SOL OG FROSTRØYK: Deler av røldalsbygda og Røldalsvatnet er ille plaga av frostrøyk frå ei ope råk ved kraftstasjonen når det er fint, kaldt vintervær. Hittil i år har frostrøyken vore verre enn på 30 år. Foto: Privat foto
SOL OG FROSTRØYK: Deler av røldalsbygda og Røldalsvatnet er ille plaga av frostrøyk frå ei ope råk ved kraftstasjonen når det er fint, kaldt vintervær. Hittil i år har frostrøyken vore verre enn på 30 år. Foto: Privat foto

Skrevet av Sigmund Hansen – Publusert 6. februar 2021 i Haugesunds Avis

Det tempererte Røldalsvatnet sørgar for tett dis i Røldal.

ULLENSVANG: Midt i hardaste debatten i Stortingets energi- og miljøkomite om framtidsvilkåra for Røldal-Suldal Kraft, er det plage naboar og mosjonistar i lysløypa på flatene i Røldal er opptekne av.

Ikkje på mange år har frostrøyken frå det tempererte vatnet som kraftstasjonen slepp ut vore ei større plage i nedre og sentrale deler av bygda.

– Eg bur inne i frostrøyken. I år har vore eit av dei verste åra, seier pensjonisten og gardbrukaren Olav Tveita.

Han bur ein kilometer utanom kraftstasjonen, nær Røldalsvatnet.

– Det er trist å tenkja på at Hydro vann fram under klimaskjønet i 1988 med at det vart for dyrt for selskapet å leggja vasstunnelen frå turbinane lenger ut i vatnet – på djupare vatn, slik me ba om. Det ville ha redusert frostrøyken monaleg, seier Tveita.

– Me som bur inne i frostrøyken reknar med at me har det tre-fire grader kaldare enn lenger oppe i bygda. Tysdag målte eg minus 25 grader og tjukk frostrøyk, fortel han.

SOLA SKIN: Dei to ivrige mosjonistane Kristine Lien (nærast) og Katrine Rugland Sør-Reime nyttar den ti km lange skiløypa i Røldal sentrum så ofte dei kan. Men når frostrøyken kjem drivande, forsvinn sola og då dreg dei til Seljestad eller Vågslid. Onsdag skein imidlertid sola godt i løypa. Foto: Privat foto

Ordføraren og Hydro

Ordførar Roald Aga Haug (Ap) i Ullensvang seier han vart overraska då han, i eit møte Hydro Energi hadde med Ullensvang og Suldal kommunar nå i januar, tok opp problemet med frostrøyken i Røldal.

– Eg vart møtt med at dette ikkje var noko utfordring då eg fortalde at folk klaga over eit rått og kaldt klima på vinterdagar med mykje frostrøyk frå råket der kraftstasjonen slepp ut temperert vatn, seier Aga Haug.

DETTE ER STRIDEN OM KRAFTKRONENE

  • Frå 1. januar 2021 var det slutt på at Hydro eig dei vannkraftanlegga som produserer straum frå Valldalen i Røldal til Nesflaten i Øvre Suldal; Røldal-Suldal Kraft (RSK).

  • Konsesjonen skulle automatisk bli overført til staten som følge av reglane om heimfall til staten, 60 år etter etableringa av RSK.

  • I 2008 endra Stortinget reglane for heimfall, slik at private konsesjonar ikkje lenger automatisk blir overført til staten, men kunne bli kjøpt av offentlege selskap. Private kan være minoritetseigarar.

  • I oktober 2020 slo Hydro og Lyse saman vasskraftproduksjonen sin for å skape ein sterke felles kraftaktør; Lyse Kraft DA.

  • Anlegga produserer 3,21 TWh i straum i året, noko som i eit godt straumpris-år tilsvarar ein verdi på om lag 1,5 milliarder kroner. Mengden tilsvarar 1/3 av Oslos forbruk av elektrisk energi kvart år.

  • Konsesjonen som Lyse Kraft DA no har, blir såkalt tidsuavgrensa. Suldal og Ullensvang kommunar ønskjer at vilkåra for konsesjonen må opp til fornya behandling før regjeringen godkjenn at Lyse Kraft DA overtek konsesjonen. Dei ønskjer ei mykje betre økonomisk avtale enn den gamle frå 1962.

  • Også grunneigarar i RSK krever meir penger. I dag får dei knapt 200 private grunneigarane årleg utbetalt tilsaman 4,8 millioner kroner for ulike praktiske ulemper dei har fått etter kraftutbygginga for snart 60 år sidan.

Kraftverkssjef Agnes Oppistov Lykkebø i Hydro Energi seier problemet med frostrøyk på og ved Røldalsvatnet var eit problem som blei tatt opp på 1980-talet – og som kulminerte med ei avgjerd i eit såkalla klimaskjønn.

Der konkluderte skjønnsretten med at det var eit for omfattande pålegg å kreva at Hydro skulle forlenga vasstunnelen frå kraftstasjonen lenger ut på djupna i Røldalsvatnet.

Kraftverksjef Oppistov Lykkebø seier vatnet er på ca. 4 grader når det kjem frå eit lågt nivå nede i Valldalsbassenget inn til inntaket i kraftstasjonen. Ho kjenner til at problemet med frostrøyk i Røldal har vore tilbake den siste tida – etter mange milde vintrar.

Etter det Haugesunds Avis har grunn til å tru, er forlenging av vasstunnelen ut i Røldalsvatnet eit krav som grunneigarlaget og Ullensvang kommune vil spela inn når konsesjonsbetingelser skal opp til ny vurdering for Røldal-Suldal Kraft.

Og fleire medlemer i Stortingets energi- og miljøkomite har uttrykt at dette er noko som må ordnast opp i når konsesjonsbetingelsane for det nye selskapet, Lyse Kraft DA, skal fastsetjast.

Skrevet av Sigmund Hansen – Publusert 6. februar 2021 i Haugesunds Avis

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..