Skrevet av Roal Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune – 4. februar 2021, kl 04.00 – Hardanger Folkeblad
Svarbrev til Lyse og Hydro

Litt overraskande kjem Lyse og Hydro med diverse lesarinnlegg. Der det vert ytra gode intensjonar om samarbeid. Ukjende lesarar kan få inntrykk av at brotet på samfunnskontrakten frå 1962 er ei hendeleg løysing som har ramla i hendene på Hydro og som lokalsamfunna kan gle seg over. Sanninga er at Hydro har arbeidd målretta i fleire tiår for å ta innsersvingen på heimfallet og den klare “leigeavtalen” dei inngjekk i 1962. Frå selskapet som motarbeidde heimfallsinstitutet må det vera “genialt” leiga ekstremt lukrative rettar i heile 60 år. For så å lura til seg rettane til evig tid. Ser ein på mediaoppslag frå 2007/8 ser ein at Hydro v/Eivind Reiten får ramsalt kritikk for å motarbeida den raudgrøne regjeringa i heimfallsaka. Hydro var likevel mektige og fekk pressa på plass ordningar som er nyttige for selskapet. No påstår dei og minister Tina Bru at lokalsamfunna skal gle seg over dette. Sanninga er at overtakinga kun har negative konsekvensar for lokalsamfunna og kommunane. Heimfallet er tapt og kommunane har tapt nær 500 Gwh – kanskje 200 millionar kroner kvart år, som no vert konsesjonæren til del i staden – stikk i strid med forutsetninga for naturøydeleggingane utbygginga innebar. Det er ingen føremoner ved endringa. Stat, fylke og kommune tapar stort. Hydro/Lyse tenar stort og får gigantiske kraftanlegg til evig tid utan å investera ei krone.

Såleis har lokalsamfunnet tapt alt. Hadde anlegget heimfalt som forutsett ville kommunane fått store kompensasjonar for naturinngrepa. Slik som forutsett ved utbygginga. Samt at det ville vore naturleg og modernisert vilkår til moderne miljøkrav. I det minste har kommunane meint at når det er så gale, så må det nye selskapet søka ny konsesjon/fornying, samt stilla med eitt nytt næringsfond som er relevant (dagens er på kr. 250.000,-). Begge deler avviser konsesjonæren.

Lyse produksjon m.fl. på side 17, i søknaden under punkt 5.3 heiter det:

«Vi ber om at tidsbegrensningene og hjemfall i RSKs konsesjoner etter vassdragsreguleringsloven og vannfallrettighetsloven (tidligere industrikonsesjonsloven) omgjøres til å gjelde på ubegrenset tid etter vannfallsrettighetsloven § 10 og ellers videreføres på uendrede vilkår.»

Vidare vert kjem det på side 17, siste avsnitt:

«LKDA er innforstått med at omgjøringen til å gjelde på ubegrenset tid, innebærer at det sannsynligvis vil bli inntatt bestemmelser om alminnelig revisjon i ovennevnte konsesjoner. Det legges til grunn at en etterfølgende revisjonsprosess i henhold til revisjonsbestemmelene som inntas vil følge den alminnelige saksgangen for revisjonssaker. Det er de (da) tidsubegrensede konsesjonene som skal underlegges revisjon og det foreligger ikke hjemmel til å kreve søknad om ny konsesjon eller behandle revisjonene etter reglene om fornyelse av konsesjon.

Etter vårt syn er det naturlig at departementet bekrefter dette i forbindelse med at revisjonsvilkår innføres».

Det er ikkje tvilsomt at revisjon av RSK-anlegga er sannsynlig ei gong i framtida. Spørsmålet er når revisjonstidspunktet inntreff, altså ved utløpet av opprinneleg konsesjon – eller 30 år etter at Lyse Produksjon har overtatt konsesjonane.

Hydro/Lyse har bedt om at tidsavgrensingane og vilkåret om heimfall vert omgjort, og at konsesjonane «ellers videreføres på uendrede vilkår», med tilvising til den alminnelege saksgangen for revisjonssaker.

Vår juridiske representant har anført:

“Etter vassdragsreguleringsloven § 8, kan «vilkårene for konsesjonen […] tas opp til alminnelig revisjon etter 30 år». Dette er bakgrunnen for at vi i innspill til OED etter møtet 4. desember 2020 påpekte at departementet – samtidig med vedtaket om omgjøring av vilkåret om tidsbegrensning og hjemfall – har en plikt til å sette vilkår om revisjon og at revisjonstidspunktet inntrer i 2022. Dersom dette ikke gjøres, vil revisjonstidspunktet først inntre «etter 30 år»”.

Direktørane for Lyse/Hydro har nytta uttrykk som at dei er “inneforstått med at det kan bli revisjon,” – “motsetter seg ikke revisjon.” Og samstundes at det ikkje er heimel for økonomiske ytingar som næringsfond. Ein skryt også av at ein vil ha og har godt forhold til kommunar, lokalsamfunn og grunneigarar. T.d. ved at det er iverksett utgreiingar gjennom frivillig avtale med kommunane. Her kan ein opplysa at det i avtalen er teke atterhald frå Hydro si side om at resultat av arbeidet ikkje er bindande for ny konsesjonær.

Lokalsamfunna har i denne prosessen tapt alt. På toppen er det ikkje drahjelp gjennom formelle skriv frå Hydro/Lyse, når det gjeld fornying av konsesjon, revisjon av vilkåra, eller næringsfond. Konsesjonæren er i mot ny konsesjon og næringsfond. Og kun “inneforstått med” at det kan bli revisjon starta ei eller anna gong. I staden for å skriva om god vilje, ber vi om at direktørane sender ei formell skriftleg melding til Stortinget om at ein er samd med kommunane,- ny konsesjon, revisjon av vilkåra og eitt oppdatert næringsfond. Dette er jo for lokalsamfunna sin del veldig små forbetringar, men det ville i det minste vist at konsesjonæren har ein ørliten vilje til å koma lokale tilhøve i møte.

Kraftprodukjsonen i RSK er ikkje bærekraftig. Naturinngrepa og miljøkonsekvensane er for store. Hydro har jamvel unngått miljøforbetringar ved å visa til heimfall i 2022. Få om nokon anlegg har fått driva slik i 60 år. Kommunane har påpeikt at konsesjonæren framleis ikkje har rydda opp etter utbygginga slik konsesjonen av 1962 krevde skulle vera utført etter 2 år. 56 års avvik gjer oss ikkje trygge på at selskapa har vilje til å følga opp anna enn krav som vert kontrollert strengt. Hydro har i grunnen ikkje kome kommunane i møte med noko som helst dei ikkje uansett er pliktige til. Og har gjort det klart at ein ikkje vil akseptera tiltak som påverkar produksjonen. Når Lyse/Hydro no har fått tilgang til nær 500 Gwh som skulle gått til kommunane, kan ein undra seg på om det ikkje er betydeleg å gå på utan at økonomien til kraftselskapet vert belasta i merkbar grad.

Vår konklusjon er at Hydro/Lyse ikkje gjer noko meir enn det dei vert pålagt i natur og miljøretning. Såleis må staten pålegga den nye konsesjonæren strenge vilkår etter dagens standard.

Dersom konsesjonæren får gjennomslag for unntak for konsesjonsplikt, og får driva vidare til evig tid på “uendrede vilkår,” utan kompensasjonar og umiddelbare miljøforbetringar, er det ikkje mykje att å samarbeida om. Og det bør vera eitt sterkt varsko til alle lokalsamfunn som blir lokka med inntekter frå vindkraftutbyggingar og anna. Utbyggaren er gjerne ikkje til å stola på.

Naturinngrepa gjer det svært vanskeleg å nytta området til alternativ næringsutvikling. Samanliknar vi områda med verdiskaping gjennom reiselivsverksemd i liknande naturområde, meiner vi at den lokale verdiskapinga ville vore større i dag utan den brutale vasskraftutbygginga. Gje oss vatnet attende så fråfell vi alle krav.

Skrevet av Roal Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune – 4. februar 2021, kl 04.00 – Hardanger Folkeblad
Svarbrev til Lyse og Hydro

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..