«Etter søknaden vert Valdalen neddemd ved ein 85 m høg dam i Hyttejuvet. Dermed vil
Valdalselva/Storelva frå damstaden til Røldalsvatnet verta så å seia heilt turrlagd. Det
same kjem eventuelt også til å gjelde Risbuelva, Nøvlefossen, Grytøyrelva og elva gjennom
Brattlandsdalen. Votnavatnet vert oppdemt med ein 45 m høg dam og 3338 da beitemark
vert sett under vatn. Røldalsvatnet vert senka med heile 17 m.
Berre det som alt er nemnt framanfor syner at den planlagde reguleringa vil føre med seg
sers store og alvorlege skadeverknader for dei einskilde grunneigarar og for eigarar av
andre rettar, og ikkje minst for kommunen i det heile.

Novlefoss var ein viktig turistatraksjon for Røldal. Vart tørlagt etter reguleringen.

Røldal er ei fjellbygd der hovudnæringa gjennom mange hundreår har vore jordbruk,
med stølsdrift og geitehald som den viktigaste faktor. Gardsbruka er små, men dei fleste
har noko skog, dei beste teigane i Valdalen og på sørsida av Røldalsvatnet, slik at dei har
hatt nok til eige bruk og gjerne litt til sal, nok til at bygda har vore sjølvhjelpt med
brensel.

Det er helst lite dyrkingsjord heime i sjølve Røldal og det meste er utnytta, men inne i
Valdalen ligg enno fine og flate vidder, som med moderne maskinutstyr kan leggjast under kultur for ein rimeleg kostnad og gje god avkastning. Ved sida av jordbruket har folket vore nøydd til å nytte ut alle høve til å skaffe seg nok inntekter til levemåten.

Med si vakre natur, sine fossar og fjell og speglande vatn, har Røldal kunna glea seg
over ein aukande straum av turistar frå alle land i verda, og turistnæringa har etter kvart
vorte ei viktig inntektskjelde ved sida av jordbruket. Når Heilårsvegen er ferdig skulle
Røldal ha alle føresetnader for å verta eit førsterangs vintersportssentrum, men då må ikkje bygda verta utskjemd av øydelagt natur og skjemmande sår i landskapet.
Det er vel ikkje tvil om at foruten skadane på jordbruket, vil den påtenkte reguleringa også ha store skadeverknader for turistnæringa. Ein kan dermed sikkert slå fast, at ved dei planlagde regulerings- og utbyggingsarbeid vil Røldal misse fundamentale delar av sitt næringsgrunnlag. Inngrepa vil i røynda verta av ein slik storleik og av ei så alvorleg natur at kommunen har vore inne på tanken om å leggja ned protest mot gjennomføring av
planane.

Når ein likevel tek omsyn til at konsesjonssøknaden gjeld eit prosjekt av stor nasjonaløkonomisk vekt, vil Røldal kommunestyre ikkje setje seg imot at det på visse vilkår vert gjeve konsesjon, men då må det og frå konsesjonssøkjaren si side, så langt råd er, verta ytt og ofra noko for å søkje å avbøte skadeverknadene og den alvorlege forringinga av levevilkåra i den bygda som den veldige kraftutbygginga i fyrste rekkje vil gå ut over.»

Røldal og Valdalen – 1964

Dalen som forsvann

Skrevet av Inge Saltvoll, grunneigar i Valldalen – Publisert i Hardanger Folkeblad 20. februar 2021 For nokre dagar sidan las eg eit innlegg i Hardanger Folkeblad med tittelen «Det er med denne bakgrunnen det kjennest så vondt å verta svikta og neglisjert av kommunestyret» forfatta av Oddbjørn Lynghammer. Det er vel noko av det beste…

Ny konsesjon for Røldal-Suldal Kraftanlegg – Dok8

Til: Energi- og miljøkomiteen  Fra: LVK- landssamanslutninga av Vasskraftkommunar  Dato: 11. januar 2021  NY KONSESJON FOR RØLDAL-SULDAL KRAFTANLEGG – Dok 8:82 S (2020-2021)  1. Innledning  Det vises til representantforslag om ny konsesjon for Røldal-Suldal kraftanlegg (Dokument 8:82 S (2020–2021)), hvor følgende forslag er fremmet:  «1. Stortinget ber regjeringen samtidig med at det tas stilling til…

Oversiktskart frå 1909

Historisk kart over Hardangervidda. Viser areal for stølsfelt, høgfjell, vatn og prosjekterte veier.

Oversiktskart Røldal-Suldal

Kartet er henta fra:Rapporten: Røldal – Suldal reguleringen, Kartlegging Miljø- og brukerinteresser – Fagtema landskap, friluftsliv og reiselivOppdragsnr.: 5186773 Dokumentnr.: 04 Versjon: J05 Dato: 2020-09-30

Skriftlig innspill -Naturvernforbundet, Sabima, NJFF, WWF, DNT og Norsk Friluftsliv

 Oslo, 11.01.2021  Til: Stortingets energi- og miljøkomite (energi-miljoe@stortinget.no)  Stortinget må støtte forslagene om å beslutte åpning av vilkårsrevisjon i forbindelse med Røldal–Suldal-konsesjonene. Vannkraftproduksjonen må bli mer miljøvennlig med moderne miljøtilpasninger basert på oppdatert kunnskap.  Naturvernforbundet, Sabima, Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, WWF-Verdens naturfond og Norsk Friluftsliv viser til representantforslag 82 S (2020-2021) fra…

Risiko i reguleringsområda – ferdsel spesielt

Skrevet av Olav Rabbe – januar 2021 Røldal har to kraftmagasin som er klassifisert i høgaste risikoklasse (klasse 4) I tillegg er Røldalsvatnet senka inntil 17 meter ein stor del av året. Det er nødvendig med uavhengig geologisk vurdering av risiko for ras i samband med følgjande reguleringsmagasin: Valdalen: Bilvegen på vestsida av magasinet er…

Innspel fra Nils Petter Rabbe – Dok8

Til energi- og miljøkomiteenAngående sak Dokument 8:82 S (2020–2021) Representantforslag om ny konsesjon forRøldal-Suldal kraftanlegg Viser til representantforslag om ny konsesjon for Røldal-Suldal kraftanlegg.Dette er ein enorm sak som vil definere dagens Stortingspolitikarar i mange generasjonar framover.Stortinget vil anten vedta ein fornyelsessak til det beste for heile det norske samfunnet – eller eiløysing basert på…

Røldal rår til konsesjon på vilkår forma etter sju timars ordskifte

Stavanger Aftenblad, fredag 19. januar 1962: Røldal rår til konsesjon på vilkår forma etter sju timars ordskifte Konsesjonsavgifta rådd til kr. 4.50 pr. hestekraftKrav om vegar i Valdalen og frå Botnen til GrytøyrHydro lyt vera med på å løysa mange oppgåver Røldal kommunestyre hadde igår føre seg konsesjonssaka forNorsk Hydro i eit møte som varde…

Innspel – Dok8 (Sondof Rabbe)

Sondof Rabbe – Haukelivegen 90 – 5760 Røldal 10.01.21 TilEnergi- og miljøkomitéen Dokument 8:82S (2020-2021) Innspel Røldal Suldal Kraft sine anlegg vart i hovudsak bygd ut på 1960-talet. Det er seinare gjort ein del tilleggsutbyggingar i nokre mindre vassdrag innafor området. Utbygginga skulle gje kraft til aluminiumsproduksjon på Karmøy – industrireising var svært aktuelt i…

Røldal Suldal Kraft – selskapsfinte mot heimfallsrett

Publisert i Hardanger Folkeblad – fredag 4. desember 2020 NORSK HYDRO fekk konsesjon for anlegga til Røldal Suldal Kraft ved kongelig resolusjon 21.12.1962. Konsesjonen er ba- sert på heimfall til Staten etter 60 år – kfr. pkt 18. Regulerings- konsesjonen kan ikkje overdras – pkt. 19. BYGDENE RØLDAL og Suldal har ofra store verdiar, dette…

Endring i konsesjonsvilkåra for Røldal-Suldal Kraft – 5.november 1964 (Bilveg i Valdalen, båt og weasel-rute utgår)

Meddelte vassdragskonsesjoner 38. Røldal-Suldal Kraft A/S. (Endring i vilkårene for tillatelse gitt vedkgl. resolusjon av 21. desember 1962 til erverv og regulering i Røldal-Suldalvassdraget m. v.)Kgl. res. 5. november 1964. Ved kgl. resolusjon av 21. desember 1962 fikk med Stortingets samtykke for Røldal-Suldal Kraft A/S til å foreta regulering av Røldal-Suldalvassdragene. I brev av 14.…

Tillatelse for Røldal-Suldal Kraft til å foreta planendring og til å foreta ytterligere regulering og overføring av Stølsåna i Røldal-Suldal vassdraget, 17.april 1964

Industridepartementet St. prp. nr. 114. (1963-64) Tillatelse for Røldal-Suldal Kraft AS til å foreta planendring og til å foreta ytterligere regulering og overføring av Stølsåna i Røldal-Suldal vassdraget. Tilråding fra Industridepartementet av 17. april 1964, godkjent ved kongelig resolusjon samme dag. (Foredratt av statsråd Karl Trasti. ) Med Stortingets samtykke ble ved kongelig resolusjon av…

Vassdragskonsesjon for Røldal-Suldal Kraft 21. desember 1962 (Hoveddokument)

Meddelte vassdragskonsesjoner 1962. 53.     Et stiftendes aksjeselskap med A/ S Rjukanfos og staten som deltakere. (Tillatelse til erverv og regulering i Røldal­-Suldalsvassdragene m. v.)Kgl. res. av 21. desember 1962. Stortinget har ifølge meddelelse fra dets presidentskap i møte 10. desember 1962 gjort følgende vedtak: «Stortinget samtykker i at et stiftendes aksjeselskap med A/S Rjukanfos og…

Uttalelse fra Røldal herredstyre 18. januar 1962

St. prp. nr. 29. 16 – 1962-63 Tillatelse for et stiftendes aksjeselskap med A/S Rjukanfos og staten som deltakere, til erverv og regulering i Røldal—Suldalvassdraget m. v. Røldal herred styre vedtok i møte18. januar 1962 enstemmig følgende uttalelse:«I Norsk Hydro sin konsesjonssøknad m/vedlegg p. v. a. dotterselskapet A/S Rjukanfoss, er det gjort nærare greide for…