Skrevet av Olav Rabbe – januar 2021
Røldal har to kraftmagasin som er klassifisert i høgaste risikoklasse (klasse 4)
I tillegg er Røldalsvatnet senka inntil 17 meter ein stor del av året.
Det er nødvendig med uavhengig geologisk vurdering av risiko for ras i samband med følgjande reguleringsmagasin:

Valdalen:
Bilvegen på vestsida av magasinet er bygd (med buldozer) i bratt terreng på morene/lausmasse.
Vegen er smal med dårlege vegskulder og føringskantene er stort sett øydelagde.
Størsteparten av vegen frå Øvlandsstølen ved Hyttejuvet til innst i Valdalen går i bratt og rasutsett terreng. Det er kvart einaste år steinsprang og mindre ras ned i vegbanen og av og til utrasing av sjølve vegbanen.
Vegen som ikkje har fast dekke er arbeidskrevjande å halda i stand, dette medfører at store deler av brukssesongen frå 1. juni – oktober/november framstår vegen som svært dårleg.
Vegen er på ingen måte god nok til dagens trafikk. Spesiell fare for ulukker med tunge kjøretøy
(sauetransport vår/haust).
Valdalsmagasinet (vatnet):
Valdalen har bratte dalsider med store morene- og leireavsetninger som kan vera utsett for ras i magasinet. Spesielt området frå dammen i Hyttejuvet til Grytingsstølen.
Dalen ligg i ei forkastningssone med morene og leiravsetningar frå istida i dalsidene, oppå morenen er det i bratte partier store urer som har bygd seg opp i tida etter siste istid.
Større ras ned i magasinet kan lage flodbølger med risiko for skade på dammen.
Geoteknisk vurdering er nødvendig.
Bilvegen til Middalen (innst i Valdalen):
Også denne vegen er bygd i skråhadler med buldozer.
Vegen er lagt slik i terrenget at denne er farleg å følgja om vinteren.
Her har det vore dødsulukke og fleire nesten-ulukker.
Geoteknisk vurdering er nødvendig og omlegging av ein del av traseen.
Bilvegen frå Åsen til «vegenden» ved gamle Valdalsosen nede i magasinet:
Tilsvarande problem som for Middalsvegen.
Stor risiko ved nedtappa magasin, særleg om vinteren.
Geoteknisk vurdering er nødvendig og omlegging av vegen.
Veg ned i magasinet ved dammen i Hyttejuvet:
Vegen er bratt og rasutsett både sommar og vinter, fare både for stein og isras.
Her har det vore fleire nesten-ulukker vinterstid.
Geoteknisk vurdering er nødvendig og vesentleg inngrep for å auka tryggleiken.
Kjømbergsvegen i Finnemolia: (på austsida av magasinet)
Stor risiko ved sterkt nedtappa magasin, særleg om vinteren.
Omlegging av vegen er nødvendig.
Røldalsvatnet:
Vatnet er senka inntil 17 meter vinter/vår.
Geoteknisk vurdering er nødvendig for å vurdera rasfare som medfører fare for menneske som ferdast langs vatnet og for om det kan oppstå flodbølger med risiko for skade infrastruktur og menneske.