Røldal grunneigarlag tysdag 23. februar 2021
Til
Olje- og energidepartementet, v/Olje- og energiminister Tina Bru
Justis- og beredskapsdepartementet
Lovavdelingen v/Ekspedisjonssjef Kjetil Bøe Moen
Spørsmål om rettsgrunnlaget for grunneigarar og vertskommunar
Vi viser til Stortingsdebatten den 18. februar om endring og overføring av konsesjonen for Røldal-Suldal Kraft AS til Lyse Kraft DA.
Vi etterlyser opplysning om rettsgrunnlaget for å kunna stryka «samfunnskontrakten» som er stadfesta ved kongelig resolusjon 21. desember 1962.
Vi meiner grunneigarane og vertskommunane er part i konsesjonen der heimfall var ein vesentlig del av avtalen og grunnlaget for heile kraftutbygginga. Dette er basert på ei juridisk betenkning om vår rettsstilling. Vår rettslige posisjon er tilsidesett i samband med dei lovendringane som er gjennomført og i denne sak. Ved å omgjera konsesjonen for kraftanlegga frå tidsavgrensa til tidsuavgrensa unngår Hydro heimfall til Staten og kommunane Ullensvang og Suldal går glipp av heimfallskraft i strid med forutsetningane. Dette er også til hinder for ei skikkeleg gjennomgang av heile konsesjonen frå fjell til Suldalsvatn.
Vi ønskjer svar på følgjande:
1. Kvifor kan nyare lover få tilbakevirkande kraft ift. kgl. resolusjon?
Heimfall er spesifisert i pkt. 18. og i pkt.19. Reguleringskonsesjonen gjelder for 60 år fra konsesjonens datum. Reguleringskonsesjonen kan ikke overdras.
2. Kvifor kan Hydro få disponera ein eigarpart på ca. 80 % gamle «RSK AS» ?
Iflg. Ot.prp. nr.61 endring av industri-konsesjonsloven (2007 – 2008) side 55 – dagens eier av kraftverket skulle avhende minst 2/3 til det offentlige og sitte igjen som eier av inntil 1/3.
3. Kvifor får ikkje Ullensvang og Suldal kommunar høve til å bli medeigar i kraftanlegga?
Røldal og Ullensvang har ingen relasjon til Lyse Kraft som heller ikkje er offentleg sett i forhold til Ullensvang kommune. ca. 74% av produksjonen til RSK er basert på reguleringsanlegg i Røldal.
Med helsing for Røldal grunneigarlag
Olav S. Rabbe
Vedlegg: Referanser til lovverk NOU 2004
Betenkning v/ advokat Tom Berge
Uttdrag av kgl. konsesjon 21. desember 1962