St. prp. nr. 29. 16 – 1962-63

Tillatelse for et stiftendes aksjeselskap med A/S Rjukanfos og staten som deltakere, til erverv og regulering i Røldal—Suldalvassdraget m. v.

Røldal herred styre vedtok i møte
18. januar 1962 enstemmig følgende uttalelse:
«I Norsk Hydro sin konsesjonssøknad m/
vedlegg p. v. a. dotterselskapet A/S Rjukan
foss, er det gjort nærare greide for regule
rings- og utbyggingsplanene. Kommunen sin
tekniske konsulent, sivilingeniør Erik Ræstad,
har gjeve ei utgreiing om dei hydrologiske
tilhøva i vassdraga, og har knytt ein del kom
mentarar til konsesjonssøknaden. Denne ut
greiinga fylgjer som vedlegg 7. Kommunesty
ret viser til dette materialet og vil i det høve
peike på fylgjande omfatande endringar i
naturtilhøva i Røldal.

Etter søknaden vert Valdalen neddemd ved
ein 85 m høg dam i Hyttejuvet. Dermed vil
Valldalselva/Storelva frå damstaden til Røl
dalsvatnet verta så å seia heilt turrlagd. Det
same kjem eventuelt også til å gjelde Risbu
elva, Nøvlefossen, Grytøyelva og elva gjennom
Brattlandsdalen. Votnavatnet vert oppdemt
med ein 45 m høg dam og 3338 da beitemark
vert sett under vatn. Røldalsvatnet vert senka
med heile 17 m.

Berre det som alt er nemnt framanfor syner
at den planlagde reguleringa vil føre med seg
sers store og alvorlege skadeverknader for dei
einskilde grunneigarar og for eigarar av
andre rettar, og ikkje minst for kommunen i
det heile.

Røldal er ei fjellbygd der hovudnæringa
gjennom mange hundreår har vore jordbruk,
med stølsdrift og geitehald som den viktigaste
faktor. Gardsbruka er små, men dei fleste
har noko skog, dei beste teigane i Valldalen
og på sørsida av Røldalsvatnet, slik at dei har
hatt nok til eige bruk og gjerne litt til sal,
nok til at bygda har vore sjølvhjelpt med
brensel.

Det er helst lite dyrkingsjord heime i sjølve
Røldal og det meste er utnytta, men inne i
Valldalen ligg enno fine og flate vidder, som
med moderne maskinutstyr kan leggjast un
der kultur for ein rimeleg kostnad og gje god
avkastning. Ved sida av jordbruket har folket
vore nøydd til å nytte ut alle høve til å skaffe
seg nok inntekter til levemåten.

Med si vakre natur, sine fossar og fjell og
speglande vatn, har Røldal kunna glea seg
over ein aukande straum av turistar frå alle
land i verda, og turistnæringa har etter kvart
vorte ei viktig inntektskjelde ved sida av
jordbruket. Når Heilårsvegen er ferdig skulle
Røldal ha alle føresetnader for å verta eit
førsterangs vintersportssentrum, men då må
ikkje bygda verta utskjemd av øydelagt natur
og skjemmande sår i landskapet.
Det er vel ikkje tvil om at foruten skadane
på jordbruket, vil den påtenkte reguleringa
også ha store skadeverknader for turist
næringa.

Ein kan dermed sikkert slå fast, at ved dei
planlagde regulerings- og utbyggingsarbeid
vil Røldal misse fundamentale delar av sitt
næringsgrunnlag. Inngrepa vil i røynda verta
av ein slik storleik og av ei så alvorleg natur
at kommunen har vore inne på tanken om å
leggja ned protest mot gjennomføring av pla
nane. Når ein likevel tek omsyn til at konse
sjonssøknaden gjeld eit prosjekt av stor na
sjonaløkonomisk vekt, vil Røldal kommune
styre ikkje setje seg i mot at det på visse
vilkår vert gjeve konsesjon, men då må det
og frå konsesjonssøkjaren si side, så langt
råd er, verta ytt og ofra noko for å søkje å
avbøte skadeverknadene og den alvorlege for
ringinga av levevilkåra i den bygda som den
veldige kraftutbygginga i fyrste rekkje vil gå
ut over.

I denne samanheng vil me nemne at kom
munen helsar Norsk Hydro sine skogreis
ningsplanar med glede. Me vil likevel streka
under at dette er ein langtidsplan som fyrst
langt ut i framtida om 50—60 år — kanskje
kan tenkjast å skaffe noko inntekter til
bygda. Skogreisningsplanen bør verta nær
mare utarbeidd og drøfta mellom Norsk Hydro
og kommunen. Reint generelt vil kommune
styret uttale at skogreisningsplanen som øko
nomisk faktor ligg så langt fram i tida at
den ikkje på nokon måte må få innverknad
på dei konsesjonsvilkår som det er naturleg
og rimeleg å fastsetja ved ei så vidfemnande
regulering og med så store inngrep i natur
tilhøva.

Kommunen tillet seg å be om at statsmak
tene ved fastsetjinga av konsesjonsvilkåra tek
omsyn til fylgjande punkt:

  1. På bakgrunn av dei svære inngrep og
    skadebotverknader av den storleik det her
    er tale om, at søknaden omfatar løyve til
    å rå over alt vatn, og at ålmenta og vert
    påførd skade, finn kommunestyret at ei
    konsesjonsavgift på kr. 4,50 pr. natur
    hestekraft må høve.

    Kommunestyret vil i denne samanheng
    også streka under at ved ei fastsetjing
    av avgifta må ein ha for auga at Røldal
    vert fråteken dei uvanlig store kraft
    mengdene det her er tale om, me di
    krafta skal førast ut or bygda for å verta
    nytta til storindustri på annan kant av
    landet.

    Dei store utbyggingsarbeida som vil verta
    sette i gang, vil snu heilt om tilhøva i
    Røldal. Kommunen vil alt frå fyrste stund
    verta stilt framfor store og ulike oppgå
    ver som ein ikkje utan vidare vil kunna
    makte å løyse. Såleis kan ein og peike på
    at kommunen truleg straks lyt tilsetja
    kvalifiserte fagfolk til å ta seg av dei
    mange tekniske oppgåver og spørsmål
    som melder seg. Dette vil koste etter må
    ten store summar, og ein finn det rimeleg
    at Norsk Hydro — helst friviljug stiller
    til rådvelde — eller vert pålagd å utbe
    tale forskotsvis ein del av konsesjonsav
    giftene, t. d. kr. 75 000,— så snart an
    leggsarbeidet tek til.

  2. Regulerings- og utbyggingsarbeida fører
    med seg at ein del av dei noverande ve
    gane i Røldal vert sett under vatn. Ei
    eventuell senking av Røldalsvatnet vil
    verke til at gamle ferdslevegar over isen
    vert øydelagde, og at båtferdsla på vatnet
    vert gjord vanskelegare. Neddemminga
    av Valldalen vil gjera det aktuelt å finne
    nye støls- og beiteområde i bygda. For å
    kunne utnytte desse må det byggast ve
    gar fram til dei. Kommunestyret vil di
    for gjera krav om at konsesjonssøkjaren
    vert pålagd å bygge desse vegane:

    a. Veg på nord-austsida av Valldalen
    over høgste regulerte vasstand. Føre
    setnaden må vera at vegen byrjar
    nedanfor Hyttejuvet, ved Ullstøl, og
    bør leggjast oppe i lia over Heialeitet
    —Valldalslia og fram til Middalen. På
    sørsida må det førast veg fram til
    Kjønberget. Vegane må haldast far
    bare for vintertransport og konse
    sjonssøkjaren må vårbrøyte vegane
    slik at dei er farande med bil fyrst i
    juni. Dei interesser desse to vegane
    skal tene går fram av vedlegg 2.

    b. Veg langs Røldalsvatnet frå Botnen til
    Grytøyr bru. Vinterbrøyting og som
    marvedlikehold må påleggjast. Sjå
    vedlegg 12 og 13.
    Veg frå inntaket ved Grytøyrelva
    (Åmot) til Nyastøl og vidare til Blå
    bergnutstølen.

    d. Veg frå riksvegen ovanfor Tufte og
    opp langs austsida av Tufteelva fram
    til Austdalen og vidare til Grøndalen.
    Ein vil her peike på at for å gje høve
    til betre utnytting av gamle beite
    strekningar og opne nye, vart det alt i
    1930-åra gjort framlegg frå Røldal
    jordstyre om å bygge veg om Aust
    dalen—Huseskar—Kjødnastølskar og
    vidare ned i Valldalen og dessutan veg
    til Grytdalen—Blåbergnutbeita. Dei
    tilsvarande krav som kommunestyret
    i dag gjer krav om, er såleis ikkje
    nye og oppkonstruerte på grunn av
    konsesjonssøknaden. Sjå Fylkestings
    boka for Hordaland 1947, sak 71.
    e. Veg frå riksvegen ved Edlandshaugen
    til Frøystøl.

    Vegen frå Botnen til Grytøy bru og
    vegen i Valldalen må byggjast som
    bygdeveg. Dei andre vegane vert å
    bygge som stølsbilvegar, då likevel
    slik at første delen av Austdalsvegen
    vert bygd som bygdeveg.

    Dei interesser dei nemnde vegane skal
    tene er nærare utgreidde i vedlegg 3.
    Det er kommunestyret sin føresetnad
    at det på vanleg måte vert fastsett at
    konsesjonssøkjaren vert pålagd å bera
    utgiftene til vedlikehald og utbetring
    av offentlege vegar og bruer der ein
    må rekne med at desse utgiftene vert
    serleg auka på grunn av anleggsar
    beidet. Det er vidare føresetnaden at
    vegar og bruer som konsesjonssøkja
    ren bygger, kan nyttast fritt av ål
    menta.

  3. Røldal kommune manglar samfunnshus.
    Det vil vera rett at konsesjonssøkjaren
    vert pålagd å vera med i utgiftene ved
    bygging av samfunnshus i staden for å
    bygge eit mellombels motehus.

  4. Konsesjonssøkjaren sitt vass- og kloakk
    anlegg må innpassast i kommunen sin
    kloakk- og vassverkdan. Det kan i denne
    samanheng nemnast at Storelva vert
    øydelagd som kloakkresipient. Kommunen
    vil gjerne ha tingingar med Norsk Hydro
    om denne saka for å koma fram til ei
    løysing. Dersom dette ikkje fører fram,
    bør Norsk Hydro påleggjast å yte tilskot
    til løysing av kloakk- og vassverkanlegg.
    Det vert vist til vedlagte uttale frå di
    striktslækjaren i Røldal om desse spørs
    måla, vedlegg 4.

    Ei stor oppgåve som står for tur er ut
    arbeiding av reguleringsplan for Røldal.
    Norsk Hydro sine bygningar og anlegg
    bør innpassast i ein slik plan og konse
    sjonssøkjaren må påleggjast, i samsvar
    med konsesjonslova § 2, 7 å koste utar
    beidning av planen og å yte tilskot til
    gjennomføringa.

  5. Kommunen har gjort vedtak om bygging
    av ny skule. Tomt er sikra. Skulestyret
    reknar med at skulen vil verta ferdig
    hausten 1964. Ved planlegginga av skulen
    har skulesturet teke omsyn til den auken
    i talet på skuleborn i Røldal som ein må
    rekne med på grunn av Norsk Hydro sine
    anleggsarbeid. Skulen er planlagd med ei
    golvflate på 600 m 2. Med det barnetalet
    ein no har i Røldal, meiner skulestyret
    at 400 m 2 ville vera nok. Skulestyret har
    rekna med at skulen på grunn av den
    auka romplanen vert fordyra med ca. kr.
    500 000,—. Konsesjonssøkjaren bør på
    leggjast å yte tilskot til det nye skule
    bygget i samsvar med det.

    I samband med leikeplass til skulen er
    det tanken å få i stand ein idrottsplass.
    Norsk Hydro bør påleggjast å stø arbei
    det med eit slikt anlegg. Me viser til brev
    frå Tiltaksnemnda av 16.9.-1961 og frå
    Røldal skulestyre av 13.9.-1961, vedlegg
    5 og 6.

  6. Det er føresetnaden at det på vanleg måte
    vert pålagt konsesjonssøkjaren å innbe
    tale ein pengesum til jordbruksfond og
    fiskefond, og vidare at han vert pålagd å
    setje ut fiskeyngel i vassdraga etter de
    partementet sin nærmare plan.
    Konsesjonssøkjaren må og verta pålagd
    å tilsetja jakt- og fiskeoppsyn i anleggs
    tida.

  7. Sett som eit samla fallkompleks er Røl
    dal/Suldal-vassdraget eit sers konsentrert
    og verdfullt vassdrag. Det er på det reine
    at desse falla har vore selde uvanlegt
    billegt, samanhalde med det verde dei har
    i dag.

    I konsesjonssøknaden er det gjort greide
    for kor store valutainntekter energipro
    duksjonen kan gje att t. d. ved framstil
    ling av aluminium. 2 milliarder kWh år
    leg i medel i eit kraftkompleks som det
    vil koste 270 mill. å bygge ut, tilsvarar
    omlag 100 000 tonn aluminium årleg til
    eit salsverde av omlag 330 mill. kroner.
    På denne bakgrunn må ein i dag vurdere
    dei attståande fallstrekningar og revur
    dere dei fallstrekningar som er selde, i
    høgste prisslag på rå vasskraft. Me viser
    i dette høve til § 12, 9 i reguleringslova.

  8. Når det gjeld Norsk Hydro sitt framlegg
    til manøvreringsreglement, syner kom
    munestyret til den før nemnde utgrei
    dinga frå kommunen sin tekniske konsu
    lent, sjå vedlegg nr. 1. Det er føreset
    naden at det ikkje vert gjort noko vedtak
    når det gjeld Suldalslågen som kan koma
    til å kollidere med Røldal sine interesser.

  9. For å kunna leggje til rette vilkåra for
    nye næringsgreiner i Røldal, må konse
    sjonssøkjaren verta pålagd å avstå kraft
    til Røldal kommune i samsvar med dei
    reglar som er sette i reguleringslova § 12
    post 15, og i det høve leggje til grunn
    den høgste kraftmengde ein etter lova
    kan krevje. Krafta må leverast til sjølv
    kostnad.

  10. Ved reguleringa av Valldalen må ein
    rekne med at det økonomiske drifts
    grunnlaget for Røldal ysteri vert så
    svekka at det kan verta vanskeleg å halde
    drifta oppe. Som kjent er Røldals-geit
    osten ei landskjend vare, og det ville vera
    sers leit om ein skulle sjå seg nøydd til
    å innstille produksjonen av denne.
    For at det om mogeleg skal verta rek
    ningssvarande å halde ysteriet i gang,
    endå om mjølkemengda vert mindre, må
    konsesjonssøkjaren verta pålagd å yte til
    skot til drifta, eller i verste fall yte full
    skadebot om ysteriet må leggjast ned.
    Konsesjonssøkjaren må så langt råd er
    nytte den kvalifiserte arbeidskraft som
    er å finne i bygda, og arbeidarane må
    takast inn gjennom det offentlege ar
    beidskontoret.

  11. Med heimel i reguleringslova § 12, punkt
    18, bør Norsk Hydro også verta pålagd
    fylgjande:
    Opparbeiding av nye kulturbeitefelt som
    delvis skadebot for neddemde vidder.
    Rydding av neddemd grunn og nytting
    av fyllmassene frå tunnelar, trykksjakter
    og kraftstasjoner m. m. på ein slik måte
    at ein slepp skjemmande steintippar.
    Der vassføra ikkje lenger er gjerde for
    beitefe, må konsesjonssøkjaren verta på
    lagd å setje opp forsvarleg gjerde, og
    halde gjerdet i stand i framtida.
    Om mogeleg må massane frå utspreng
    ningar av kraftstasjonane og tilførsels
    tunnelen nvttast til planering t. d. ved
    Lynghamar og dei turrlagde elvefara på
    begge sider av Kalsøyna. Dei turrlagde
    og planerte områda bør vederlagsfritt
    stillast til råvelde for industrireisning
    eller andre tiltak som kan styrkje
    næringsgrunnlaget i bygda i framtida.

    Geotekniske granskingar er berre føre
    tekne der Storelva fell ut i Røldalsvatnet.
    Tilsvarande granskingar må og gjerast
    på dei stadene som er nemnde i ved
    lagde uttale frå Tiltaksnemnda i Røldal,
    vedlegg 7. Dersom såvorne granskingar
    syner at det vil vera fare for utrasing,
    må konsesjonssøkjaren verta pålagd å ut
    føre turvande sikringstiltak.
    Me vil og peike på opplysningane i det
    nemnde vedlegg om turvande båtopptrekk
    i Røldalsvatnet.

    Av omsyn til dei store interesser som
    knyter seg til turistnæringa i Røldal, bør
    konsesjonssøkjaren verta pålagd å halde
    vass-standen i Røldalsvatnet oppe i tida.
  12. juni—30. september, slik at det i denne
    tida ikkje vert senka under kote 378.
    Vidare bør det undersøkjast om det er
    mogeleg å skaffe vassføring i Nøvlefos
    sen og Brattlandsdalen i same tidsrom.
    Som vedlegg 8 legg me ved eit stutt over
    syn over turisttrafikken i Røldal. Uttale
    frå Landslaget for reiselivet i Norge fylg
    jer som vedlegg 9 og notat frå Kontoret
    for områdeplanlegging for Bergen og
    Hordaland som vedlegg 10.
    Det bør gjerast vedtak om at ekspropria
    sjonsskjønnet også kan konstituerast
    som tiltaksskjønn.»

    Det framgår av bilag 2 at vegen til Vall
    dalsvatn sommer som vinter har vært ad
    komsten til stølene, beite- skog- og jaktom
    rådene i dalen og de nedre partier av Hard
    angervidda samt til turisthyttene Valldalseter
    og Litlos. Belegget på disse hytter har de
    siste år vært 300—400 i påsken og 1 500—
    2 000 overnattinger om sommeren. Om kring
    3 000 sauer sies å beite i Vivassdalen og inne
    på Hardangervidda. I selve Valldalen er tallet
    oppgitt til ca. 1500. Dyrene transporteres
    med bil til og fra Valldalsvatn. Herredskog
    mestercn i Kvam har beregnet gjenværende
    bjerkeskog etter reguleringen til ca. 770 da
    netto.