Video: Håkon B. Ringstad, telefon: 414 23 479
og Nils Vetle Medhus, telefon 417 64 237
Gratulerer med dagen Røldølingar og alle andre!
Norge har mykje å vera stolte av. Eit sosialdemokratisk land med storslått natur og kor alle tek vare på kvarandre. Dette feirar me idag. Men det er med blanda kjensler at me går innover Valdalen. Litt på grunn av rasfaren, men mest for at me står som vitner til dessa anlegga som har rasert så mykje av Røldal. 17. mai-toget går i år i denne oppdemde og nedlagde støldsdalen, men toget for ny konsesjon er enda ikkje gått.
Me vil med dette visa at me står samla og støtter kravet om ny konsesjon fullt ut. Ungdommen ser føre seg ei framtid i Røldal. Spørsmålet er kva for ei framtid. Er det ei framtid i ei utarma og øydelagd bygd der alt av ressursar kontinuerlig vert sugd ut? Ei framtid der det ikkje eingong finst ressursar til å oppretthalda grunnleggjande bærebjelkar som skule og aldersheim? Det er iallfall den kursen som er peikt ut med dagens avtale mellom Hydro og Lyse.
Helsing spente ungdomar frå Røldal