Røldal grunneigarlag, 11. mai 2021
Til
Olje- og energidepartementet, v/Olje- og energiminister Tina Bru
Klima- og miljødepartementet, v Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn Krav om heimfall av Røldal-Suldal Kraft AS
Vi viser hermed til Dykkar svarbrev frå OED med referanse 20/2003 datert 26. mars i år.
«Departementet har søknaden til behandling. Det fremgår av vannfallrettighetsloven § 10 og
vassdragsreguleringsloven § 9 at vilkår som er fastsatt i en konsesjon kan omgjøres etter
søknad. Det fremgår videre at en søknad om omgjøring av tidligere fastsatte vilkår om
tidsbegrensning og hjemfall skal innvilges, dersom erververen oppfyller vilkårene i
vannfallrettighetsloven § 5. I denne bestemmelsen fremgår kravene til offentlig eierskap.
Bakgrunnen for bestemmelsene fremgår blant annet av forarbeidene til lovendringene i 2008,
jf. Ot. prp. 61 (2007-2008).»
Vi kan ikkje sjå at brevet er svar på våre spørsmål eller på nokon måte dokumenterer at dei nyare lover det blir vist til er gitt tilbakebvirkande kraft. Tvert i mot dokumenterer svarbrevet at det ikkje finst rettsgrunnlag for å omgjera konsesjonen slik Hydro har søkt om.
Søknaden frå Hydro må bli avslått.
Heimfall til Staten må skje slik som forutsett i opprinneleg konsesjon og vedtak ved kongelig resolusjon datert 21. desember 1962.
Dette med bakgrunn i følgjande lovverk:
Grunnlova §97 og NOU 2004:26, Hjemfall pkt. 2.8
Avtalelova §36 mfl.
Forvaltningslova
Naturmangfoldslova
Viktig å kjenna til historikken.
Kraftutbygginga i fjellbygda Røldal vart gjennomført ved tvang, ekspropriasjon og skjønn der Staten og Hydro deltok med ein eigarpart på 50% kvar.
Anlegga i Røldal er utført på ein svært grov måte som øydela både natur, kultur og miljø.
Valdalen der det hadde vore gardar og busetnad i fleire tusen år vart sett under vatn med ein over 95 meter høg dam og regulert 80 meter. Røldalsvatnet midt i bygda vart senka med 17 meter. Novlefoss og elvane er tørrlagde.
Landbruket som var bærebjelken i bygda vart i praksis utradert i all hovedsak på grunn av neddemming av
Valdalen. Røldal mista store næringsareal, både direkte ved det som vart sett under vatn og ved avstengt tilkomst til store gjenverande område.
Tapt næringsareal direkte og indirekte berre i Valdalen tilsvarer over 30 km2 .
For at Røldal skal kunna vera ei livskraftig bygd i framtida der folk vil bu og trivast kan ikkje storsamfunnet (ved Hydro) halda fram den rovdrifta som desse kraftanlegga representerer.
Verdiene kan heller ikkje overførast til andre deler av landet under påskott om at det er offentleg.
Lyse Kraft DA har ingen offentleg relasjon til Ullensvang.
Å gi vekk naturressursene i Røldal og øvre Suldal til Hydro vil vera eit alvorleg brot på samfunnskontrakten og eit svik mot lokalsamfunnet og det norske folk.
Vasskrafta og naturen er naturressurser med stor og evigvarande verdi.
Vi kan ikkje akseptera at Regjeringa gir vekk desse enorme verdiene til Hydro eller Lyse Kraft DA.
Hydro har søkt OED om tidsuavgrensa konsesjon og å få overta Røldal-Suldal anlegga vederlagsfritt mot å selja ein part til Lyse. Blir dette gjennomført vil Hydro framleis disponera over 80% av det dei har hatt i kraftselskapet RSK AS. Dette utan at vertskommunane har fått høve til å bli høyrt eller å bli medeigar. Faktisk har Hydro alt bokført inntektene frå Lyse i 2020 rekneskapet. (sjå vedlagt dokument frå Kåre Paulsen)
Blir dette ståande er overføring også eit svik mot øvrig kraftindustri som alt har gjennomført heimfall eller har forlenga leigeavtaler. ( Tyssefaldene, Saudefaldene, Bjølvefossen mfl.) Vi stiller følgjande krav:
- Heimfall til Staten må skje som forutsett i opprinneleg konsesjon og vedtak ved kongelig resolusjon datert 21. desember 1962.
- Vertskommunane Ullensvang og Suldal må få sin rettmessige part.
- Full gjennomgang av heile konsesjonen er nødvendig Spørsmålet om å ta vare på natur, miljø og kultur var på mange måtar fråverande då konsesjonen vart vedteken i 1962. Ved å gjennømføra heimfallet vil det bli mulig å vurdera heile konsesjonen på nytt på ein grundig og forsvarleg måte i samsvar med Forvaltningslova og Naturmangfoldslova.
Viser også til brev frå NVE datert 2004 vedkomande denne sak.
Informasjon med kart, dokumenter, bilete og film er å finna på nettsida til Røldal grunneigarlag; http://Røldal.info
Link direkte til filmen vår: https://vimeo.com/488001235/bab3ef4b90
Med helsing for Røldal grunneigarlag
Olav S. Rabbe
Vedlegg:
Referanser til lovverk NOU 2004:26
Betenkning v/ advokat Tom Berge
Uttdrag av kgl. resolusjon datert 21. desember 1962
Refleksjon ved Kåre Paulsen
Brev frå NVE datert 20. august 2004
Brev frå Røldal grunneigarlag til OED datert 4. mars 2021
Svarbrev frå OED datert 26. mars 2021