Artikkel fra Haugesunds Avis 21. januar 2021, kl 11:14 – Skrevet av Sigmund Hansen

Heine Eikemo, Røldal underskriv med «ålmen brukar» i sitt høyringsbrev til Stortingets energi- og miljøkomite om Røldal-Suldal Kraft. Foto: Privat foto
Heine Eikemo, Røldal underskriv med «ålmen brukar» i sitt høyringsbrev til Stortingets energi- og miljøkomite om Røldal-Suldal Kraft. Foto: Privat foto

Dei skriftlege innspela til Stortingets energi- og miljøkomite om korleis framtida skal organiserast for Røldal-Suldal Kraft er uvanleg mange. Over 30 er kommen inn. Og dei spriker.

ULLENSVANG: Høyringssvara kjem frå Hydro, Lyse, vertskommunane Ullensvang og Suldal, frå fagforeiningar, miljøorganisasjonar og interesseforeiningar lokalt og nasjonalt – og dei kjem frå engasjerte røldølar.

– Røldal har blødd i tre generasjonar, hevdar Røldal grunneigarlag.

Dei krev ny konsesjonsbehandling om alt frå miljøtiltak til økonomisk kompensasjon for vertskommunar, lokalsamfunn og private grunneigarar.

– Er det verkeleg naturleg at vilkår frå tidleg 1960-tal skal gjelda lenger enn konsesjonen var laga for, nemleg 60 år med etterfølgjande heimfall av heile anlegga til staten? spør leiar i grunneigarlaget Olav Rabbe.

Haugesunds Avis har lest igjennom dei skriftlege kommentarane til stortingskomiteen.

Det nye fellesselskapet, Lyse Kraft DA, med Lyse som hovudeigar og Hydro med sine 25,6 prosent, får driva vidare – «tidsubegrensa» – stort sett på same vilkår som i dag, men med rom for visse revisjonar av konsesjonskrava.

Einaste løysing er tunnel

– Det er heilt uakseptabelt å driva vidare med dagens konsesjonsvilkår. Her er overhengande rasfare sommar som vinter. Valldalsvegen er i ein elendig forfatning, og har truleg ikkje vore undersøkt av geolog nokon gong. Einaste løysinga er tunnel, i alle høve frå Hyttejuvet (Øverlandsstølen) til Grytingsstøl, seier Heine Eikemo.

Han har skrive til Stortinget om dette.

Sjølv om Hydro gav denne vegen til dåverande Odda kommune, har selskapet etter konsesjonen ansvar for at grunneigarar og turistar har tilgang til Hardangervidda og eigedomane sine heile året.

Sjølv blir Eikemo engasjert med forskjellige transportoppdrag, mellom anna til turistforeininga si hytte inst i Valldalen, Middalsbu. Han er i Valldalen til alle årstider.

Han underskriv med «ålmen brukar» i sitt brev til energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Han fortel at etter at Hydro starta med børsavhengig tapping av vassmagasina, på 1990-talet – det vil seia å køyra vatnet ned i rykk og napp ettersom prisane er gode – har isen over Valldalsdammen i praksis vore ubrukeleg som innfartsveg til dalen vinterstid.

Fleire nesten-ulykker

Vinteren 2018/19 var isen sikker i tre dagar. Vinteren 2019/20 var talet på sikre isdagar null. Hydro lagar ei alternativ snøscooterløype over Nuten og ned Tjødnalstølsskar.

– Men ingen av vegane er trygge. Av mangel på trygg tilførselsveg vel folk å setja livet på spel. Og dette er det ikkje teke høgde for i dagens konsesjon, hevdar Eikemo.

– Berre dei to siste vintersesongane har eg vore i nærkontakt med tre nesten-ulykker, der det berre var flaks som gjorde at det ikkje gjekk liv med, fortel Heine Eikemo.

Han skriv til Stortinget at han kjenner seg ikkje trygg for at Hydro Energi korkje kjenner til eller registrerer slike hendingar.

– Kva var det som skjedde?

– 19. februar 2020 kom eit følgje skituristar or Vidda og til Middalsbu. Dei fann ein stad med mobilsamband og ringde meg og sa dei var slitne og spurde om eg kunne henta dei. Eg forklarte dei at det ikkje var framkomeleg. Isen var farleg og det var overhengande rasfare, både på vatnet og i den alternative løypa. Dessutan har ikkje eg løyve for persontransport. Eg anbefalte dei å ta inn på Middalsbu og overnatta der og venta til rasfaren minka – og så gå Tjødnastølsløypa. Denne løypa er lengre og mykje tyngre, fortel han.

SKRIV TIL STORTINGET: Heine Eikemo, Røldal underskriv med «ålmen brukar» i sitt høyringsbrev til Stortingets energi- og miljøkomite om Røldal-Suldal Kraft. Foto: Privat foto

Velta med snøscooter

– Dei sa dei måtte heim. Kombinert med dårleg mobildekning og at dei fortalde at dei hadde lite straum på mobilane, lova dei likevel å halda meg underretta – uansett kva dei fann på. Så ringde eg og varsla politiet om at dei måtte førebu seg på ein hjelpeaksjon. Så gjekk det nokre timar og turistane ringde, frå sentrum her i Røldal. Eg var sikker på at dei måtte ha fått nokon andre til å henta seg med snøscooter via Tjødnastøl og høgdene. Men nei, dei hadde gått over vatnet, seier Eikemo.

Eikemo sa frå at det var livsfarleg. Følget hadde fortalt at dei gjekk langs land.

– Der var det endå farlegare, med både rasfare og usynlege hol i isen etter tapping, svara eg, fortel Eikemo.

18. april 2020 kom ein snøscooter køyrande i den bratte løypa i Tjødnastølslia, som er Hydro si alternative snøscooterløype når isen ikkje held. Mildvêr hadde slått over til is i scootertraseen.

Scooteren velta og føraren vart liggjande skadd med scooteren over seg.

– Heldigvis hadde han med seg ein kar på sleden, og han fekk velta vekk snøscooteren og berga mannen. Det er forresten heller ikkje mobilsamband i denne delen av dalen. Hadde føraren vore åleine på scooteren, kunne dette gått heilt gale, fortel Eikemo.

– Kunne enda i elvejuvet

20. april 2019 gleid ein av to turistar med pulk utfor vegen mellom Middalsbu og Valldalseter. Heldigvis klarte mannen å løysa ut pulken før han sjølv blei med ned i elvejuvet.

To timar seinare kom ytterlegare to skituristar som følgde skisporet. Også dei utsette seg sjølv for fare og kunne lett ha enda i elvejuvet. I dette elvejuvet omkom ei ung jente som for utfor vegen på same staden på 1970-talet.

Denne vegen bygde Hydro under anleggstida. Det er sett opp nokre stabbesteinar for sommartrafikken. Problemet er at denne vegen kan ein lasta opp på dagens mobiltelefonar som eit løypealternativ også om vinteren. Men då er vegen livsfarleg for skituristar.

Eikemo understrekar at det ikkje er hans meining å skulda på Hydrotilsette. Dei gjer sin jobb.

– Skulda må leggjast på konsesjonsvilkår som for lengst er innhenta av tida me er i – og vilkåra må gjennomgå full revisjon, krev han.

HELD PÅ Å DRUKNE UNDER ISEN: Pensjonsert damvoktar Nils Tveito i Røldal fortel stortingskomiteen om sine røynsler frå Valldalen. Foto: Privat foto

– Kunne enda mine dagar

Pensjonert damvaktar Nils Tveito skriv til stortingskomiteen både om dei fire belgiske turistane som nær vart tekne av snøras medan dei gjekk på Valldalsvatnet 18. januar 1990, og om ulykka innom Valldalsseter der ei kvinne på 21 år rant utfor anleggsvegen og ned i eit juv i Middalselva og omkom.

– Valldalen var min største utfordring i alle år. 26. april 1987 held eg på å enda mine dagar, skriv Tveito.

Han fortel:

– Ved nedtapping oppstår store, farlege sprekker og holrom under isflaka. I ei brattisskråning måtte eg gå på nedsida av snøscooteren for å støtta han mot velt. Der trefte eg eit holrom og sokk beint ned. Som eit under nådde føtene mine isflaket som låg i skråninga og ryggen min stoppa mot iskanten. Men ikkje nok med det: Snøscooteren gleid ned på meg der eg sto i vatnet til halsen. Eg måtte bruka all mi kraft for å halda scooteren ifrå meg. Han som var med meg, fekk då løyst snøkjøretauet og sett det fast midt på scooteren slik at eg fekk koma meg opp. Det var ein lærerik oppleving, skriv damvaktar Tveito i si høyringsuttale.

Eit traume for bygda

Lars O. Seim, som også er kommunepolitikar for Sp i Ullensvang kommunestyre, påstår i sin høyringsuttale at «påstanden om at dette er eit industripolitisk grep for å sikra Karmøy Fabrikker straum er ein bløff som Hydro/Lyse vil at politikarane skal bita på».

– Heilt sidan 1990-talet har Hydro kjøpt straum i marknaden på langsiktige avtaler til sine aluminiumsverk – og så blir straumen frå Røldal- og Suldals-området seld i marknaden til best mogeleg pris, skriv Seim, og krev «ein fullverdig, fornya konsesjonsprosess» før konsesjonen blir overdratt til det nye selskapet, Lyse Kraft DA.

Han sluttar høyringsuttalen sin slik:

– Bygda kan ikkje bli som før, men det kan vera ein aksept for at storsamfunnet gjekk for langt i 1962. No har Stortinget ein sjanse til å retta opp att noko av den traumen som blei påført Røldal.

«PÅFØRT EIT TRAUME»: Lars O. Seim, Røldal er Sp-politikar i Ullensvang kommunestyre og har skreve eigen høyringsuttale til Stortinget der han krev «fullverdig, fornya konsesjonsprosess» for Røldal-Suldal Kraft. Foto: Privat foto

Alf Medhus, ein annan kjent røldøl, skriv i sin uttale at «det skulle ikkje vera for mykje å be om at Hydro blir pålagt å søka om ny konsesjon etter 60 års drift og god avkastning. Dei som i si tid stod for lova om heimfallsretten, hadde nok snudd seg i grava».

Den nyleg pensjonerte Suldal-rådmannen Øyvind Valen protesterer på at kommunikasjonen mellom Hydro og kommunane har vore god.

– Vår erfaring med Hydro er at dei gjerne vil ha vår kunnskap og vår meining, men at dei i svært liten grad vil gjera tiltak. Dessutan har Hydro bede kommunane om utsetjing av ei rad tiltak me har etterlyst og då har dei vist desse tiltaka til det skulle forhandlast om ny konsesjon. Nå vil dei halda fram «på uendra vilkår» og med konsesjonen omgjort til «tidsubegrensa» – det vil seia evig tid. I beste fall er brevet frå Hydro ubevisst misvisande i forhold til dialogen med kommunen, heiter det i ein uttale frå eks-suldalrådmannen.

Artikkel fra Haugesunds Avis 21. januar 2021, kl 11:14 – Skrevet av Sigmund Hansen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..