Sondof Rabbe – Haukelivegen 90 – 5760 Røldal
10.01.21
Til
Energi- og miljøkomitéen
Dokument 8:82S (2020-2021) Innspel
Røldal Suldal Kraft sine anlegg vart i hovudsak bygd ut på 1960-talet. Det er seinare gjort ein del tilleggsutbyggingar i nokre mindre vassdrag innafor området.
Utbygginga skulle gje kraft til aluminiumsproduksjon på Karmøy – industrireising var svært aktuelt i denne tida, folk i Røldal og Suldal måtte innsjå at storsamfunnet sine behov var viktige – svært mykje av lokal kultur og natur vart ofra.
Konsesjonen frå 1962 er basert på heimfall –
ein har derfor i omtrent 60 år levd med visse om at anlegget skulle tilfalla stat og kommunar etter 60 år.
Hydro gjer ein selskapsfinte for å unngå heimfall.
Eg meiner at det er mot intensjonane i konsesjonskontrakten at ein stor del av overskotet skal tilfalla ytre del av Rogaland – gjennom Lyse Kraft.
Indre bygder, der verdiane blir skapt, treng sårt å få tilbake sin del etter å ha ofra så mykje av lokalt næringsliv, stølskultur, og naturressurser.
Det kjem ikkje klart fram korleis Hydro og Lyse stiller seg til konsesjonsbetingelsene frå 1962 – i det heile har prosessen vore lite åpen.
Hydro har arrangert eit par folkemøte – der har fokus vore på små detaljer,
som t.d. om sjøauren kan ta seg opp eit par hundre meter i Bratlandsdalsåna, eller om nokre reinsdyr vågar å kryssa ei delvis åpen elv ved Holmevatnet.
Dei viktige sakene, som t.d. tilkomst i Valdalen (sommar og vinter), nedtapping av Røldalsvatnet, tørrlagde elvar og fossar, vannstand som stadig går opp og ned – slike tema er omtrent ikkje er omtala i Hydro sine presentasjonar.
Dette er ei stor sak, med konsekvenser for lang tid framover.
Derfor må både eigarskap og konsesjonsbetingelser få ein grundig gjennomgang,
der alle relevante forhold – både erfaringar etter 60 år, og dagens krav – blir teke med i handsaminga.
Det er eit demokratisk problem at dette skal kjørast fram som ei hastesak – utan innsikt for ålmenta og involverte partar.
Primært må kraftanlegga underleggjast heimfall, som er føresetnaden i konsesjonen frå 1962.
I alle høve må konsesjonsbetingelsene få ein ny behandling – der erfaringar frå 60 år, samt dagens krav til kraftutbyggingar blir grundig vurdert.
Dette må ikkje kjørast fram som ei hastesak, men alle innspel må takast med når nye betingelser skal fastleggjast. Dersom konsesjonen skal bli evigvarande, er det særleg grunn til at dette får ei grundig handsaming.
Med helsing
Sondof Rabbe Haukelivegen 90 5760 Røldal
Grunneigar gnr. 20 bnr. 1 – bl.a. med eigedom i Valdalen og Votna
Vedlegg: Røldalsvatnet på topp
Røldal Suldal Kraft – selskapsfinte mot heimfallsrett
innlegg i Hardanger Folkeblad 28.06.06 innlegg i Hardanger Folkeblad 04.12.20