Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad – 27. januar 2021, kl 04:00 – Skrevet av Roald Aga Haug – ordførar i Ullensvang kommune

MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Under overskrifta “Vi forvalter kraftressursene til fellesskapets beste,” hevdar Adm. dir. Bjørn Honningsvåg, Lyse kraft DA at han skal retta opp missforståingar. Og få fram godt forhold til lokalsamfunn og kommunar.
Etter å ha lese innlegget blir konklusjonen at Honningsvåg/Lyse skapar missforståingar framfor å retta dei opp.
Det vi i dag kjenner som Røldal/Suldal kraft, fekk konsesjon i 1962. Konsesjonen var tidsavgrensa til 60 år, med heimfall til staten i 2022. Fellesskapet skulle overta anlegga vederlagsfritt når perioden for kraftselskapet si “naturleiga” var gjennomført som avtalt. Ved heimfall skulle kommune og region få inntil ein tredel av verdien av kraftverket gjennom “heimfallskraft.” Kommunane ville i praksis fått nær 500 Gigawattimar kraft. Medan fylkeskommunane truleg ville fått noko meir. Litt avhengig av kraftpris har våre barn og barnebarns barnebarn….., tapt enorme verdiar. Tenker vi oss ein raus produksjonskostnad på 11,5 øre og ein salspris på 51,5 øre/kwh i framtida – så har kommunane tapt 200 millionar kroner kvart år til evig tid.
Konsesjonæren fekk i 1962 frie tøyler. Konsesjonen gav dei rett til å:
“Erverve fallrettigheter i Røldal-Suldalsvassdreget m.v. og å foreta regulering i de samme vassdrag samt å rå over alt vanne i vassdragene overfor Suldalsvatn til kraftproduksjon. Videre ble selskapet gitt rett til å innløse fallrettigheter, ekspropriere nødvendig grunn og rettigheter m.v. for utbygging av Røldal-Suldalsvassdraget og å føre elvene ut av de naturlige løp.”
Konsesjonæren fekk gjera som dei ville i Røldal. Det var ein klar ubalanse i maktforholdet mellom innbyggarane/Røldal kommune og Norges mektigste kraftmiljø. Røldalsbygda var eitt nær vinterisolert samfunn som kun hadde hatt innlagt straum sidan 1958. Utbygginga har preg av at lokale interesser ikkje vart ivareteke. Elver vart turrlagde og ført ut av sine naturlege løp. Den store og vakre Valldalen med 18 stølar, som utgjorde ein heilt sentral del av kulturen i Røldal fekk ein enorm demning og 90 meter reguleringshøgd. Husa står der framleis, på botnen. Røldalsvatnet midt i Røldalsbygda vert regulert med 17 meter. Ikkje kvardagskost i norske bustadområder. Fauna og naturverdiar vart tapt. Novlefoss med sitt “brudeslør” og andre fossar vart ikkje berre utbygd, dei vart tørrlagde. Og er framleis fullstendig utan vatn, heile døgnet, heile året. Det er få om nokon utbyggingar som har vore så spesielle og brutale som Røldal/Suldal. Krafta skulle brukast til industriproduksjon på Vestlandet. Som gav forutsigbare tilhøve. Det stabile kraftforbruket gav ei sakte nedtapping. I dag er situasjonen ein annan. Anlegget vert effektkøyrt. Hydro sel kraft når prisen er høgast. Som industrikommune er vi svært opptekne av at krafta vert nytta til industriproduksjon og verdiskaping i nærområda. Vi har levert kraft til tre smelteverk i eigen kommune frå Statkraft sine enorme anlegg i Tyssedal. I dag lyt bedriftane våre skaffa seg kommersielle kontraktar. Vi er stolte over å levera kraft til aluminiumsindustri på Karmøy og har endåtil levert konsesjonskrafta vår til Hydro Husnes. Noko må likevel ligga att i vertskommunane. Det er ikkje sant som det vert hevda, at krafta går rett til industriproduksjonen på Karmøy. Den kan selgast til kven som helst og gjer nye kjempeinntekter til Hydro og Lyse. Profittmåten å driva på gjer at dammane vert regulert langt meir aktivt enn i 1962. Konsekvensen er at dei attverande eigedomane nesten ikkje er mogleg å koma til, store deler av året. Erosjon, utrasing og usikker is på grunn av effektkøyringa, gjer området farlegare og langt mindre tilgjengeleg enn det som var lovnaden og realiteten i dei første tiåra. Den brutale utbygginga som aldri ville blitt akseptert i dag, er blitt verre natur og miljømessig enn meininga var. Samstundes som konsesjonæren nyt godt av auka nedbør og større vasstilsig enn ved utbygginga. NVE har kome fram til at særleg våre trakter kjem til å få ekstra stor auke i nedbørsmengd i framtida. Medan resten av Norge skal forhalda seg til 20- 40% auke, har dei kome fram til at hjå oss vert det 50% auke. Noko som gjer glimrande omsetningsauke for Lyse/Hydro. Og som bør kunna bidra til minstevassføringar og miljøforbetringar utan at selskapa treng bekymra seg for innteninga.
Lyse har søkt om å få vidareføra konsesjonen på desse vilkåra. Ein har søkt om å gjera om den tidsbegrensa “leigeavtalen” av naturinngrepa om til evigvarande eige. Utan kompensasjon og utan nødvendige miljøforbetringar. Det er positivt at direktøren no skriv i avisa at ein er innstilt på nye vilkår. Og at ein vil koma kommunane i møte. Då er mitt forslag enkelt; send inn ny søknad, der det vert gjort klart at de er samde i kommunane sitt krav. Så enkelt er det. Vi kan ikkje forhalda oss til uforpliktande og missvisande lesarinnlegg. Eitt godt samarbeid med kommunane krever at Lyse formaliserer den semja det no vert hevda at ein har. Tvert om driv Lyse aktiv lobbyverksemd overfor Storting og regjering for å undergrava kommunane sine interesser. Slik Hydro også har brukt enorm innsats dei siste 30 åra på å koma seg unna heimfallet. Det var jo tross alt Hydro som stemna det norske heimfallsinstituttet inn for ESA. Og som var premissleverandør for at løysinga ein endte opp med var den mest uheldige for fellesskapet. Fellesskapet som direktøren hevdar å arbeida for. Heimfallet skulle tilfalla fellesskapet ved staten. Samt at fylkeskommunar og kommunar skulle få sin rettmessige andel av utbygginga etter 60 år.
Konsesjonæren har gitt uttrykk for at dei kan vera med på tiltak, men ingen tiltak som påverkar vasstraumar, reguleringshøgder mv. Då er det sterkt avgrensa kva natur og miljøforbetringar det er rom for.
Når ein ikkje kan kompensera dei enorme inngrepa i vesentleg grad står det att å “gje eitt plaster på såret” i form av næringsfond. Også her kjem direktøren med missvisande informasjon. Han påstår det ikkje er heimel for næringsfond. Det er feil. Det er grunnlag for næringsfond. Riktignok har departementet, utan støtte i Stortinget tolka seg fram til at det må føreligga “spesielle tilhøve.” Og miljøulemper er nevnt. Om ikkje det er spesielle nok tilhøve i Røldal-Suldal så må vi undra oss på kva som skal til. Det er vel få om nokon anlegg som har så store konsekvensar for naturmiljø og lokalsamfunn. Samstundes har Lyse/Hydro sikra seg eigarskapet til 3,2 Twh til evig tid. Ei verdiskaping i år på om lag tusen millionar kroner. Konsesjonæren har tidlegare unngått vilkår og miljøforbetringar ved å visa til at det vert heimfall i 2022, og såleis kunna driva i 60 år på forelda miljøkrav.
Det er to ting Lyse bør formidla til Stortinget;
1. Vi er samd med kommunane i at alle vilkår må vurderast på ny i ny konsesjon.
2. Det vert ytt eitt betydeleg næringsfond på ein rimeleg andel av verdiskapinga.
Ingen av tiltaka vil belasta rekneskapen til Lyse/Hydro. Men det er viktig at dei “ser oss” og kjem i reelle forhandlingar om forbetringar. I dag mottek ikkje kommunane meir enn det konsesjonæren er pålagt. Kraftbransjen generelt arbeider målretta for å redusera kommunane sine inntekter av naturinngrepa. Vi ønsker ein tett dialog der vi løfter i lag overfor myndigheitene og gjerne at konsesjonærane er med å argumentera for at kommunane beheld alle naturressursinntekter. Slik er det ikkje i dag. Så skal vi som vertskap og industrikommune løfta fram selskapa sine interesser.
Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad – 27. januar 2021, kl 04:00 – Skrevet av Roald Aga Haug – ordførar i Ullensvang kommune