Skrevet av Sigmund Hansen – Publisert i Haugesunds Avis 25. februar 2021 kl 11:44

DCIM\100MEDIA\DJI_0052.JPG
INGEN FARBAR VEG: I Valldalen var grunneigarar lova farbar ferdsle heile året. Her er situasjonen i denne veka: Blåis og vatn gjer snøscooterløypa over Valldalsvatnet umuleg. Vidare er snøscooterløypa over nutane inn til Grytingsstøl uframkomeleg og rasfarleg. Vegen (til venstre på bildet) er stengt heile vinteren. Foto: Privat foto

Ullensvang og Suldal kommunar er ikkje nøgde med å tapa 200 millionar kroner i året. Eit politisk fleirtal til deira gunst kan gi dei eit næringsfond som er vesentleg større enn dagens.

ULLENSVANG: Sjølv om dei politiske partia spriker i synet på krafteigarskap og fordeling av kraftmilliardane mellom selskap, vertskommunar og lokalsamfunn, viste debatten i stortingssalen for nokre dagar sidan fleirtal for at konsesjonssaka om Røldal-Suldal Kraft (RSK) kan behandlast som ei sak der det ligg føre spesielle omsyn.

Men olje- og energiminister Tina Bru (H) seier til Haugesunds Avis at departementet først skal behandla søknaden frå Lyse Kraft DA om å få omgjort vilkåra for tidsavgrensing og heimfall. Ei omgjering (til evig tid) av RSK-konsesjonen vil vera klar i løpet av våren.https://e8d0fd4a8430c6e2865083e3bd24e46a.safeframe.googlesyndication.com/safeframe/1-0-37/html/container.html

– Så snart departementet har behandla denne søknaden, vil Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) setja i gong revisjonen av konsesjonsvilkåra, seier Bru.

Det er først i revisjonssaka at NVE vil vurdera om det ligg føre spesielle omsyn i RSK-saka.

I Stortinget tysdag stemte Sp, SV og MDG for eit forslag som ville medført heilt ny konsesjonsbehandling.

Fleirtalet (Ap, Frp og regjeringspartia) bad regjeringa prioritera ein vilkårsrevisjon av desse anlegga, og sjå til om det «på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller andre økonomiske vilkår, basert på eksisterande praksis og retningslinjer».

DETTE ER STRIDEN OM KRAFTKRONENE

  • Frå 1. januar 2021 var det slutt på at Hydro eig dei vannkraftanlegga som produserer straum frå Valldalen i Røldal til Nesflaten i Øvre Suldal; Røldal-Suldal Kraft (RSK).
  • Konsesjonen skulle automatisk bli overført til staten som følge av reglane om heimfall til staten, 60 år etter etableringa av RSK.
  • I 2008 endra Stortinget reglane for heimfall, slik at private konsesjonar ikkje lenger automatisk blir overført til staten, men kunne bli kjøpt av offentlege selskap. Private kan være minoritetseigarar.
  • I oktober 2020 slo Hydro og Lyse saman vasskraftproduksjonen sin for å skape ein sterke felles kraftaktør; Lyse Kraft DA.
  • Anlegga produserer 3,21 TWh i straum i året, noko som i eit godt straumpris-år tilsvarar ein verdi på om lag 1,5 milliarder kroner. Mengden tilsvarar 1/3 av Oslos forbruk av elektrisk energi kvart år.
  • Konsesjonen som Lyse Kraft DA no har, blir såkalt tidsuavgrensa. Suldal og Ullensvang kommunar ønskjer at vilkåra for konsesjonen må opp til fornya behandling før regjeringen godkjenn at Lyse Kraft DA overtek konsesjonen. Dei ønskjer ei mykje betre økonomisk avtale enn den gamle frå 1962.
  • Også grunneigarar i RSK krever meir penger. I dag får dei knapt 200 private grunneigarane årleg utbetalt tilsaman 4,8 millioner kroner for ulike praktiske ulemper dei har fått etter kraftutbygginga for snart 60 år sidan.

Delvis nøgd

Ordførar Roald Aga Haug (Ap) understrekar at Ullensvang og Suldal kommunar ikkje kan vera nøgde med å tapa 200 millionar kroner i året – som dei ville fått ved det som var eit planlagd heimfall i 2022, og ein tredel av kraftmengdene etter konsesjonsavtalen frå 1962.

– Men arbeidet som mange har gjort for å belysa kor viktig det er å fornya vilkåra for den snart 60-årige RSK-konsesjonen, og særleg den breie forståinga i Stortinget for at det i denne saka ligg føre spesielle omsyn, har sett vertskommunar og lokalsamfunn i ei betre stilling enn me hadde før Stortinget drøfta saka, meiner han.

Aga Haug seier det er umogeleg å kompensera mange av naturinngrepa fullt ut. Dermed kjem spørsmålet om annan, økonomisk kompensasjon inn med full tyngde.

– Eg har samanlikna med ei revisjonssak frå Arendalsvassdraget. Der fekk lokalsamfunnet eit næringsfond som i dag er inflasjonsjustert til 97 millionar kroner. Skulle eit tilsvarande fond etablerast for Røldal-Suldal, som er eit mykje større kraftanlegg, ville eit næringsfond liggja på 200 millionar kroner. I dag får Røldal 250.000 og Suldal 250.000 kroner i kvar sine næringsfond, fortel han.

Sprik på Tinget

Saksordførar Liv Kari Eskeland (H) frå Stord sa i debatten at Stortinget, etter dei nye lovene frå 2008 som Stoltenbergs rød-grøne regjering sto bak, ikkje har heimel for å krevja fornya konsesjon når Røldal-Suldal Kraft A/S skal overdragast til Lyse Kraft DA.

Men fleirtalet i miljø- og energikomiteen ber om at det i revisjonen av konsesjonsvilkåra blir vurdert om det i RSK-saka er spesielle omsyn. Dette er formuleringa som tidlegare har opna for mellom anna næringsfond etter revisjon av kraftanlegg.

Eskeland fortalde om et sterkt lokalt engasjement. Ho var trygg på at revisjonen ville gje gode løysningar også for lokale interesser, kommunar og industrien som treng kraft.

– Ingen som har vore i Valldalen kan seia noko anna enn at dette er eit spesielt tilfelle, sa Nils T. Bjørke (Sp).

Ruth Grung (Ap) sa at det ligg 40 kraftsaker i revisjonskø hos NVE, men at RSK-saka er så stor at ho må prioriterast.

Ho oppfordra Lyse Kraft til å koma lokalsamfunna i møte, gjera noko på eige initiativ. Grung meinte eit næringsfond måtte vurderast.

– For i RSK-saka gjeld spesielle omsyn, sa ho.

Hydrogevinst på 5,3 milliardar kr

«Som en følge av Lyse Kraft-transaksjonen ble det bokført en gevinst på 5,3 milliardar kroner i fjerde kvartal 2020», skriv Hydro i si melding for fjerde kvartal. Resultatet etter skatt for heile 2020 utgjorde nær 7,3 milliardar – mesteparten frå Lysetransaksjonen.

Adm.dir. Bjørn Honningsvåg i det nye selskapet med Lyse og Hydro som eigarar, Lyse Kraft DA, seier: – Me kan ikkje uttala oss om Lyse sine resultat for 2020 og effekten transaksjonen med Hydro har før våre rekneskap blir offentleggjort i slutten av mars.

Lyse og Hydro samla ein stor del av kraftproduksjonen sin i selskapet Lyse Kraft DA frå 31. desember 2020.

Men i skrivande stund har ikkje Olje- og energidepartementet godkjent søknaden frå Lyse og Hydro om å få omgjort konsensjonen for Røldal-Suldal Kraft.

Ventar full gjennomgang

Ole André Myhrvold (Sp) spurte Tina Bru om ho ville beklaga sin uttale til Haugesunds Avis om at vertskommunar og lokalsamfunn hadde kom godt ut av Røldal-Suldal Kraftsaka.

Bru repliserte at ho ikkje hadde karakterisert lokalsamfunna Røldal og Suldal, men ho meinte kraftkommunar generelt kom godt ut av det.

Så la ho til at det finst ei opning for å sjå på økonomisk kompensasjon ved revisjon av kraftkonsesjonar, men at det har vore ein restriktiv praksis.

– RSK-revisjonen må utanom ein ordinær revisjonskø hos NVE. Den må prioriterast. Her er mykje historie i denne saka og alt som har skjedd er ikkje perfekt. Eg forventar full gjennomgang av alt frå lokal næringsutvikling til vinterferdsel og reguleringshøgder, sa Terje Halleland (Frp) frå Vindafjord.

Lyse Kraft vil ha dialog

Administrerande direktør Bjørn Honningsvåg i Lyse Kraft DA seier han opplever signala som kom i stortingsdebatten som eit tydeleg ønskje frå politikarane om å finna gode løysingar på dei miljøutfordringane folk opplever lokalt.

Og dette vil Lyse Kraft medverka til gjennom vilkårsrevisjonen som kjem. Han er også glad for signala frå statsråd Tina Bru om at revisjonsprosessen skal starta så raskt som mogeleg. Då blir det også vurdert om det ligg føre spesielle omsyn.

– Det vil vera opp til konsesjonsstyresmaktene å avgjera kva for tiltak som blir aktuelle, seier Honningsvåg.

Eit møte med politikarane i Ullensvang kommune vart avlyst på grunn av koronasituasjonen. Nå seier Lyse Kraft-direktøren at nytt møte er planlagt i slutten av april.

Lyse Kraft er alt i gong med å planleggja revisjonssaka – med synfaringar, utgreiingar og møter så snart dagens restriksjonar blir oppheva.

Skuffa grunneigar

Leiar i Røldal grunneigarlag, Olav Rabbe, er skuffa over at departement og fleirtalet på Stortinget først gir Lyse Kraft DA konsesjon på Røldal-Suldal Kraft til evig tid, for etterpå å sjå på kva vilkår dei skal få driva på.

– Snakk om å gå baklengs inn i framtida, sukkar Rabbe, som nå ser for seg at grunneigarane og vertskommunane har ein mykje større jobb framfor seg for å retta opp mest mogeleg av det han kallar ei brutal utbygging.

Skrevet av Sigmund Hansen – Publisert i Haugesunds Avis 25. februar 2021 kl 11:44

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..