Skrevet av Inge Saltvoll, grunneigar i Valldalen – Publisert i Hardanger Folkeblad 20. februar 2021

For nokre dagar sidan las eg eit innlegg i Hardanger Folkeblad med tittelen «Det er med denne bakgrunnen det kjennest så vondt å verta svikta og neglisjert av kommunestyret» forfatta av Oddbjørn Lynghammer. Det er vel noko av det beste og mest beskrivande eg har lese om å det vera ein utkant i ein storkommune. Dette var så pass inspirerande at eg måtte berre ta pennen fatt, sjølv om eg ikkje lenger bur i bygda. Eg er ein av dei som reiste ut på 70-talet og aldri flytte tilbake, men me snakkar trass alt om heimbygda og ein støl som me framleis eig. Og det er Valldalen og stølen som er hovudsak i dette innlegget.
Valldalen har ein heilt spesiell plass i både hjarte og sinn for mange røldøler. Då lukene i Valldals-dammen vart stengde 16. mai 1966 var eg 6 år og så vidt gamal nok til å hugsa støling i Valldalen før alt vart lagt under vatn, det ligg en god del tidleg vemod i denne erfaringa. Det var ein brei og frodig dal med aktiv støling, som var svært viktig i næringsgrunnlaget for fjellbygda Røldal. Dalen forsynte også ysteriet med råstoff til den landskjende brunosten.

Stølen vår, Grytingsstølen, vart riven før vatnet kom og flytt opp til der han ligg i dag; det var ein av dei svært få stølane som kunne fortsette med drift etter at dammen kom. Ikkje alle var så heldige som oss, vi hadde i alle fall ein eigedom som gjorde at stølen kunne flyttast. Dei aller fleste av stølane vart liggjande langt under vatn, noko som passar heller dårleg med stølsdrift. Grytingsstølen er framleis en fin plass, og samlingsstad for slekta, men stølinga vart det slutt på tidleg på 80-talet, det vart rett og slett for tungt å driva. Då hadde vi støla med fyrst kyr, så geit, frå 1965. Nye stølsplassen viste seg å vera i brattaste laget for storfe, som absolutt skulle beita i dei brattaste liene, noko som gjekk heller dårlig ved fleire høve. Geita derimot, greide seg bra. I løpet av denne tida så vart det ysta både brun og kvit geitost på gamlemåten i eldhuset, til stor stas for ungane som fekk varmt prim rett frå ystekjelen. Kvitosten var meir for dei vaksne og smakte visstnok umåtelig godt i steikjepanna saman med poter.

Utsikten frå stoveglaset i stølshuset er ikkje noko å klaga på, vi ser like inn på Hardangervidda. Valldalsvatnet er også eit flott syn. Vel og merke når det er på topp. Og det er det slett ikkje alltid. Besøkjande fra andre stader i verda som dristar seg inn Valldalsvegen kan nok finna på å bruka uttrykk som «Marvellous» og «Fantastic» om naturen rundt av seg, som vi er så vane med å sjå.
Vi fekk rett nok erstatning på grunn av ned-demminga, men all kompensasjon til grunneigarar vart berekna ut frå den vesle kroneverdien av stølsbruk. Det vart brukt både skjønn og overskjønn, det eine verre enn det andre, for å få ned verdien så mykje som mogeleg. Det var ein kamp mellom David og Goliat, der David tapte. Gardbrukarar frå Røldal sat på eine sida av bordet og spesialistar på erstatningsrett på andre sida, sjølv i dag ville dette vore ein ulik kamp. Som om ikkje dette var nok så vart ikkje erstatningsbeløpet indeksregulert før etter 17 år. I dag vert det indeksregulert kvart 5 år. Både sommarveg og vinterveg til Valldalen er i dag til tider eit spel med både liv og helse; at ikkje liv er gått tapt er eit under.

Kraftinntektene etter utbygginga, som skulle kome bygda til gode og kompensera for ein ned-demt dal, vart slusa direkte til Odda i samanheng med kommunesamanslåinga i 1964. Tilbake kom det som Odda kommune såg seg tjent med.

Det er dette som er bakteppet for det vesle innlegget som eg er i ferd med å føra i pennen. Her to tenkte situasjonar: Den eine er: Hvis ein tenkjer seg at Valldalen ikkje hadde blitt lagt under vatn i 1966 så ville vi i dag verkeleg hatt å gjera med porten til Hardangervidda. Eit storslagent og heilt unikt dalføre. Vi hadde hatt nærmare 20 stølar som enten kunne fortsett med støling eller blitt gjort om til andre unike opplevelsar for besøkjande frå både inn- og utland. Nokre av stølane hadde blitt lagt ned, andre hadde blitt modernisert i takt med behovet for meir effektiv drift. Atter andre hadde hatt det unike og originale som turistar leitar etter og gjerne betalar for å få lov å oppleva. Røldøler ville kome tilbake til bygda, enten for å driva garden eller for på andre måtar bidra til utviklinga av bygda. Kanskje andre også hatt sett verdien i bu så tett opp til naturen? Det hadde vore enkel og sikker adkomst til Valldalen både sommar som vinter, ein hadde ikkje hatt behov for bekymra seg for urene i Hedlemobakkane eller usikker is på vatnet. Og berre tenk på inntekter og arbeidsplasser i samanheng med eventuell hyttebygging i Valldalen? Då snakkar eg ikkje om gigantiske hyttefelt som ein ser lenger aust, men ein naturleg utbygging i tråd med lokale tradisjonar. Dette ville hatt ein heilt annan effekt for Røldal enn kortvarige arbeidsplassar og kraftinntekter som aldri kom slik dei var tenkt. Men slik vart det ikkje.

Den andre tenkte situasjonen er at Røldal hadde fortsett som eigen kommune, med full råderett over eigne inntekter og utgifter. Her kan ein berre tenkja sitt, ein treng ikkje reisa lenger enn til Bykle for å få eit inntrykk av dette.
Begge dei tenkte situasjonane peikar på ei rekke med tapte muligheter både for bygda og grunneigarar etter at Valldalsdammen kom. Det er ut fra dette at storsamfunnet må kjenna sitt ansvar, enten det er den nye storkommunen Ullensvang, Hydro Energi eller konsesjonsgjevande myndigheter. Ei lokal røst må også høyrast, sjølv om det er vanskeleg å koma til orde i denne forsamlinga med byråkratar og blåruss. Eg ser behovet for fornybar energi, men det må gå an å ha fleire tankar i hovudet på same tid, spesielt når det skal gjevast ny konsesjon. Ein kan ikkje gjera om att det som er gjort, men dette er eit svært godt høve til å retta opp gamal urett.

Til slutt så tillet eg meg å vera litt konkret:
– Få på plass god og sikker adkomst til Valldalen, både sommar og vinter. Sommarveien er ikkje verst, noko ros skal kommunen ha. Det vi ikkje har kontroll på er det som er i liane over veien, og som titt og ofte fell ned på vegen. Vinterveien er eit anna kapittel, i dag er den nærast ikkje-eksisterande. – Oppdater erstatningsbeløpet til grunneigarane slik at det blir i tråd både med reelt tap og tapte moglegheter. – Få på plass eit næringsfond for bygda basert på inntektene frå all lokal kraftproduksjon, ikkje berre frå Valldalen. – La Valldalen forbli stølsdal, ikkje gjer dalen om til eit perifert verneområde for villrein. Men la gjerne villreinen få råda i områda over 1000m. – Og sist, men ikkje minst, la ikkje private aktørar få overta konsesjonen utan ei grundig utgreiing der det også blir teke hensyn til dei som er berørt av dette. Spesielt gjeld dette når heimfallsretten er i ferd med å gå ut og ny ordning skal på plass, slik tilfelle er med Valldalen.

Skrevet av Inge Saltvoll, grunneigar i Valldalen – Publisert i Hardanger Folkeblad 20. februar 2021