Ombygging kan gi verdifull balansekraft og restaurering av natur i Røldal/Suldal
Fjellbygda Røldal og det grøne skiftet

Røldal er lurt og svikta av både Hydro, Lyse og regjeringa. Kraftutbygginga i Røldal er ei av dei mest inngripande i Norge. Store område natur vart rasert og Røldal mista store deler av sitt næringsgrunnlag. Valdalen vart fylt med vatn og rasert – Regjeringa har 11. juni 2021 godkjent ein gåvepakke til Hydro-Lyse:
Dei får overta anlegga GRATIS «til evig tid» på heilt feil grunnlag. Dette må bli stoppa.

Fullstendig gjennomgang av heile konsesjonen* er nødvendig for å få til ei berekraftig og miljøvenleg utvikling for komande generasjonar.

Sjå filmen for ei nermare forklaring av saka.

Hydro/Lyse-avtalen skal opp og fram i søkelyset.
Ønsker du og hjelpe oss med å fremme denne prinsipielt svært viktige
saken og skape positiv endring både nasjonalt og lokalt i Røldal-Suldal.
Det kan du bl.a. gjere ved å dele, like eller Vippse # 696902
❤️-takk for støtte til å styrke initiativet vårt.
Klikk her for å gå til Vipps (kun på mobil)

Hydro og regjeringa har brote alle punkt i avtalen med lokalsamfunnet.
Avtalen (konsesjonen gitt ved kongelig resolusjon) er ein samfunnskontrakt
der heimfallet (jf. konsesjon pkt. 18) er vesentleg for sjølve utbygginga –
og ei forutsetning for utbyggar, vertskommunane, grunneigerar og det Norske folk.
Eigedomane i Valdalen vart tvangserverva.

Røldal er inneklemt av tre reguleringsmagasin; Røldalsvatnet – Valdalsmagasinet – Votnamagasinet. 
Turistattraksjonen Novlefoss er tørrlagd.

Kraftproduksjonen medfører stor risiko for ferdsel i nærområdet og ein stor del av året framstår områda som bombekrater.

Kraftutbygginga i Røldal er ei av dei mest inngripande i Norge. Store områder natur vart rasert og Røldal mista store deler av sitt næringsgrunnlag.

Novlefoss i Røldal – Tørrlagt heile året etter Hydro si utbygging i 1966.

Valdalen er store deler av året heilt fylt med vatn. Her låg 18 stølar og over 100 driftsbygningar. Lokalsamfunnet mista mesteparten av sitt næringsgrunnlag.

Vi stiller følgjande krav:

Heimfall til Staten må skje som forutsett i opprinneleg  konsesjon og vedtak ved kongelig resolusjon datert 21. desember 1962. 

Vertskommunane Ullensvang og Suldal må få sin rettmessige part.

Full gjennomgang av heile konsesjonen er nødvendig.

Kort om saka:

Valdalen var ein stor dal med 18 stølar som var i full drift på 60-tallet.

Med konsesjonen i 1962 fekk Hydro løyve til å byggja kraftverk og heile dalen vart neddemt og gjort om til eit stor magasin.

Heile dalen forsvann og resterande område er no utilgjengeleg 6-8 månadar i året.

Lokalsamfunnet mista heile sitt næringsgrunnlag. Over 100 driftsbygningar fantes i denne dalen.

Fordi Valdalen forsvann vart så stor del av produksjonsgrunnlaget for geitostysteriet borte at ysteriet måtte innstille drifta. Resten av næringa i Røldal forsvann gradvis i åra etter.

Røldal vart særleg hardt ramma av kraftutbygginga:

Ranet som skjer akkurat no:

Konsesjonen* for Valdalen går ut den 21. desember 2022.
I 2020 fusjonerte Hydro med Lyse og samtidig søkte det nye kraftselskapet om å drifte Røldal-Suldal Kraft vidare «til evig tid» og på samme vilkår som gitt i 1962. 

11. juni 2021 blei dette godkjent av regjeringa. 

  • * Kva er konsesjon?
    Konsesjon er det samme som tillatelse, løyve eller bevilling. Konsesjon kan gis der samfunnsnytten er positiv og det er tatt hensyn til andre miljø- og samfunnsinteresser.
    Konsesjonspliktige tiltak, som bygging av vannkraftverk og andre anlegg i vassdragene, større kraftledninger, vindkraft, fjernvarme og andre energianlegg behandles etter energiloven og/eller vassdragslovgivningen.


Kraftutbygginga i Røldal er ein av dei mest inngripande i Norge.

Myndighetene og kraftselskapet har halde lokalsamfunnet for narr i 59 år. Røldal har mista alt.

Etter å ha ofra natur, miljø og kultur i snart 60 år fortener bygda ein skikkeleg gjennomgang og vurdering på kva som kan gjerast for å betra situasjonen.

Røldal grunneigarlag har laga ein kort film som tar for seg den lokale krafthistoria.

Fullstendig gjennomgang av heile konsesjonen* er nødvendig for å få til ei berekraftig og miljøvenleg utvikling for komande generasjonar.

Her feirer Tina Bru (Olje- og energiminister) ny avtale med kake lenge før saka kom til vurdering i Stortinget.
Foto: Terje Pedersen / NTB


Relevante artiklar:

Klassekampen: Hydro har sikra ein måte å unngå heimfall

Stavanger Aftenblad: Hydro og Lyse etablerer felles kraftgigant

NRK: Refser avtalen til ny kraftgigant: – Vi går glipp av flere titalls millioner i året

NRK: Kommunen meiner dei går glipp av vasskraft-millionar – no sender dei protest til Stortinget

NRK Distriktsnyheter: 8. juli 2021 – Røldal protest

Ombygging kan gi verdifull balansekraft og restaurering av natur i Røldal/Suldal

Nyeste innlegg, dokument og artiklar

17. mai-tog i Valdalen 2021

Me vil med dette visa at me står samla og støtter kravet om ny konsesjon fullt ut. Ungdommen ser føre seg ei framtid i Røldal. Spørsmålet er kva for ei framtid. Er det ei framtid i ei utarma og øydelagd bygd der alt av ressursar kontinuerlig vert sugd ut? Ei framtid der det ikkje eingong…

Hydro-Lyse-avtalen er ulovlig

Publisert i Suldalsposten 12. mai 2020 – Skrevet av Tom Olsen Dette lesarbrevet har delvis vore på trykk tidlegare, men kom då i feil versjon og derfor trykkjer me det på nytt i sin heilskap. Redaksjonen. Hydro og Lyse prøver å tilegne seg det enormt verdifulle vannkraftverkanlegget Røldal-Suldal Kraft (RSK) vederlagsfritt og tidsubegrenset. I så…

Krav om heimfall av Røldal-Suldal Kraft AS

Vi kan ikkje sjå at brevet er svar på våre spørsmål eller på nokon måte dokumenterer at dei nyare lover det blir vist til er gitt tilbakebvirkande kraft. Tvert i mot dokumenterer svarbrevet at det ikkje finst rettsgrunnlag for å omgjera konsesjonen slik Hydro har søkt om.

Politisk fleirtal gav klar beskjed: Kan kosta Lyse Kraft millionar

Skrevet av Sigmund Hansen – Publisert i Haugesunds Avis 25. februar 2021 kl 11:44 Ullensvang og Suldal kommunar er ikkje nøgde med å tapa 200 millionar kroner i året. Eit politisk fleirtal til deira gunst kan gi dei eit næringsfond som er vesentleg større enn dagens. ULLENSVANG: Sjølv om dei politiske partia spriker i synet på…

Spørsmål om rettsgrunnlaget for grunneigarar og vertskommunar

  Røldal grunneigarlag tysdag 23. februar 2021  TilOlje- og energidepartementet, v/Olje- og energiminister Tina Bru Justis- og beredskapsdepartementet Lovavdelingen v/Ekspedisjonssjef Kjetil Bøe Moen  Spørsmål om rettsgrunnlaget for grunneigarar og vertskommunar  Vi viser til Stortingsdebatten den 18. februar om endring og overføring av konsesjonen for Røldal-Suldal Kraft AS til Lyse Kraft DA.  Vi etterlyser opplysning om rettsgrunnlaget for…

Dalen som forsvann

Skrevet av Inge Saltvoll, grunneigar i Valldalen – Publisert i Hardanger Folkeblad 20. februar 2021 For nokre dagar sidan las eg eit innlegg i Hardanger Folkeblad med tittelen «Det er med denne bakgrunnen det kjennest så vondt å verta svikta og neglisjert av kommunestyret» forfatta av Oddbjørn Lynghammer. Det er vel noko av det beste…

Røldal-Suldal Kraft i Stortinget: Fleirtal vil gje bygdene meir, men Sp varslar omkamp

Skrevet av Sigmund Hansen – Haugesunds Avid, 9. februar 2021 Røldal-Suldal Kraft A/S skal prioriterast i køen framfor andre kraftanlegg når det gjeld ein revisjon av vilkåra. OSLO/RØLDAL: Stortinget ber Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å vurdera «spesielle omsyn», som etter lova gjer det mogeleg at vertskommunar, grunneigarar og kraftbygdene Røldal og Suldal får meir…

Frostrøyken er på ny blitt ei plage

Skrevet av Sigmund Hansen – Publusert 6. februar 2021 i Haugesunds Avis Det tempererte Røldalsvatnet sørgar for tett dis i Røldal. ULLENSVANG: Midt i hardaste debatten i Stortingets energi- og miljøkomite om framtidsvilkåra for Røldal-Suldal Kraft, er det plage naboar og mosjonistar i lysløypa på flatene i Røldal er opptekne av. Ikkje på mange år har…

Nye merknader til pågående prosess eierskap Hydro, RSK og Lyse

Skrevet av Kåre Paulsen – 4. februar 2021 Brev Tina Brun  Viser til brev fra Tina Brun til stortinget- vedrørende representantforslag 82 S (2020-2021) om ny konsesjon for Røldal-Suldal kraftanlegg og følgende sitater.  Viser til:  «Suldal og Ullensvang kommuner viser innledningsvis at det sentrale for dem og de berørte grunneierne er at det fattes vedtak…

Innspel frå Naturvernforbundet i Rogaland

Naturvernforbundet i Rogaland gir eget innspill til representantforslag 82 S (2020-2021) om vilkårsrevisjon/konsesjonsbehandling av Røldal-Suldal. Innspillet er et tillegg til fellesinnspill fra landsdekkende natur- og friluftsorganisasjoner. Utbyggingene som den gang på 1960-tallet fikk konsesjon, var basert på datidens fraværende krav til natur- og miljøhensyn. Det førte til en av de mest natur- og miljøskadelige vassdragsutbygginger i historien, og resultatet…

Klar tale frå Ordførar – Om vi får vatnet tilbake, fråfell vi alle krav!

Skrevet av Roal Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune – 4. februar 2021, kl 04.00 – Hardanger FolkebladSvarbrev til Lyse og Hydro Litt overraskande kjem Lyse og Hydro med diverse lesarinnlegg. Der det vert ytra gode intensjonar om samarbeid. Ukjende lesarar kan få inntrykk av at brotet på samfunnskontrakten frå 1962 er ei hendeleg løysing…

Innspel til Energi- og miljøkomiteen – Ny konsesjon må til!

Skrevet av Helleik Rabbe, Røldøling – 02. februar 2021 Kvifor er Hydro/Lyse så redde å få fornying av konsesjon (ikkje revisjon), slik at dei kan rydda opp i dei største skadene for Røldal?? Hydro/Lyse har søknad inne om å overta selskapet med uendra konsesjon.Dei har endå ikkje sendt inn ny søknad, Lyse DA har då…

Skal Røldal Suldal forsyna 14 rike kommunar på Jæren med mange hundre millionar kvar år til evig tid?

Skal Røldal og Suldal forsyna 14 rike kommunar på Jæren med mange hundre millionar kroner kvart år til evig tid? Den påtenkte eigarskapsmodellen er bygd på ein kolonitankegang som ein skulle tru var utdatert. I denne saka må ein dra inn begrepa lokalkunnskap, logikk, rettferd, etikk og moral. Med håp om at Stortingsrepresentantane ser det…

Lyse Kraft DA – til å stola på?

Leserinnlegg av Lars O. Seim – Røldal, 1. februar 2021 Striden om Lyse Kraft DA sin søknad til OED og representantforslaget i Energi og Miljøkomiteen er no inne ein avgjerande fase. Kommunane Suldal og Ullensvang , samt mange engasjerte innbyggerar på eine sida og kraftprodusentane Lyse og Hydro Energi på den andre sida , kjempar…

Fornying av konsesjon, Ikkje revisjonar!

Skrevet av Helleik Rabbe, Røldøling som stammar frå fjellfolket, Røldal – Publisert i Haugesunds Avis 01. februar 2021 Kvifor er Hydro/Lyse så redde å få fornying av konsesjon (ikkje revisjon), slik at dei kan rydda opp i dei største skadene for Røldal?? Hydro/Lyse har søknad inne om å overta selskapet med uendra konsesjon, dei har…

Ran av Norges befolkning

Hvem skal eie fisken, oljen, vinden, vannet mv. og – nå igjen vannkraften? Skrevet av Kåre Paulsen – 30. januar 2021 Hjemfall er at det «private eierskapet» til vannkraft går vederlagsfritt tilbake til staten etter 60 år. For RSK er dette i 2022. Hjemfallet en samfunnskontrakk mellom vannkraftutbygger og Norges befolkning og er en del…

Røldal-Suldal Kraft-striden: Kommunane krev 60 millionar meir av Lyse

Artikkel fra Haugesunds Avis 28.01 kl 11.11 – Skrevet av Sigmund Hansen Dersom Suldal og Ullensvang kommunar får viljen sin i Stortinget i februar, skal Lyse og Hydro sitt nye eigarskap av Røldal-Suldal Kraft kosta det nye fellesselskapet, Lyse Kraft DA i Stavanger omlag 60 millionar meir i året enn dagens lokaloverføringar. ULLENSVANG: – Er…

Lyse forvaltar kraftressursen til sitt eige beste, noko anna kan me ikkje forventa

Lesarinnlegg i Haugesunds Avis, 28. januar kl 09:08 – Skrevet av Nils Petter Rabbe, grunneigar i Røldal. (Haugesunds Avis) LESERBREV Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Direktør Honningsvåg i Lyse Kraft DA kunne stolt meddele følgande i Haugesunds avis 19. januar: “Ingen annen virksomhet bidrar med så…

Konsesjon for Røldal Suldal Kraft – avtale mellom Hydro og Lyse

offentleg eigarskap – fellesskapet Det offentlege er etter mine begrep bygd opp i tre nivå: kommune, fylke, stat. Eit vanleg omgrep for det offentlege er «fellesskapet» – dette betyr at ein har noko felles. Kommunen er eit fellesskap, fylket er eit større fellesskap, og staten er det største fellesskapet – altså ein hierarkisk oppbygging. Ein…

Lyse/Hydro må hugsa lokalsamfunnet, bærekrafta og å gjera opp for seg på rimeleg vis

Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad – 27. januar 2021, kl 04:00 – Skrevet av Roald Aga Haug – ordførar i Ullensvang kommune MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Under overskrifta “Vi forvalter kraftressursene til fellesskapets beste,” hevdar Adm. dir. Bjørn Honningsvåg, Lyse kraft DA at han skal retta opp missforståingar. Og…

Kraftressursane til fellesskapets beste?

Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad 25. januar 2021 kl 04.00 – Skrevet av Sondof Rabbe MEININGAR Adm.dir. Bjørn Honningsvåg i Lyse skriv i Haugesunds Avis 19.01.21 om samarbeidsavtalen for Røldal Suldal Kraft – mellom Hydro og Lyse. Han fokuserer særlig på at Hydro blir sikra kraft til industriverksemd, men kjem lite inn på Lyse si rolle og…