
Skrevet av Helleik Rabbe, Røldøling – 02. februar 2021
Kvifor er Hydro/Lyse så redde å få fornying av konsesjon (ikkje revisjon), slik at dei kan rydda opp i dei største skadene for Røldal??
Hydro/Lyse har søknad inne om å overta selskapet med uendra konsesjon.
Dei har endå ikkje sendt inn ny søknad, Lyse DA har då mulighet til å endra den til «søknad om ny konsesjon».
Brevet Hydro sende til Rogaland fylkeskommune datert 31.12.2014 er ei gåte, her drøfter dei vassdragskonsesjonen for Røldal-Suldal og konkluderer med at fornya konsesjon må til.
Dei skriv og at søknad må være inne 5 år før konsesjonen går ut. Dette er ikkje overhalde. Kva skal vi då med lovverk, dersom Hydro, sammen med OED kan prøva kjøra gjennom ein slik prosess på 3 til 4 mnd??? Det var kun Dokument 8:82 S (2020-2021) 11.12.2020 i stortinget som stoppa dette.
Vert denne saka fremja for EU, så kan eg ikkje tru at dette blir godkjent som bærekraftig Grønn energi når vi ser kva EU legg til grunn som bærekraftig.
Anlegget tilfredstillar heller ikkje vår nye vannressurslov.
Kan nevna nokre viktige ting for Røldal som bør endrast:
Frostrøyken i bygda,
Fullt Røldalsvatn frå 01. juni kvart år / Høgare LRV,
Sikker vei til Valdalen på begge sider heile året,
Ny kontrakt for bykslinga av eigedommane som Hydro har disponert i snart 60 år.
Auka dagens Næringsfond til dagens kjøpekraft med årlig justering i forhold til konsumprisindeksen. Husk næringsfondet er kompensasjon for tapte næringsarealer.
Auka dagens Næringsfond til dagens kjøpekraft med årlig justering i forhold til konsumprisindeksen. Husk næringsfondet er kompensasjon for tapte næringsarealer.
Kan og nevna det Hydro / Lyse heile tida henviser til «hemmelig» Miljørapport:
• Hydro har laga ein Miljørapport for RSK-anlegga
• Kvifor vart miljørapporten hemmelighalden til 15 august i 2020 og
opererte med svært korte frister vidare?
• Er det greit at eit privat selskap sjølv kjører miljørapport ? Er det ikke vanlig at slike prosessar skal kjørast som opne prosessar?
• Må ikkje alle berørte parter får koma med sine synspunkter?
• Må ikkje alle innspel vera dokumentert og refert i rapporten?
• Er det greit at viktige innspel til rapporten ikkje blir tekne med?
• Er det greit at store utfordringar blir forbigått med ein liten notis (Valdalen)?
• Er det greit med ingen forslag til problemløysingar eller vilje til prosess eller tiltak?
• Er det greit at folk blir referert til som bidragsytarar utan at deira syn har kome inn i rapporten?
• Kvifor blir ikkje ein slik rapport sendt som kopi til dei som står på bidragslista?
• Har Lyse ei formeining om kvifor Hydro har ei heilt anna oppfatning av samarbeidet med kommunane enn det kommunane sjølve indikerar i avisene?
Skrevet av Helleik Rabbe, Røldøling – 02. februar 2021