Skiftleg innspel til Dokument 8:82 S (2020-2021) 

Frå
Heine Eikemo 
Bygdavegen 132 
5760 RØLDAL 10.01.2021 

Til 
Energi-og miljøkomiteen 

Viser til Dykkar ønske om skriftleg innspel til Dokument 8:82 S (2020-2021) og vil prøva koma med nokre viktige moment i forhold til om framtidig regulant av Valldalsområdet bør få tidsuavgrensa konsesjon eller ikkje, med konsesjonsvilkår frå 1962. 

Etter min, og mange andre allmennbrukarar av Valldalen sin meining, er det TOTALT UAKSEPTABELT å drive videre med dagens konsesjonsvilkår framforhandla for ca.60 år sidan, utan revidering undervegs. 

Årsaka til fortsatt drift etter «gamle vilkår» ikkje er akseptabelt utan revidering er blant anna: 

• Overhengande rasfare sommar/vinter utan geologisk vurdering/tiltak (rasoverbygg/tunnl). 

• Dårleg vegstandar sommarstid: 

• Slag holer,forstøttningsmurar som har lege flate i dei siste 20-30 år som medfører stor fare for bilar/minibussar kan køyre ut med fatale konsekvensar. Dei fleste som må køyre på Valldalsvegen litt meir enn 2 turar i løpet av eit sommarhlavår opplever STORE og irriterande ekstra utgifter til: Dekk, forstillingsdeler, støtdemperar, fjærer osv. 

• For oss vanlege brukarar av vegen er det heilt uforståeleg at ein kommune, med svak økonomi, har vorte belasta med vedlikehaldsansvaret av vegen som kraftutbyggar i si tid har laga for allmenn bruk, for så å «overlata» til kommunen. Her må sjølvsagt ansvaret liggja hjå regulanten som har økonomisk vinning på reguleringa, slik det for øvrig er med ansvaret for «vintervegen». 

• Børsavhengig tapping/fylling av vassmagasin (som ikkje vart hensynstatt ved noverande konsesjon gjeven på 60-talet) som resulterer i usikker/dårleg is, som igjen fører til uframkommelegheit. 

• Konsesjonsinnehavar påfører oss allmenne brukarar i slike tilfeller lange, bratte og farlege omvegar ifm. transport vinterhalvåret. 

• Børsavhengig tapping/fylling starta truleg ca. ifrå 1993. 

• Tilgjengeleg trygg framkomligheit over Valldalsisen etter regulanten sin oppmoding vinterhalvåret 2018/2019 =3dg. Vinterhalvåret 2019/2020=0 dg. 

HMS: 

Eg er i Valldalen vinterstid meir enn gjennomsnittet av almenne brukarar, og har dei to siste sesongane kome i nærkontakt med 3 uavhengige nestenuhell som bare tilfeldigheiter gjorde at ikkje menneskeliv gjekk tapt. Kjem ikkje nærare inn på spesifikke hendingar her, men dokumentasjon finnes. Uvisst, men tvilar på om konsesjonsinnehavar har system for registrering av slike uønska hendingar. 

All statistikk syner at etter x antall nesten uhell kjem eit uhell. 

Utan nye konsesjonsvilkår tilpassa notida og framtida vil det koma ulykker i Valldalen, med tap av menneskeliv grunna vasskraftregulering. 

Valldalen er geografisk stort sett utan tlf.dekning, noko som truar sikkerheiten sterkt, og bør takast omsyn til ved eventuell ny konsesjon. 

Når allmenheita som vil bruka Valldalen som ein av 3-4 viktigaste innfallsport til Hardangervidda vinterstid vert henvist å gå/køyra snøscooter «over nuten og videre ner Tjødnastølsskar» skjønar dei fleste det ikkje er nokon «kosetur». 

Håpar eg og andre i framtida slepp å stå til knes i issørpevatn rundt påsketider å berga ungar/vaksne hundar, turistar, scooterar osv. på ein uframkomeleg Valldalsis, grunna eit stort behov frå kraftregulanten om stort økonomisk overskudd på vår bekostning. 

Med desse orda ønsker eg og mange med meg, å bringa vidare eit stort ynskje/krav om forutsigbar sikker tilgjengelig/framkomligheit til Valldalen sommar og vinter, minst like tilgjengelig eller bedre enn før vasskraftreguleringens start. 

Etter min forståelse er det kun fullverdig fornya konsesjon utarbeida etter notidas og framtidas utfordringar som er aktuelt å arbeida vidare med. Vidare drift med 60 år gamle vilkår er uforståeleg. 

Med beste helsing 

Allmenn brukar 
Heine Eikemo

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..