Skrevet av Sigmund Hansen – Haugesunds Avid, 9. februar 2021

Røldal-Suldal Kraft A/S skal prioriterast i køen framfor andre kraftanlegg når det gjeld ein revisjon av vilkåra.
OSLO/RØLDAL: Stortinget ber Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å vurdera «spesielle omsyn», som etter lova gjer det mogeleg at vertskommunar, grunneigarar og kraftbygdene Røldal og Suldal får meir tilbake frå drifta av desse enorme kraftanlegga.
Det kan bli aktuelt å auka eksisterande næringsfond og det kan opnast for at nye, spesielle næringsfond, for eksempel til fremje av fiske og turisme, kan bli stifta.
Dette seier eit stort fleirtal i Stortingets energi- og miljøkomite då dei i dag la fram saka for Stortinget. Bak står Høgre, Ap, Frp, V og KrF.
– Ein skikkeleg prosess
– Fleirtalet peikar på ei rad konkrete saker som må takast opp i vilkårsrevisjonen som NVE skal utføra. Me nemner veg- og vinterferdsel i Valldalen, vasslepp om sommaren i Novlefoss, vasstand i Røldalsvatnet og Valldalen og tiltak som handlar om fiske og flaumforhold i tilløpselvane til Suldalsvatnet, seier saksordførar for saka, Liv Kari Eskeland (H).
Ho understrekar at det er NVE, ikkje Stortinget, som skal saksbehandla revisjonen, men at stortingsfleirtalet er oppteken av det ho kallar «ein skikkeleg prosess».
Ruth Grung (Ap) seier det er viktig at eit breitt politisk fleirtal også ber om at NVE må vurdera om det i denne saka ligg «spesielle omsyn» som sikrar at vertskommunane kjem best mogeleg ut av denne revisjonen.
Grung antydar at eit tenkeleg resultat av revisjonen kan bli at næringsfonda som i dag eksisterer «kan bli plussa på».
Venstres Ketil Kjenseth seier det også kan bli oppretta nye økonomiske fond, for eksempel eit fond som har fiskeformål.
Terje Halleland (Frp) seier komiteen har merka seg at begeistringa for korleis Hydro har utøvd sitt ansvar på, er heller liten i dei berørte bygdene og vertskommunane.
Han trur Lyse Kraft DA ønskjer å betra forholda til lokalsamfunna. Halleland meiner også at det er ein god del «urimelegheiter» i dei snart 60 år gamle konsesjonsvilkåra som er modne for revisjon snarast.
SP lovar omkamp
Ole André Myhrvold (Sp) går ikkje med på at dei har tapt RSK-saka.
– Me registrerer at fleirtalet går for revisjon, medan Sp ville ha heilt ny behandling av konsesjonsvilkåra. Me meiner det ville gitt meir rettferdig behandling av bygdene som er direkte berørt. Forhåpentlegvis får me eit regjeringsskifte til hausten og då kan det koma ein omkamp i denne saka, seier Myhrvold.
– I alle fall ein ny omgang der me kjempar for betre oppretting av dei inngrepa Røldal-Suldal Kraft gjorde for snart 60 år sidan. Han er glad for at både SV og MDG støttar Sp i denne saka.
– Eit steg vidare
Adm.dir. i Lyse Kraft DA, Bjørn Honningsvåg, ser fram til at vilkårsrevisjonen kan koma i gang. Han har godt håp om at dette kan bli ein god prosess, også for vertskommunane og lokale interesser. Han ser fram til ein konstruktiv dialog i revisjonsprosessen.
Han ønskjer ikkje å spekulera i om revisjonen blir dyr for selskapet.
– Eg ventar meg ein kunnskapsbasert vilkårsrevisjon som konsesjonsstyresmaktene gjennomfører etter at RSK-konsesjonen er omgjort til bli tidsuavhengig, seier Honningsvåg.
– Betre enn frykta
Ullensvangordførar Roald Aga Haug (Ap) seier han er glad for at Ap i komiteen tydeleg har klart å trekkja dei borgarlege meir i retning av eit kompromiss der det er tydeleg aksept for at «spesielle forhold», som dei skriv i komiteinnstillinga, kan gje vertskommunar og bygder større og/eller nye næringsfond.
– No, når me ikkje vann fram med vårt fremste krav om ny konsesjonsbehandling, ventar det oss hardt arbeid med å spela inn våre krav under revisjonsprosessen og sikra skikkelege næringsfond, seier ordførar Aga Haug.
– Baklengs inn i framtida
– Å vidareføra dette kraftanlegget utan vesentlege endringar, er som å gå baklengs inn i framtida. At eit politisk fleirtal kan nøya seg med den mindre inngripande vilkårsrevisjonen, i staden for ny konsesjonsbehandling av heile dette gamle og grove Røldal-Suldal Kraftanlegget, er kjempeskuffande.
Leiar i Røldal grunneigarlag, Olav Rabbe, kallar RSK for eit så miljøfiendtleg anlegg at det aldri ville vorte godkjent av EU som berekraftig i dag.
Skrevet av Sigmund Hansen – Haugesunds Avid, 9. februar 2021