Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad 25. januar 2021 kl 04.00 – Skrevet av Sondof Rabbe

Det virkar meiningslaust at fjellbygdene skal subsidiera dei rikaste områda i landet, skriv Sondof Rabbe. Arkivfoto
– Det virkar meiningslaust at fjellbygdene skal subsidiera dei rikaste områda i landet, skriv Sondof Rabbe. Arkivfoto

MEININGAR Adm.dir. Bjørn Honningsvåg i Lyse skriv i Haugesunds Avis 19.01.21 om samarbeidsavtalen for Røldal Suldal Kraft – mellom Hydro og Lyse. Han fokuserer særlig på at Hydro blir sikra kraft til industriverksemd, men kjem lite inn på Lyse si rolle og interesse.

Lyse Kraft er eigd av 14 kommunar i Sør-Rogaland. Selskapet har mellom 1999 og 2018 gjeve desse kommunane eit utbytte på 11,2 milliardar kroner – eit snitt på ca. ein halv milliard kroner per år. Ved å innlemma RSK i systemet, vil Stavanger, Sandnes, Sola, osv. bli tilført mange hundre millionar ekstra i årlig utbytte. Då skal altså indre bygder forsyna eit av landets rikaste område med desse inntektene for all framtid!

Røldal og Suldal har ofra enorme verdiar, i form av naturressurser, næring og kultur. Røldalsvatnet ligg for det meste sterkt nedtappa, med glisande, kvite strender – dette er uverdig å ha midt i ei bygd. Valdalen har ein vanskelig og farlig tilkomst store deler av året. Novlefossen sitt tørre elveløp ligg sentralt i landskapsrommet som blir Røldal sitt tilkomstområde mellom nye vegtunellar.

Hydro sin konsesjon frå 1962 var basert på heimfall, dette betyr i hovedsak at 2/3 går til staten, og 1/3 til berørte kommunar. Det er etter lovendringar høve for private å eiga opptil 1/3, og at 2/3 skal ha offentleg eigarskap.

Dei 14 kommunane i Sør-Rogaland er forsåvidt offentlege, men har liten relasjon til bygdene Røldal og Suldal. Kunne 14 kommunar i Nord-Norge også påberopa seg offentleg eigarskap i Røldal Suldal?

Omgrepa offentleg eigarskap og «fellesskapets beste» er her strekt ganske langt. Det virkar meiningslaust at fjellbygdene skal subsidiera dei rikaste områda i landet, der utbygging og vekst er i stadig konflikt med jordvern. Dersom Hydro og Lyse får gjennomført denne avtalen, vil våre kraftressurser bidra til omfattande nedbygging av dyrka jord på Jæren.

At indre fjellbygder til evig tid skal forsyna Stavanger-området med hundrevis av millionar kroner årlig – til evig tid, kan neppe vera i tråd med intensjonane for «fellesskapets beste». Ansvarlige politikarar må setja foten ned for dette, og finna ei anna, meir rettferdig fordeling av verdiane!

Lesarinnlegg frå Hardanger Folkeblad 25. januar 2021 kl 04.00 – Skrevet av Sondof Rabbe

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..