

Skrevet av Gro Heidi Åsen for Hardanger Folkeblad, publisert 2. juni 2022, 19:03
Røldal grunneigarlag har søkt Ullensvang kommune om 750.000 kroner i støtte til det vidare arbeidet med saka om vassdragsanlegga Røldal-Suldal. Onsdag gav dei formannskapet innblikk i kva dei har gjort så langt, vidare planar og forslag til løysingar.
For abonnentar
Søknaden frå grunneigarlaget skulle ikkje handsamast i dette møtet, men dei var invitert for å informera om arbeidet sitt.
– Vi har jobba med dette i over ti år, og brukt alvorleg mykje pengar. Målet vårt er å betra forholda i Røldal for både fellesskapet, lokalsamfunnet og Noreg. Kampen er ikkje tapt. Fornufta må sigra til slutt. Vi kjem ikkje til å gje oss på dette nokon gong, sa leiar i Røldal grunneigarlag, Olav S. Rabbe.
Til no har arbeidet til grunneigarlaget i all hovudsak vore basert på dugnadsinnsats, der nokre få har lagt ned svært mange timar for å få fokus på saka. Blant arbeidet som er gjort nemnde Rabbe sin dokumentasjon av historikk, intervju og filming i reguleringsområde. Dei har laga kortfilmar og informasjonsbrosjyrar som viser følgjene av utbygginga, og har også utarbeidd idéskisser for ombygging av anlegga som dei har sendt som innspel til Energikommisjonen.
Vil ha uavhengige rapportar
Ein tredel av summen dei søkjer om skal dekka kostnadane for geologiske rapportar på ferdsla i Valdalen, ein for sommarferdsel og ein for vinterferdsel. Dei har ikkje tillit til energiselskapet Hydro/Lyse, og difor vil dei framskaffa uavhengige rapportar sjølv. Men det kostar om lag 240.000 kroner, sa Rabbe.
Grunneigarlaget har fått 100.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga og same sum frå eit lokalt fond i Røldal. Men desse midlane har nokre retningsliner for kva pengane kan brukast til. Rabbe var tydeleg på at om dei skal få arbeidet over i eit meir profesjonelt spor må dei ha meir pengestøtte, og dei har difor søkt om støtte hos fleire ordningar. Suldal kommune har og fått den same søknaden som Ullensvang.

Fokus på moglegheitene
– Vi må få kraftselskapa til å tenka nytt, og har valt å ha fokus på moglegheitene. Men det kostar pengar å laga noko som får folk til å verkeleg skjøna omfanget av dette. Eg har levd med denne utviklinga i seksti år, og eg har framleis trua på at det er mogeleg å betra tilhøva, sa Rabbe.
Med seg i onsdagens presentasjon hadde han Nils Petter Rabbe og Helleik Rabbe. Førstnemnde viste fram kva tankar dei har gjort seg rundt mellom anna vasstanden i Valdalsvatnet og Røldalsvatnet, frostrøyk og tørrlegging av Novlefoss.
– I 2022 må vi kunna krevja at naturressursane blir forvalta på ein optimal måte. Slik det er no, er det dårleg utnytting av ressursane både økonomisk og produksjonsmessig, sa Nils Petter Rabbe.
Grunneigarlaget er overtydde om at vatnet kan nyttast smartare og meir miljøvenleg enn det blir i dag. Det er og viktig for dei å få fram andre verdiar enn pengar.
Nils Petter orienterte om innspelet dei har sendt til Energikommisjonen. Kraftsystemet i Sør-Noreg hadde vorte betre rusta for eit grønt skifte om Blåsjømagasinet var betre utnytta, meiner grunneigarlaget, og føreslår ei modernisering av anlegget som mellom anna inneber ombygging av Votna, slik at vatnet her går rett til turbinar ved Suldalsvatnet.
– Kan gå frå verst til best
– Med dette vil det ikkje lenger vera behov for lagringa som medfører høgdeforskjell på vasstanden med 80 meter i Valdalsvatnet og 17 meter i Røldalsvatnet. Det ser heilt forferdeleg ut, og har øydelagt for bruken i områda, og natur- og dyreliv. Ei modernisering vil vera dyrt. Men med det vi føreslår kan vi gå frå verst i klassen til best i klassen. Dette vil gje masse positiv merksemd, noko som igjen vil styrka Ullensvang si merkevare, forklarte han.
Ordførar Roald Aga Haug (Ap) kommenterte at ingen hadde fått lov å tørrleggja Novlefoss på denne måten i dag. Dette er eit punkt i saka ein vil prøva å få til noko, sa han.
– Eit samla kommunestyre har mange av dei same synspunkta som dykk. Noko har vi vunne fram med, på andre punkt har vi tapt så det dundrar, sa Aga Haug.
Punkta dei har tapt på er ifølgje ordføraren konsesjon og heimfall.
– Vi har vunne fram med revisjonskravet. Etter møtet vi hadde med NVE forstår vi at den prosessen kan ta ti, tjue og kanskje opp til tretti år. Men Stortinget har bestemt at denne skal prioriterast, og NVE tek dette på alvor, sa Aga Haug.

– Stolt av å vera røldøling
Senterpartimedlem og røldøling Lars O. Seim retta ei takk til grunneigarlaget for arbeidet dei gjer.
– Eg vil takka for at de nektar å akseptera at det må vera slik det har vore, og tydeleg seier ifrå om at det ikkje kan fortsetta. De viser at det er mogeleg å gjera ting betre, og at vi kan seia «nei, dette aksepterer vi ikkje». Eg er stolt av å vera røldøling, sa Seim.
Kjellaug Hoås Samland (Ap) sa at ho skjønar frustrasjonen deira godt.
– Når eg køyrer forbi ser eg mest botn i Røldalsvatnet. Men det er andre eigarar på Blåsjømagasinet, kan det by på problem, spurte ho.
Nils Petter Rabbe svara at dette nok er ein stor del av barrieren. Ei mogeleg løysing kan vera om desse slår seg saman, sa han.
Terje Kollbotn (R) viste i sine kommentarar til at Boliden i dag har som eitt av sine største konkurransefortrinn at dei har løyst miljøproblema sine ved å nytta fjellhallar framfor å senda det ut i Sørfjorden, slik det vart gjort i «Zinken» si tid.
– Ein føresetnad for at dei fekk på plass fjellhallar var grundig dokumentasjon på kor gale det faktisk var. Slike rapportar kostar enormt, og i det tilfellet tok det tjue år. Dokumentasjonen i dette tilfelle må vera minst like grundig, påpeika Kollbotn.
Skrevet av Gro Heidi Åsen for Hardanger Folkeblad, publisert 2. juni 2022, 19:03

LES OGSÅDette er eit svært sjeldan syn: – Unikt

LES OGSÅSnart forsvinner den: – Ser normalt ut

LES OGSÅHjelmeland kommune bør stilla seg bak krava til Suldal- og Ullensvang kommune