Suldal må få sin rettmessige part.

Full gjennomgang av heile konsesjonen er nødvendig

Spørsmålet om å ta vare på natur, miljø og kultur var på mange måtar fråverande då konsesjonen vart vedteken i 1962.
Ved å gjennømføra heimfallet vil det bli mulig å vurdera heile konsesjonen på nytt på ein grundig og forsvarleg måte i samsvar med Forvaltningslova og Naturmangfoldslova. 

Bildet øverst viser Valdalen etter utbyggingen hadde startet i 1964. Bildet under viser dammen med nesten fullt magasin hausten 2020.

Røldal vart særleg hardt ramma av kraftutbygginga, med tørrlagde elvar, senking av Røldalsvatnet og oppdemming av både Valdalen og Votna.

Bygda mista mykje næringsareal og kraftanlegga medførte i praksis slutten for landbruket i bygda.

Det mest traumatiske var neddemming av Valdalen, som vart til ein lang fjord, og i tillegg utilgjengeleg ein stor del av året.

Røldal grunneigarlag har laga ein film som viser bilete frå Røldal, Votna og Valdalen slik det er i dag og glimt av historiske bilete frå dei same områda.

I filmen presenterer Røldal grunneigarlag sine innspel til, og krav om, fornya konsesjon.

Filmen er på 9 minutt. – den fortel mykje – 

Røldal-Suldal Kraft – Krav til ny konsesjon

Det er NATURRESURSEN som er den store evigvarande verdien.

Naturresursen er
fellesskapet sin eigedom!

Røldal-Suldal Kraft er i drift, så samfunnet taper ingen ting på å ta seg tid til å bruka vår nasjonale fagkompetanse på kraft, natur og miljø til arbeidet med å fornya konsesjonen.

Røldal grunneigarlag sine krav til ny konsesjon for Røldal-Suldal Kraft

Valdalen
Tilkomst til aust- og vestsida av dalen både sommar og vinter.
Tiltak for redusert erosjon i reguleringssonen.

Røldalsvatnet
Oppfylling om våren til ein gitt dato og deretter på stabilt nivå heile sommaren.Redusert senkning om vinteren.

Røldal
Frostrøykproblemet må løysast.

Votnamagasinet og Novlefoss
Vatnet må fyllast opp om våren pga. estetikk og erosjon.
Novlefoss er eit viktig landskapselement.

Flaumsikring
Vassdragsanlegga skal nyttast til flaumsikring, dette må inn i konsesjonsvilkåra.

Minstevassføring i regulerte vassdrag.

Avbøtande tiltak / erstatning

Tilkomst til avstengde næringsareal i Valdalen.

Næringsfond, nytt skjønn.

Uakseptabelt å vidareføra dagens konsesjon!

Heile vassdraget må vurderast på nytt i ein fornya konsesjon.

Staten må ikkje gi vekk fellesskapet sine verdiar, men heller bidra til fornying samen med øvrige kraftverk i vassdraget.

Røldalsfilmen med glimt frå Valdalen før neddeminga (1964)


Alle dokumenter

Nyeste dokumenter

Dalen som forsvann

Skrevet av Inge Saltvoll, grunneigar i Valldalen – Publisert i Hardanger…