offentleg eigarskap – fellesskapet
Det offentlege er etter mine begrep bygd opp i tre nivå:
kommune, fylke, stat.
Eit vanleg omgrep for det offentlege er «fellesskapet» – dette betyr at ein har noko felles.
Kommunen er eit fellesskap, fylket er eit større fellesskap,
og staten er det største fellesskapet – altså ein hierarkisk oppbygging.
Ein kommune i Nord-Norge er ikkje det same fellesskapet som ein kommune på Sørlandet.
Lyse Kraft er eit selskap eigd av 14 kommunar på Jæren. Dette er eit anna fellesskap enn
kommunane Ullensvang og Suldal.
Det er derfor meiningslaust å fortelja at kraftinntektene kjem fellesskapet til gode.
Realiteten er at eit rikt «fellesskap» forsyner seg av rikdomen til eit anna,
mykje fattigare «fellesskap». At dette er tenkt skal vara til evig tid, er heilt absurd!
Dette er omvendt Robin Hood-politikk og kan ikkje definerast som «offentleg eigarskap».
Bergen/ Røldal 27.01.21
Sondof Rabbe