Artikkel fra Haugesunds Avis 28.01 kl 11.11 – Skrevet av Sigmund Hansen

Selskapet er eit av landets største kraftselskap med sine magasin og kraftstasjonar som produserer omlag 3,2 TWh årleg til ein gjennomsnittleg verdi på ikring ein milliard kroner. Foto: SIGMUND HANSEN (arkivfoto)
Dersom Suldal og Ullensvang kommunar får viljen sin i Stortinget i februar, skal Lyse og Hydro sitt nye eigarskap av Røldal-Suldal Kraft kosta det nye fellesselskapet, Lyse Kraft DA i Stavanger omlag 60 millionar meir i året enn dagens lokaloverføringar.
ULLENSVANG: – Er det rimeleg at eigarane av Lyse Kraft DA, 14 kommunar i Sør-Rogaland og Hydro, skal sikrast ei kraftinntekt på omlag ein milliard kroner kvart år til evig tid i Røldal-Suldal Kraft (RSK) utan å investera ei einaste krone for å få hand om konsesjonen?
Det spør advokaten til vertskommunane, Suldal og Ullensvang,
Stein Erik Stinessen i advokatfirmaet Lund & Co.
Og han svarer: Nei, det er heilt rimeleg at vertskommunane får gjennomslag for at alle dei snart 60 år gamle konsesjonsvilkåra blir revidert.
Det gjeld alt frå miljøtiltak til økonomisk kompensasjon for vertskommunar og grunneigarar.
I eit skriv kommunane har sendt til Stortingets energi- og miljøkomite korrigerer dei inntektsopplysningane som olje- og energidepartementet skriv at vertskommunane har frå Røldal-Suldal Kraft.
– Dei reelle tala frå energiskattar er under halvparten av det departementet oppgir, seier advokat Stinessen.
Omlag 20 millionar på kvar av dei to kommunane.
Dette er striden om kraftkronene
- Frå 1. januar 2021 var det slutt på at Hydro eig dei vannkraftanlegga som produserer straum frå Valldalen i Røldal til Nesflaten i Øvre Suldal; Røldal-Suldal Kraft (RSK).
- Konsesjonen skulle automatisk bli overført til staten som følge av reglane om heimfall til staten, 60 år etter etableringa av RSK.
- I 2008 endra Stortinget reglane for heimfall, slik at private konsesjonar ikkje lenger automatisk blir overført til staten, men kunne bli kjøpt av offentlege selskap. Private kan være minoritetseigarar.
- I oktober 2020 slo Hydro og Lyse saman vasskraftproduksjonen sin for å skape ein sterke felles kraftaktør; Lyse Kraft DA.
- Anlegga produserer 3,21 TWh i straum i året, noko som i eit godt straumpris-år tilsvarar ein verdi på om lag 1,5 milliarder kroner. Mengden tilsvarar 1/3 av Oslos forbruk av elektrisk energi kvart år.
- Konsesjonen som Lyse Kraft DA no har, blir såkalt tidsuavgrensa. Suldal og Ullensvang kommunar ønskjer at vilkåra for konsesjonen må opp til fornya behandling før regjeringen godkjenn at Lyse Kraft DA overtek konsesjonen. Dei ønskjer ei mykje betre økonomisk avtale enn den gamle frå 1962.
- Også grunneigarar i RSK krever meir penger. I dag får dei knapt 200 private grunneigarane årleg utbetalt tilsaman 4,8 millioner kroner for ulike praktiske ulemper dei har fått etter kraftutbygginga for snart 60 år sidan.
– Feil tal
For medan departementet skriv til stortingskomiteen at både Suldal og Ullensvang mottek omlag 50 millionar kvar, seier ullensvangordførar Roald Aga Haug (Ap) at det reelle talet på utbetalingar frå ulike energiskattar til hans kommune frå Røldal-Suldal Kraft er ca. 21,4 millionar i året.
Under halvparten av det departementet hevdar. Det same gjeld Suldal.
– Men Ullensvang får jo også over 20 millionar i eigedomsskatt på kraftanlegga?
– Eigedomsskatten gjeld alle i kommunen, og kan ikkje reknast som ein energiskatt, slik Hydro/Lyse har lagt til grunn. Alle i Ullensvang, anten du eig eit hotell, ein verkstad eller eit kraftanlegg, betalar eigedomsskatt, svarar ordføraren.
Skatteinntektene går til alle andre
Advokat Stinessen meiner hovedfeilen er at departementet har rekna som om heile naturressursskatten frå RSK tilfell dei to vertskommunane (19,6 millionar til Suldal og 15,9 mill til Ullensvang).
– Men dette skjer ikkje. For denne skatten er ein del av statens inntektsutjamningssystem som fordeler pengar mellom alle landets kommunar. Suldal sit att med maksimum 1,9 millionar av desse pengane og Ullensvang med maksimum 1,59 millionar (ein stad mellom fem og ti prosent).
– Kva med konsesjonskraftinntektene?
– Under ti prosent av desse inntektene blir att i dei to vertskapskommunane. Konsesjonskraftinntektene frå RSK går i all hovedsak til Rogaland og Vestland fylkeskommunar.
– Ikkje 50, men 20 millionar?
Kommunane sin advokat seier han reknar at Suldal og Ullensvang mottek omlag 20 millionar kroner kvar i kraftinntekter, ikkje 50, som olje- og energidepartementet skriv.
– Samanliknar du dette med at Røldal-Suldal Kraft skaper verdiar for omlag 1.000 millionar for Lyse og Hydro kvart år, er dette ein beskjeden del, seier advokat Stein Erik Stinesen.
– Men begge kommunar får jo 20 millionar i tillegg i eigedomsskatt frå kraftanlegga?
– Ja, men det er ein alminneleg skatt på all fast eigedom i ein kommune, og ikkje nokon energiskatt.
Advokat med ein finte til OED
I ein kommentar til energi- og miljøkomiteen skriv dei to vertskommunane: «Dersom komiteen deler departementets syn på at dette (50 millionar i året, red.merknad) er en tilfredstillende og rimelig lokal andel av verdiskapningen (ca. 1 milliard årlig, red.merknad), anmoder kommunene stortingskomiteen om å be departementet sørge for at kommunene (Ullensvang og Suldal, red.merknad) sikres årlige netto kraftinntekter i den størrelsesorden departementet har bedt komiteen bygge sin innstilling på».
Det betyr i klartekst at kommunane ber Stortinget syta for at årlege kraftinntekter frå RSK til vertskommunane aukar med omlag 30 millionar til kvar av dei.
Artikkel fra Haugesunds Avis 28.01 kl 11.11 – Skrevet av Sigmund Hansen