Skrevet av Oddbjørn Lynghammar, Røldal – Publisert i Hardanger Folkeblad 7. februar 2021

Odda har vore og er ein stad me føler oss knytte til. Slik var det òg før tunellane kom i 1964. Og slik har det vore sidan vegen over Hardingefjellet kom i slutten på 1800-talet. Odda var næraste knutepunkt i sommarhalvåret.
OM FORHOLDET MELLOM RØLDAL OG ODDA/ULLENSVANG
kkje minst har eg møtt og fått eit forhold til ein masse flotte folk i Odda som eg set pris på. Det er eit folk som er stolt av at fjellbygda Røldal er ein del av kommunen.
Me er mange i Røldal som likar Odda. Eg har alltid vorte og vert vel motteken i Odda. Tida mi på Smelteverket gjorde noko til dette. Oddingane har herleg dialekt og humor.
Det er med denne bakgrunnen det kjennest så vondt å verta svikta og neglisjert av kommunestyret i Odda, eller Ullensvang, men makta er enno i Odda. Kommunestyret med Arbeidarpartiet i spissen misbrukar makta, og resultatet vert vondt for oss i utkanten. Alle i Arbeidarpartiet er flotte einskildpersonar, men når dei kjem i lag, så er det ingen nåde. Og så brutal er politikken. Men kjære folk, det må då gå an å tenkja på korleis me føler oss når ei gangbru til 6,5 mill. over Opo var med i budsjettsforslaget, medan 6,5 mill. i investering i Røldal vart stroke.
Det som skjedde etter at Røldal kommune vart samanslegen med Odda, har store likheitstrekk med det som skjedde med indianarane i USA på 1800 talet, berre at no kan ein kalla det ein demokratisk urett.
Eg skal ikkje dømma nokon politikar. Men eg håpar at de etter å ha lese dette, tenkjer: «Dette må me retta opp i, slik kan det ikkje vera.»
Her kjem informasjon og litt historikk.
Røldal kommune
Røldal var eigen kommune fra 1836 (38) til 1964. Frå byrjinga av 1900-talet og framover vart det noko betre for kvart tiår. Men far min, som var fødd i 1901, sa det var lite til overs når alle hadde fått mat.
Trass i at far fekk spanskesjuke i 1918 og miste det eine auga rundt 1929, var han blant dei heldige som fekk leva inn i den nye tida med auka velstand. Men røveriet av farsgarden i Lynghamrane gløymde han aldri. Det var den einaste garden som måtte forlatast. Han var fødd der. Det er der kraftstasjonen i Lynghamrane ligg i dag.

Straum
Straumen var for lengst komen dei fleste andre stader i landet. I Røldal var det òg planar. Fossar og fallrettar vart kjøpte og selde. Blakstad, som me kjenner frå Skjeggedal, var tidleg inne i bildet. I 1955 skriv Brita-faster i eit brev at snart får me straum.
For alle som levde her, var det fram til i 1950-åra ikkje meir enn det måtte. Men folk hadde det godt, og var vane med å klara seg sjølve. Røldal var enno mykje avstengt og utan straum fram til 1958.
Fallrettane og utbygging
Allereie i 1952/53 byrja Hydro å sikra seg fallrettane rundt Røldal, og i tidsrommet 1954–1960 sikra dei seg alt. I 1961 starta denne gigantiske utbygginga så smått. Røldal Suldal Kraft AS vart stifta i 1963.
Røldal kommune og Suldal kommune forhandla seg fram til erstatningar og avgifter som skulle erstatta næringsgrunnlaget som gjekk tapt med neddemming og anna areal som trongst til kraftanlegga.
Grunneigarane forhandla for seg. Men Hydro sat i førarsetet. I byrjinga var det motstand mot utbygginga, og spesielt mot neddemminga av Valldalen med rundt 20 stølar om me tek med dei som hadde fleire hus og familiar på same stølen. Kommunestyret godtok til slutt utbygginga, også fordi dette var ei gigantisk utbygging som ville tena folk og land nasjonalt.

Siste sommaren
Det var tungt for folket som hadde vore i Valldalen kvar sommar heile livet. Det var med tunge steg dei buførte hausten 1965. Sekstande mai 1966 vart lukene som stoppa Storelva, stengde. Etter få minutt byrja vatnet å stiga, Valldalen ville aldri meir bli slik han hadde vore. Alt ville bli forandra. Einaste trøysta var at no ville Røldal få god økonomi. Noko anna skulle etter kvart visa seg.
I 1967 var fem kraftverk med tilsaman 2,5 TWh sette i produksjon. No opp mot 3,5 TWh.
Det vart etablert eit næringsfond i Røldal og eit i Suldal. Erstatningane i Valldalen og elles vart baserte på inntekter som desse fjellbøndene hadde klart å få til på ein kort sommar, kanskje 4000 kroner på det meste. Det at dei sleit og fekk ikkje meir ut av fjellet, vart brukt mot dei. Det var ikkje meir verdt enn det dei fekk ut av dalen med støling, fehandel, jakt og fiske. No når «storkarene» kom og skulle tena pengar, var det ikkje rom for noko medkjensle. Det var reine tal som skulle gjelda. Ikkje noko om kva desse eigedomane kjenslemessig betydde for folket og bygda.
Likevel: Eg skal ikkje her skriva om saka mellom Lyse/Hydro og kommunane Ullensvang og Suldal. Eg vil skriva om uretten mot Røldal internt i kommunen.

Bygging
Alle såg at no kom Røldal kommune til å bli ein av dei rikaste kommunane i Norge etter folketalet. No kunne dei kanskje endeleg byggja kommunehus. Og Røldal kommune hadde sidan 1916 hatt tankar om å byggja aldersheim, dette vart no realisert. Hydro (RSK) bygde nytt grendahus og skule.
Seinere bygde Hydro vassanlegg i bygda og vegar rundt i fjella som auka verdien på nokre eigedomar. Så Hydro har bidrege til mykje som er bygd her, det er viktig å ta med. Og i 2021 er det femten tilsette i Hydro som bur i Røldal (totalt 80 med Nes og Røldal i byrjinga).
Samanslåing
I byrjinga på 1960-åra vart Scheikomiteen sett ned og skulle sjå på samanslåing av kommunar.
Fyrst meinte utvalet at Røldal burde fortsetja som eigen kommune. Så gjekk det ei tid, og utvalet kom fram til at Røldal burde gå saman med Odda. I byrjinga var det stor motstand mot dette i Røldal, for fleirtalet meinte at no ville Røldal kommune få store inntekter av kraftutbygginga og klara seg godt aleine.
Men etter kvart vart presset større og større frå fylke og stat, noko Røldal kommunestyre følte. Til slutt bøygde den eine etter den andre i kommunestyret av og sa til slutt ja til samanslåing med Odda.
Fyrste januar 1964 vart Røldal ein «del» av Odda kommune. Røldal fekk ikkje ei krone av kraftutbygginga inn på sin konto, berre eit lite næringsfond. I Odda regjerte Arbeidarpartiet og bestemde alt og hadde all makt slik det har vore meir eller mindre heilt til i dag. Og det ser ut til å fortsetja i nye Ullensvang.

Kamp
Eg hugsar sjølv «spetakkelet» når det vart nemnt noko me trong i Røldal. Etter fyrste kommunestyremøtet i Odda kom dei heim på gråten. Indrebø var sjef. Kamp kvar gong. I byrjinga og mange år framover var det mange frå bygda med i politikken. Etter kvart gav folket her opp. Ingen nådde fram med noko av det dei føreslo.
No har me berre éin representant med i kommunestyret, pluss ein vara. Folket her i Røldal har stort sett tapt alle kampane. Likevel har me vore lojale mot Odda i snart 60 år.
Riving
Det som har gått glattast i Røldal, er rivinga av skysstasjonen på Gryting, gamleskulen med tømmerstover og ungdomshuset – alle kulturhistoriske hus.
Forbindelse til Odda
Før 1964 var bygda nokså isolert om vinteren. Berre vegen til Nesflaten var farbar om vinteren, men den var ofte stengd på grunn av uvêr og snøråser. Men 23. februar 1964 var det «hol» gjennom fjellet til Seljestad og Odda. Ei ny tid byrja i Røldal. Livet i fjellet vart lettare og tryggare.
50 millionar sender Røldal til fellesskapet
Frå rekneskapen over er arrangement som Røldal Ned Opp no borte, det same med Røldal Freeride Challenge og Røldal Bygdemuseum. I tillegg er talet på kommunalt tilsette i Røldal redusert med 7 årsverk etter 2015.
Personskatten er ut frå ein gjennomsnittsjablong òg altfor låg. Talet er truleg 20 millionar pluss.
Sal av konsesjonskraft varierer med straumprisen og kan vera og er truleg mykje høgare.

Og seks kommunale årsverk skal vekk i 2021.
Ut frå dette er overskotet frå Røldal meir enn 50 millionar når alt er betalt – kvart år. Og meir vert det etter kvart som funksjonar vert lagde ned og inntektene frå kraftselskapet aukar.
Misnøye
Mange i politikken brukar ofte mot oss at me er misfornøgde og masete når me ber om noko.
Det vert om lag det same som at banken synest eg masar når eg vil ta ut pengar eg har sett inn.
Det som er Røldal sin bate, er at me ligg eit stykke frå fleirtalet som styrer og ser. Erstatningane i Bykle vert brukte i Bykle. Erstatningane i Røldal vert for det meste brukte i Odda. Me ber ikkje om noko. Me vil berre behalda litt av det som Røldal kommune og folket her var tiltenkte som erstatning for ulemper og tapt næringsgrunnlag.
Investeringar og planar for utviklinga i Røldal
I Røldal har me skule, barnehage, sjukeheim og dokter to dagar i veko. Det er me glade for.
Idrettslaget ville utvikla tilbodet i Røldal med eit tilbygg på grendahuset og bad kommunen om 6,5 millionar kroner (totalkostnaden er 15 millionar). Resten dugnad og anna finansiering. Denne saka har versert i minst 10 år. Idrettsrådet i Ullensvang sette dette på topp. Men no er prosjektet kome heilt nedst på investeringsplanen til kommunen. Heilt nedst som vanleg.
Pilegrimssenterprosjektet er eit anna godt eksempel, det er lite framdrift dei tjue åra det har eksistert. Mange nyare prosjekt er komne mykje høgare på prioriteringslista.
Er det eit urimeleg krav frå folket her i Røldal å få litt investert og behalda dei få funksjonane me har att? Det er me som ser naturen som ligg og ynkar seg etter inngrepa. Og det er me som ser og kjenner frostskodda. Det er me som ser Røldalsvatnet, Valldalen, Votna, Kaldevatnet, Middyr, Ulevå/Ståvatnet og alle elvane og bekkane som er turre.
Det vert skapt mange hundre arbeidsplassar i industrien av energien som kjem herifrå. Her i Røldal minkar talet på arbeidsplassar for kvart år. (Sesongarbeidsplassar aukar, rett nok.)

Indianarar
Det som skjedde etter at Røldal kommune vart samanslegen med Odda, har store likheitstrekk med det som skjedde med indianarane i USA på 1800 talet, berre at no kan ein kalla det ein demokratisk urett. Me vert kalla indianarar med rette.
Me trudde på det myndigheitene sa, det skulle bli betre når me vart saman med to kommunar til. Lygn og bedrag. Me er førte bak ljoset og lurte trill rundt av både kommune, fylkesmann og regjering.
Ullensvang kommune
Kommunestyret har vist at det å reversera vedtak er enkelt. Kva med sjukeheimen? Nedlegging av sjukeheimen er ei svært inngripande sak for folket her. Og det er lite og ingen informasjon. Alt er tyst. Det er tydeleg at kommunestyret og leiinga prøver å tia dette i hel. Me er hjelpelause i dette spelet. Arbeidarpartiet har mest makt, og mest ansvar for det som skjer.
Ansikt ut
Så er det nokon som seier at me ikkje må skriva noko negativt om Ullensvang, det skræmer dei som kanskje vil flytta heim. Ja, eg er heilt einig i det. Men korleis skal me få dette ut om me ikkje brukar media? Det er fleirtalet i kommunestyret og leiinga som har starta spetakkelet, ikkje røldølingane. Om leiinga i forkant og etterkant hadde kome med informasjon om kva dei tenkjer om framtida, så hadde me kanskje forstått litt meir og roa oss.
Men det er stille, heilt stille. Alle i kommunestyret veit at det er opprør i Røldal. Men det er heilt stille frå den kanten.
Då var det anna slag med bagatellen, parkeringsselskapet. Då vart det engasjement. Då var dei til og med på framsida av HF for å fortelja om parkeringskatastrofen som hadde råka Odda. Ja, det var vel rett før kriseteamet vart kopla inn.
Eg har ikkje sett nokon frå dei «raude» på framsida av HF når det gjeld Røldal no.
Skrevet av Oddbjørn Lynghammar, Røldal – Publisert i Hardanger Folkeblad 7. februar 2021
Veldig bra resonnert og skrevet.