

Artikkelen er over 1 år gammel
Skrevet av Kristin Eide for Hardanger Folkeblad, Publisert 06.02.2022 kl 09.15
Olav Rabbe har sjølv opplevd kor farleg det kan vera å ferdast på Valldalsvatnet vinterstid. Røldal grunneigarlag meiner at den alternative traseen ikkje er ei varig løysing, men ønskjer utbetring av vegen.
– Me ønskjer ikkje at dette vert ei varig løysing, men at det er ei naudløysing inntil ein kan få på plass skikkelege tiltak. I denne traseen må ein opp til 1000 moh., det er bratt å koma opp og ned, det er vêrutsett og utsett for ras, seier Olav Rabbe.
Han er leiar i Røldal grunneigarlag, og stadfestar at det var dei som for lenge sidan tok initiativ til å betra den alternative traseen for å koma til enden av Valldalen vinterstid.

LES OGSÅ Jobbar med alternativ til dette
I Valldalsvatnet er det 80 meter regulering opp og ned, noko som kan føra til store utfordringar for dei som nyttar denne vegen til stølane sine eller inn til Hardangervidda.
1. april i fjor gjekk Rabbe sjølv gjennom isen på Valldalsvatnet, og han fortalde til Hardanger Folkeblad at det var berre flaks at han kom frå det med livet i behald. No ønskjer Hydro å laga ein trase som startar på anleggsvegen som vert etablert i samband med bygging av Einungsstølen kraftverk, og så vidare bortover lia slik at den kryssar Einungstølselva.
– Dette er ikkje ein ønskjedraum, men ei reserveløysing om isen er dårleg og vegen utsett for snø- og rasfare, kommenterer Rabbe og viser til at ein stundom nyttar sommarvegen med skuter vinterstid.

I samband med arealplan for Ullensvang kommune kom Røldal grunneigarlag i desember med innspel til oppgradering av eksisterande veg på vestsida av Valldalsmagasinet. Målet er å nytta vegen også vinterstid.
«Sikring av veg på vestsida er svært viktig – både vegbane/ grøfter/ føringskanter, og ikkje minst rassikring – med overbygg eller tunnell. Bygging av rasoverbygg i skredløp slik at vegen kan nyttast for vintertilkomst. – Alternativt tunnellar på dei mest problematiske stadene», heiter det i innspelet.
Grunneigarlaget ønskjer også at vegbanen vert utvida, samt forsterkning av vegskulder, grøfter og føringskantar frå Dammen til brua innerst i Valldalen.
Bjørn Honningsvåg, administrerande direktør i Lyse kraft, opplyste i si orientering til Ullensvang-politikarane i fjor haust at vintertilkome til Valldalen er noko dei vurderer. Han la vekt på å få fram at Lyse inviterer til god dialog med vertskommunen, og alt hadde hatt møte og synfaring med grunneigarlaget i Røldal.