

Skrevet av Kristin Eide for Hardanger Folkeblad, publisert 31. januar 2023 kl 8:50
Nils Vetle Medhus (26) og Robin Tveit (21) er nøgde med at dei tok turen til Oslo då Stortinget tysdag handsama representantforslaget om ny full revisjon av vasskraftanlegga i Røldal og Suldal.
– Me ville oppleva korleis det var å vitne då saka i dag skulle debatterast. Ein får eit anna inntrykk når ein ser ting med eigne auge, og samstundes får ein meir innverknad når ein sjølv er til stades, seier Nils Vetle Medhus.
Dei siste åra har 26-åringen engasjert seg i det som har skjedd etter kraftutbygginga i Røldal, og konsekvensane det har hatt for Valldalen. Røldal-Suldal Kraft skulle førast tilbake til staten etter 60 år, men enda til slutt på Hydro og Lyse sine hender.
Då dei slo seg saman, fekk dei samtidig realisert ei vasskraftavtale og overtok Røldal-Suldal Kraft til evig tid, på dei same vilkåra som tidlegare. Dette har ført til heit debatt i lokalsamfunnet, og då Stortinget tysdag handsama representantforslaget frå Sofie Marhaug (Rødt) om ny full revisjon av vasskraftanlegga i Røldal og Suldal valde Nils Vetle å ta turen saman med Robin Tveit og Håvard Rabbe.
Møtte ministeren
– Me prøvde å setje vårt vesle preg på saka, og gjorde det me kunne frå galleriet. Me fekk og prata med Terje Aasland og Linda Monsen Merkesdal, fortel Medhus.
Møtet med olje- og energiminister Aasland og Merkesdal, som sit i energi- og miljøkomiteen, varte kring fem minutt. Røldølingane meiner at dette bidreg til å setja både bygda, og deira kamp, på kartet.

– Me tente på turen. Me hadde meir innflytelse i dag, enn me hadde hatt med mange timars arbeid heimanfrå, meiner Medhus.
Kjempar vidare
Trass i at Tveit ikkje trur vedtaket vil gå i deira favør, meiner også han det er viktig å vera til stades. 21-åringen peiker på at ein får ein annan kontakt med folk i person, men legg til at ein heller ikkje skal undervurdera effekten av videoane og innlegga dei lagar heimanfrå.
– Eg har vore engasjert i saka ganske lenge, og det var ein av grunnane for at eg melde meg inn i Senterpartiet i 2018. Etter Lyse-avtalen starta eg å engasjera meg offentleg, fortel Tveit.
Røldal-Suldal-anleggene
Røldal-Suldal-utbyggingen foregikk i årene fra 1963 til 1968.
Norsk Hydro kjøpte fallrettighetene i Røldalsvassdraget og Suldalsvassdraget i 1950-årene med sikte på å produsere kraft til et framtidig aluminiumsverk. Valldalen ble tatt med tvang til protester i lokalmiljøet.
Hydros kraftverk i Røldal-Suldal består av magasiner og ni kraftverk som strekker seg langs Røldals- og Suldalsvassdraget ned til Suldalsvatnet.
Etter den opprinnelige tillatelsen av 1962 ville kraftverkene med tilhørende rettigheter hjemfalle til staten i 2022. Men i dag eier Lyse Kraft 95,2 prosent av kraftverkene i Røldal og Suldal, mens Statkraft eier de resterende 4,8 prosent.
Ved kongelig resolusjon av 11. juni 2021 ble de tidligere tidsbegrensede konsesjonene omgjort til å gjelde uten tidsbegrensning.
Det pågår nå en revisjon av vilkårene der blant annet miljøspørsmål skal diskuteres.
Dei to legg ikkje skjul på at dei er forbanna over avtalen mellom Hydro og Lyse, og lovar å halda fram kampen. Begge kjem frå familiar som har eigedomar i Valldalen, men skal i utgangspunktet ikkje arva desse, og har ikkje dette som hovudmotivasjon.
Økonomi
– Sjølv om me er nært knytte til Valldalen, vil eg presisera at dette ikkje er den einaste grunnen til at me bryr oss. Personleg tenar me ikkje pengar på dette. Alle dugnadstimane me har lagt ned rundt dette, handlar derimot om at rett skal vera rett, understrekar Tveit.

Dei minner om at bakgrunnen for utbygginga for 60 år sidan var i sikra straum til kraftkrevjande industri. Dette premissen er no vekke, men verken kommunen eller bygda sit att med nokon større kompensasjon.
– Jo meir eg grev i det som har skjedd, dess meir uvel vert eg. Å prata om arvesølv og folkets eigedom heve ikkje rot i verkelegheita, seier Medhus.
Han trur ikkje folk skjønar kor store verdiar som vert tappa ut frå Røldalsfjella, men viser til at det kjem nok straum derifrå til å forsyna to smelteverk på storleik med Boliden etter utvidinga. Samstundes er ikkje økonomien hovudpoenget for dei to røldølingane.
Framtida
– Først og fremst handlar det om å retta opp i problema knytt til naturen. Me ønskjer trygg tilkomst, og varige tiltak. Eg ser derfor på det som ein provokasjon når Lysedirektør Bjørn Honningsvåg går ut i HF og skryt av innsatsen Hydro og Lyse legg ned for tilkomst og tapt natur i Røldalsområdet, kommenterer Tveit.
21-åringen er på Senterpartiet si vallista til hausten, og legg ikkje skjul på at han er ueinig med ordføraren sitt utspel om eit fond på 200 millionar kroner i form av eingongsutbetaling. For ungdomane er varige tiltak i og rundt vassdraget det største ønsket.
– Ein må sikra at dei delane av landet som er eller skal utsetjast for kraftinngrep sit att med litt. Det skal vera ein slags bytehandel, men slik situasjonen er no sit Hydro og Lyse att som vinnarar, medan det norske folk, kommune, lokalbefolkning og natur står at som dei store taparane, hevdar Medhus.
Skrevet av Kristin Eide for Hardanger Folkeblad, publisert 31. januar 2023 kl 8:50