Valdalen i Røldal har vore stølsdal i uminnelege tider og grunneigarlaget har eit sterkt ønskje om igjen å få definert dalen til stølsdal.

Fylkestinga for Vestland og Vestfold-Telemark har no gjort vedtak i samsvar med innstillinga om rullering av Regionplan for Hardangervidda.
Det gjenstår eit tilsvarande vedtak i fylkestinget for Viken.

Harald H Kvaalen frå Haukeli driv aktivt med misvisande informasjon om Valdalen, spesielt påstår han at grunneigarane i Røldal skal ha planar om hyttebygging i Valdalen – dette er direkte lygn. Det er svært leit at slike misvisande argument blir tekne oppatt og oppatt.

Kvaalen påstår også at dei lågtliggjande areala i Valdalen er viktige for reinsdyra, og at definisjonen villreinområde ikkje er til hinder for stølsdrift. Dette stemmer ikkje.
Kvaalen er godt kjent med at det er strenge retningslinjer for dei ulike arealsonene i regionalplanen, noko som i praksis set stopp for all næringsutvikling i nasjonalt villreinområde. Planen har i grove trekk lagt opp til ei regulering som ligg svært nært og tildels strengare enn for Hardangervidda nasjonalpark.

Det er nettopp med bakgrunn i målsettinga med planen det er funne nødvendig å oppretta ulike arealsoner.

Regionalplanen for Hardangervidda 2019 – 2035, har som overordna mål:
• å sikra villreinen tilstrekkelig leveområde og langsiktig gode livsvilkår.
• å sikra lokalsamfunna rundt Hardangervidda gode tilhøve for næring- og bygdeutvikling.
• å leggja til rette for friluftsliv og naturbasert næringsliv.

Kulturlandskapet
Det einaste som kan berga det verdifulle kulturlandskapet i eit lengre perspektiv er aktiv bruk.
Kraftig tilvekst av ny skog pregar landskapet i store deler av Røldal og Valdalen.
Røldal Grunneigarlag har eit sterkt ynskje om igjen å få definert heile dalen nord for dammen som stølsdal. Dette for å sikra at arbeid og investeringar som er lagt ned i eigedomane kjem til nytte og for å sikra at framtidige generasjonar ser seg mon i å vidareutvikla og ta vare på eigedomane og kulturlandskapet.

Grunneigarlaget ønskte stølsdal-definisjon for alle eigedomar nord for Haukelivegen opp til kote 1000 moh. slik at dei aller fleste stølane kunne bli omfatta.
Hardangerviddarådet vedtok ei instilling om at begge sider av Valdalen opp til kote 900 moh. skal vera stølsdal. Dette må vi akseptera, grensa for areal som blir tildelt jaktkort går også på kote 900 moh. Då høgste regulerte nivå for Valdalsmagasinet er på kote 745 moh., blir det eit relativt lite areal på 155 høgdemeter rundt vatnet som får endra status til stølsdal.

Villreinenens leveområde
Både eldre og nyare dokumentasjon og forskning er enige om at fjella nær og aust for Valdalen er vår- og sommarbeite for reinen. (referanse; Hardangervidda NOU 1974 Samordna Plan
Hardangervidda)
Oftast er det reine bukkeflokkar som beiter her i dei høgste fjella på Hardangervidda.
Tidleg om våren hender det sporadisk at dyra kjem ned under tregrensa, som her ligg på mellom 900 og 1000 meter over havet. Dette skjer av og til og i praksis blir det i den perioden dalen er utilgjengeleg for folk, pga. dårleg is på vatnet og før bilvegen er opna for ferdsel. Om sommaren beiter reinen høgt til fjells. Det er difor ingen konflikt mellom villreinen og bruken av stølsområda nede i dalen.

Hyttebygging
Enkelte hevdar det er risikabelt å definera Valdalen som stølsdal fordi det då vil opna opp for hyttebygging nær villreinområdet. Når ein spør om kvifor dei meiner dette, blir det vist til utviklinga i Vinje, Eidfjord og andre stader der store hyttefelt er blitt etablert tildels over tregrensa og dermed har “stole” av villreinen sitt leveområde. Mange meiner også at ved å nekte at Valdalen skal vera stølsdal kan Røldal kompensera for arealer som er tapt på andre deler av Hardangervidda.
Dette argumentet er heilt urimeleg og urealistisk for Valdalen.
Dei fleste stølane i Valdalen vart neddemt i 1966 då det vart bygd ein stor fyllingsdam i Hyttejuvet der dalen er smalast. Det er eigedomane nord for denne dammen som i all hovedsak er blitt diskutert i samband med reinen sitt leveområde. Denne delen av Valdalen er lite tilgjengeleg og tildels heilt avstengt halve året. I tillegg er det få område som er egna for hyttebygging pga. rasfare om vinteren og vanskeleg adkomst. Bilvegen på vestsida av magasinet er normalt farbar frå juni til oktober/november. Om vintrane er vegtraseen for farleg å ferdast på og på det store og djupe magasinet er det ofte sein islegging og relativt få dagar med trygg is.
Vinteren 2019 var isen godkjent for ferdsel i under ei veka, for 2020 sesongen ingen farbar is.
Det finst ingen planar for hyttebygging rundt Valdalsmagasinet og det vil uansett ikkje vera økonomisk realiserbart, kven vil kjøpa hyttetomt i eit område med så kort brukstid og der det manglar elektrisitet. Dessutan er heile dalen definert som LNF område. Historikken viser at interessa for hyttebygging er minimal og at kommunen har avvist hyttesøknadar som har kome inn dei siste 30-40 åra. Ein har altså allereie eit planverk som hindrar utbygging og det er difor ei total avsporing å påstå at ein har behov for å opprette eit kunstig villreinområde her for å verne området mot grunneigarane.

Valdalen skal vera stølsdal på begge sider opp til 900 moh.
Innstillinga frå Hardangerviddarådet den 19.09.2919 er i samsvar med intensjonen med regionalplanen for Hardangervidda. Vi meiner dette vil vera det beste både for reinen og Røldal, slik at bygda kan få utvikla nærings- og friluftsinteresser.
Det er verdt å merkja seg at dette er ein liten del av Valdalen rundt Valdalsmagasinet som for det meste har bratte dalsider frå kote 745 altså kun 155 høgdemeter rundt det kunstige Valdalsmagasinet.


Røldal Grunneigarlag
Olav S. Rabbe, leiar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..