«Etter søknaden vert Valdalen neddemd ved ein 85 m høg dam i Hyttejuvet. Dermed vil
Valdalselva/Storelva frå damstaden til Røldalsvatnet verta så å seia heilt turrlagd. Det
same kjem eventuelt også til å gjelde Risbuelva, Nøvlefossen, Grytøyrelva og elva gjennom
Brattlandsdalen. Votnavatnet vert oppdemt med ein 45 m høg dam og 3338 da beitemark
vert sett under vatn. Røldalsvatnet vert senka med heile 17 m.
Berre det som alt er nemnt framanfor syner at den planlagde reguleringa vil føre med seg
sers store og alvorlege skadeverknader for dei einskilde grunneigarar og for eigarar av
andre rettar, og ikkje minst for kommunen i det heile.

Røldal er ei fjellbygd der hovudnæringa gjennom mange hundreår har vore jordbruk,
med stølsdrift og geitehald som den viktigaste faktor. Gardsbruka er små, men dei fleste
har noko skog, dei beste teigane i Valdalen og på sørsida av Røldalsvatnet, slik at dei har
hatt nok til eige bruk og gjerne litt til sal, nok til at bygda har vore sjølvhjelpt med
brensel.

Det er helst lite dyrkingsjord heime i sjølve Røldal og det meste er utnytta, men inne i
Valdalen ligg enno fine og flate vidder, som med moderne maskinutstyr kan leggjast under kultur for ein rimeleg kostnad og gje god avkastning. Ved sida av jordbruket har folket vore nøydd til å nytte ut alle høve til å skaffe seg nok inntekter til levemåten.

Med si vakre natur, sine fossar og fjell og speglande vatn, har Røldal kunna glea seg
over ein aukande straum av turistar frå alle land i verda, og turistnæringa har etter kvart
vorte ei viktig inntektskjelde ved sida av jordbruket. Når Heilårsvegen er ferdig skulle
Røldal ha alle føresetnader for å verta eit førsterangs vintersportssentrum, men då må ikkje bygda verta utskjemd av øydelagt natur og skjemmande sår i landskapet.
Det er vel ikkje tvil om at foruten skadane på jordbruket, vil den påtenkte reguleringa også ha store skadeverknader for turistnæringa. Ein kan dermed sikkert slå fast, at ved dei planlagde regulerings- og utbyggingsarbeid vil Røldal misse fundamentale delar av sitt næringsgrunnlag. Inngrepa vil i røynda verta av ein slik storleik og av ei så alvorleg natur at kommunen har vore inne på tanken om å leggja ned protest mot gjennomføring av
planane.

Når ein likevel tek omsyn til at konsesjonssøknaden gjeld eit prosjekt av stor nasjonaløkonomisk vekt, vil Røldal kommunestyre ikkje setje seg imot at det på visse vilkår vert gjeve konsesjon, men då må det og frå konsesjonssøkjaren si side, så langt råd er, verta ytt og ofra noko for å søkje å avbøte skadeverknadene og den alvorlege forringinga av levevilkåra i den bygda som den veldige kraftutbygginga i fyrste rekkje vil gå ut over.»

Tekst