7. mai i år kom Nils Vetle Medhus (25) til Nordkapp etter å ha gått Norge på langs på 75 dagsetappar. No fryktar han at aksjonen han og andre røldalsungdomar har starta for å stoppa det dei kallar «ranet» av vasskrafta i bygda, blir ei endå lengre vandring. Men han er klar.

– Eg er ikkje typen som likar å by på meg sjølv. Men er det ein gong eg kjenner eg vil stå fram, så er det no. Ein avtale er ein avtale og «Slukk Lyse», sa den 25 år gamle elektrikaren.
Han er ein av leiarane i ungdomsopprøret mot Lyse/Hydroavtalen i Røldal.
Saman med 130 grunneigarar, andre røldølingar, hyttefolk, sauebønder og fjellfolk, var han laurdag med på eit stemne Røldal grunneigarlag hadde invitert til på tørr grunn i det nedtappa Valdalsmagasinet – der garden Nordre Valdalen (fråflytta ein gong på 1940-talet) og den gamle turisthytta, låg.
– Me hadde ein avtale (heimfall etter 60 år) og våre forfedrar venta og talde åra. No opplever me det som om nokon prøver å lura alt ifrå bygda og vertskommunane, seier Nils Vetle Medhus.

– Så lenge det pikkar liv i oss, gjev me ikkje opp. Ungdomen sitt engasjement er utruleg inspirerande, sa grunneigar Helleik Rabbe.
Han drog fram frå bibelsoga historia om Lasarus som måtte eta smular frå den rike manns bord.
– I Røldal vil styresmaktene at me skal nøya oss med smular frå vårt eige bord, slo Rabbe fast.

Eit traume
Sondof Rabbe er arkitekt i Bergen og røldøl med oppvekst alle somrar i Valdalen.
– Magnar Runnane og eg fekk som 15-åringar sommarjobb med å kliva i liene og måla kvite merke på steinar. Ein ingeniør med walkie talkie og kikert rettleidde oss. Me skulle merka høgaste vasstand (745 m over havet) i den komande demningen som skulle fylla heile dalen. Me hadde ikkje fantasi til å førestilla oss korleis Valldalen då ville sjå ut. Så kom det eit arbeidslag frå Trysil, sagde ned heile bjørkeskogen og brende han, fortel Rabbe.

Den siste vinteren har vore som eit traume for han.
– Trøysta den gongen var at kraftutbygging representerte eit framsteg og at det var heimfall om 60 år der staten skulle ha 2/3 av Røldal-Suldal Kraft og vertskommunane Suldal og Ullensvang 1/3. Det står vidare at konsesjonen kan ikkje overdragast. Så opplever me at Hydro og Lyse gjer «ein finte» og overtek heile greia – og etterpå står dei og skryt av det og feirar med kake med olje- og energiminister Tina Bru. For meg er dette heilt absurd, sa Sondof Rabbe.

Han står saman med leiaren i grunneigarlaget, Olav Rabbe, på tuftene etter den gamle turisthytta i Valdalen. Og på garden Nordre Valdalen, der det budde folk fast heilt til ein gong på 1940-talet. Dei siste var Helleik Rabbe, med kona Durdei.
– Det er ille at Hydro ikkje ville halda kontrakten dei hadde skrive med bygda og kommunen om å levera anlegget attende etter 60 år, seier lagsleiar Olav Rabbe.
Han håpar regjeringa snur i saka. Elles endar det i rettssak. Både grunneigarar og vertskommunane står førebels att som dei store taparane i spelet om Røldal-Suldal Kraft, seier han.


– Me toler meir enn Lysekommunane
Ullensvangordførar Roald Aga Haug (Ap) sa at folk i Ullensvang kommune har tolt mykje meir av naturinngrep enn dei 14 eigarkommunane i Lyse som no vil eiga naturressursane i Valdalen til evig tid. Og Hydro karakteriserte han som «ein leigetakar som vil halda fram med å eiga – utan å spørja eigarane».
– Hydro gjekk til staten for å bryta kontrakten me hadde. Og det ser ut til at dei har fått det til. Staten gav etter og gløymde samfunnskontrakten dei inngjekk med vertskommunar og lokalsamfunn og gav i staden alle verdiane til Lyse Kraft DA, sa ordførar Aga Haug (A).

– Eg skulle ønskt at Tina Bru hadde vore her i dag og sett korleis naturen i Valdalen er blitt brukt til vasskraftproduksjon. Sanninga er at våre verdiar er stolne, det er eit ran utan forsøk på å kompensera tapet. Me skal halda fram med arbeidet for at uretten blir kompensert, sa ordføraren i sin tale.
Klagar på Hydro
Leiar av hovudutval for samfunn, plan og næring i Ullensvang kommune, Eivind Tokheim (V), sa det har vore vanskeleg å få Hydro med på skikkelege tiltak for tryggare vinterferdsel i Valdalen.
Han hadde vore med i forhandlingar, saman med grunneigarlaget, men sat att med inntrykk av at Hydro vegra seg for å sikra sikker vinterferdsel over nutane og ned mot Grytingsstøl når det ikkje er trygg is.

– Nei, dette ville kosta fire-fem millionar og då måtte grunneigarlaget og kommunen vera med, for det vart så dyrt, hevda han at Hydro hadde sagt i desse forhandlingane.
Vencke Hagen, som har eigedom på den veglause sida av Valdalen (Kvelven), var provosert over dei som sa at det var enkelt å koma seg fram til eigedomane.
– Sanninga er at det er håplaust, sommar som vinter. Isen er nesten aldri farbar vinterstid, sa ho og syntest sommarkryssing i liten båt, med ein vemmeleg vind midt på vatnet, var langt utanfor hennar komfortsone.

Jarle Viskjer, styrar på Litlos turisthytte med 52 senger, sa at denne hytta ikkje hadde eksistert om det ikkje hadde vore for Valdalen som innfallsport.

– Utfordringa er å koma inn Valdalen, ikkje minst vinterstid med mykje dårleg is.
– Hydro har vore ei hard negl for oss. Me har opplevd at det har vore lite me har fått av samarbeid med dei om farbar vinterveg, sa Viskjer.
Sjølv om han tvilte, håpa han på tunnel frå demningen og inn til Grytingstøl.

Stølskultur som drukna
Stemneleiar Oddbjørn Lynghammar fortalde at 11. mai 1966 klokka 12 vart storelva stoppa. Så vart stølsmur etter stølsmur drukna.- Ein heil stølskultur vart drukna, sa han. Så stod dei fram og fortalde: Den eldste Helleik Rabbe (79), som var ein månad første gong han vart teken med til støls.
Margit Gjørv som viste tufter etter langhus og helleristningar og busetnad i Valdalen så tidleg som år 500 etter Kristus. Den gamle etneordføraren, Eindride Aakra, som har hatt eit livslangt forhold til dalen, først seterdrift med geiter og seinare sauer på sommarbeite.

