Jornalist Sigmund Hansen skriv 10. juli 2022 på Facebook:

Eg ser at Stavanger Aftenblad kallar auka mellombels beskatning av Lyse pga eventyrlege kraftinntekter som eit «raid mot Lyse». Kva namn vil dei då setja på Lyse og Hydro som fekk politikarfleirtalet med seg på å få overført heile Røldal-Suldal Kraft gratis til evig tid når anlegget var klart for heimfall til staten og vertskommunane, Suldal og Ullensvang, etter at Hydro hadde tent milliardar på anlegget i den avtalte 60 årige leigeperioden? Kvifor var ikkje Stavanger og Sandnespolitikarane vaksne nok til å takka nei til dette ranet? Sognekraft og BKK takka nei til å vera med Hydroadvokatane på spelet. Lyse hadde korkje styre eller leiing med ei slik moralsk grunnlag. Og nå gret dei over at dei må dela litt av dette overskotet med mindre heldig stilte kommunar. Mellombels. Men ranet sytte Tina Bru og stortingsfleirtalet blei gjort permanent – med hundrevis av millionar til Lyses eigarkommunar og Hydros aksjonærar til evig tid!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..