Leserinnlegg av Lars O. Seim – Røldal, 1. februar 2021
Striden om Lyse Kraft DA sin søknad til OED og representantforslaget i Energi og Miljøkomiteen er no inne ein avgjerande fase. Kommunane Suldal og Ullensvang , samt mange engasjerte innbyggerar på eine sida og kraftprodusentane Lyse og Hydro Energi på den andre sida , kjempar no om kva som er sannheten i saka?
Energi og Miljøkomiteen har fått ei rad med høyringsuttalelser som dei skal gjennomgå.
Kva skal dei legga mest vekt på juss eller rettferd ? No er det slik at begge desse områda kan vera opne for diskusjon, ikkje minst den juridiske sida.
Som innbyggar i Røldal vil eg framføra at Stortingskomiteen i sitt arbeid bør legga mest vekt på rettferd og ikkje så mykje det juridiske !
Representantforslaget har to elementer som komiteen må finna eit svar på : I kva grad det skal vera revisjon av ALLE vilkår for konsesjonen og om vertskommunane skal få ein økonomisk kompensasjon eller ikkje ?
At Lyse Kraft DA på sikt får ein tidsuavgrensa konsesjon synest klart etter det eg kan forstå, men eg er ikkje jurist.
Som innbyggar i Røldal gjer det meg ingen ting om Lyse Kraft DA får ein evigvarande konsesjon, men det rører ved mitt rettferdsinstinkt dersom selskapet får dette gigantiske verdipapiret utan å gjera opp for det og utan at det blir gjort heilskapelege vurderingar av konsesjonsvilkåra som gjeld i dag !
Kommunane Suldal og Ullensvang grunngjev sine krav bl.a. utifrå følgjande forhold :
1- Den tidsavgrensa konsesjon blir gjort til evigvarande konsesjon. Ut frå vanleg sunnt vet betyr det at desse kraftgigantane får eit formidabelt verdipapir på grunnlag av “vår” natur !
Til evig tid !
2- Hydro Energi får betalt for sin lobbyvirksomhet i Brussel på 2000- talet, ved at det særnorske heimfallsinstituttet vart fjerna ( 2008).
3- Røldal – Suldal utbygginga på 60- talet var eit så stort og omfattande naturinngrep , at det ikkje har så mange parallellar i Norge. Mange av desse er evigvarande og kan ikkje reverserast.
Røldalsbygda og kommunen Ullensvang der eg er fødd og bur, har fått eit stort innhogg i sin naturkapital, som er vårt grunnlag for verdiskaping.
4- Det er ikkje snakk om å revidera 30 år gamle vilkår, som ofte er vanleg, men 60 år gamle vilkår, forma i ei anna tid og utan å kunna sjå alle konsekvenser.
Lyse Kraft DA har i fleire lesarbrev framført at dei er innstilt på samarbeid og finna løysingar på problemstilingar.
Norconsult har på oppdrag av Hydro Energi utarbeidd miljørapportar som grunnlag for miljørevisjon av RSK-anlegga. Desse vart presentert i august 2020 .
I ljos av dei omtalte lesarinnlegga, der Lyse Kraft DA har “markedsført” sin vilje til å finna gode løysingar , skal me sjå konkret på to forhold vedrørande Røldalvatnet.
- Tidlegare oppfylling av Røldalsvatnet
- Redusera risiko for flaum
Tidlegare oppfylling av Røldalsvatnet:
Røldalsvatnet og reguleringa dette, med 17 meters høgdeforskjell på HRV og LRV er vel eit av dei tema eller krav til regulanten som oftast har vore framme blant innbyggerane i Røldal.
At ei reguleringshøgd på 17 meter er problematisk seier seg sjølv. At dette også er midt i ei levande bygd er og litt spesielt her i denne utbygginga. Normalt vil reguleringsmagasin liggja til fjells, der både dei visuelle og praktiske problema kanskje ikkje er så enorme ?
Kva seier så Norconsult sin miljørapport om temaet : tidlegare oppfylling ?
“Det vil være komplekst å vurdere krafttap,kostnader,flomforhold og kjøring av andre magasiner knyttet til en eventuell tidlegere oppfylling av Røldalsvatnet, og Hydro har derfor ikke utført konkrete kostnadsvurderinger knyttet til dette, men krafttapet vil uten tvil bli så stort at det havner i kategorien “stor kostnad”, særlig i år med lite snø og sen smelting “
I tillegg vil det auke og forlenge flomfaren i vatnet.
Konklusjon : Tiltaket er både komplisert og har for høg kostnad.
Redusera risiko for flaum :
Vanlegvis er det to ting ein kan oppnå ved ei regulering av eit vassdrag : 1. Produksjon av elektrisk kraft , som normalt er hovudhensikten. 2. Flaumregulering og kontroll av vassdraget.
Hausten 2018 opplevde Røldal ein stor flaum , den andre store flaumen på fire år ( siste i 2014). Denne flaumen kom nok litt overraskande og litt ubeleilig på Hydro, sidan dei i etterkant måtte laga ein rapport på 31 sider. Den vart seinare presentert på eit ope møte i Røldal og det vart svara på kritikken som hadde kome fram etter flaumen.
På spørsmål om ein kunne ha redusert denne flaumen ved å følgja eit “føre var” prinsipp og tappa ned Røldalsvatnet på førehand, stadfestar Hydro energi at det kunne ein nok. Flaum ville det vorte, men av redusert omfang.
Hydro Energi talfestar og kva det ville ha kosta for selskapet om ein ved slike høve brukar “føre var” prinsippet og har ein “buffer” å gå på . Talet som Hydro energi kjem fram til var at det ville ha kosta dei frå 15 til 20 millionar i produksjon, denne eine gongen, om dei hadde senka vatnet i både Valldalsmagasinet og Røldalsvatnet og hatt ein del å gå på .
15-20 millionar i tapt produksjon ( Hydro sine tal), er dei altså ikkje viljuge å risikere å tape. Dei vil heller ta risikoen med ein flaum, sett opp mot produksjonstapet !!
Det må påpeikast at ved dette høvet i 2018, låg vatnet tett opp til HRV på 380, heile veka i forkant og meldingane om store nedbørsmengder var kjent. At det vart meir nedbør enn forventa, det er nok rett , men som regulant bør ein ha større sikkerhetsmargin enn dette.
At konsesjonen til regulanten seier at “ved flaum skal ikkje flaumen bli større enn den ville blitt ved naturleg tilstand” , er ikkje godt nok for framtida med tanke på at all ekspertise er enig i at ei klimaendring er på gang!!
Konklusjonen må bli at ei ny konsesjonshandsaming må til og regulanten må få nye krav om endra køyremønster !! Det gjeld begge desse temaene: Tidlegare oppfylling av vatnet og ha større margin å gå på når det er fare for flaum.
I denne samanheng er det og rett å nemne lukene Hydro Energi har i enden av Røldalsvatnet. Dei fungerer som eit stengsel ved flaum. Rart at ein har fått lov til dette(?), ettersom konsesjonen har ei formulering om at “Røldalvatnet skal ikke demmes opp, men det er gitt adgang til en senkning på 17 m mellom kote 363 og 380 og anbringelse av en lav dam ved sørenden av Røldalsvatn “. Sitert frå Rettsbok 2.
Denne damkonstruksjonen må få ei anna utforming i framtida, slik at den ikkje blir eit stengsel ved flaumsituasjonar. Det viser erfaring til no.
Sluttkommentar : Erfaringane våre med Hydro Energi og miljørapporten frå Norconsult i 2020 viser at regulanten har liten vilje til å gjera endringar, dersom kostnadene er høge. Uansett miljøgevinst.!!
Så får direktørane i Lyse og Hydro Energi skriva kva dei vil i avisene. Godord og fine tankar her tel lite, berre ei ny og grundig konsesjonshandsaming kan vurdere og eventuelt rette opp i 60 år gamle konsesjonsvilkår.
Etter ei brutal kraftutbygging på 60 -talet, er det på tide å sjå på dette med notida sine augo !
Alle er enige om at denne utbygginga ikkje kunne ha skjedd i dag. Heilt utenkjeleg. Så det seier at det vart gjort eit vedtak heilt i grenseland av kva som var mulig då i 1962?
Så no – 60 år seinare har Stortinget ein ny sjanse til å retta oppatt noko av det som ein påførte fjellbygda Røldal.
Dersom Stortinget meiner at vedtaket i 1962 var akseptabelt og ikkje trengst endrast noko særleg , er det berre å gje Lyse Kraft DA evigvarande konsesjon med nokre “kosmetiske endringar”.
Røldal, 01.februar 2021
Lars O. Seim – kommunestyrerep. frå SP