Fra Valdalen i Røldal – Foto: Knut Gløersen

Publisert i Hardanger Folkeblad – fredag 4. desember 2020

NORSK HYDRO fekk konsesjon for anlegga til Røldal Suldal Kraft ved kongelig resolusjon 21.12.1962. Konsesjonen er ba- sert på heimfall til Staten etter 60 år – kfr. pkt 18. Regulerings- konsesjonen kan ikkje overdras – pkt. 19.

BYGDENE RØLDAL og Suldal har ofra store verdiar, dette skjedde i ei tid då industrirei- singa i Norge var høgt prioritert. Bygdene hadde lite å stilla opp med i forhold til Storsamfunnet og Utviklinga. Konsesjonen frå 1962 er kontrakten mellom byg- dene og Storsamfunnet. Store kraftutbyggingar i Norge har vore underlagt heimfallsretten gjennom eit århundre. Både leg og lærd har vore trygge på at heimfallsretten skulle gjelda, og at verdiane frå krafta i fram- tida skulle koma lokalsamfun- net og Storsamfunnet til gode.

MEN TIDA me lever i er sterkt prega av at dei store konserna skal styra og profittera. I VG 05.08.2015 kan me lesa: «Sel- skaps-finte sikrer norsk vann- kraft til Hydro: Hydro-sjefen: – Nå kan vi satse i 50 år. Statsmi- nister Erna Solberg og olje- og energiminister Tord Lien har, ved god hjelp av Hydro, pøn- sket ut et selskaps-triks som får Hydro-sjefen til å love satsning iNorgei50år.Iårasomergått etter dette, har det vore svært stilt om kva Hydro konkret har planlagt. No viser det seg at Hy- dro og Lyse Kraft har inngått ein avtale om å kunna overta kraftverket.

I NETTAVISA E24 står det 22.10.2020: «Hydro unngår at Staten tar over kraftverk» «Det- te er en gledens dag for alle som heier på norsk industri, norske arbeidsplasser og det grønne skiftet» Næringsminister Iselin Nybø

DET BLIR framstilt som positivt at ein ved ein selskaps-finte og triks unngår at Staten/kommu- nar overtar kraftverk. Dette er lite solidarisk i høve til kontrak- ten frå 1962, og bygdene/lokal- samfunna som gjev desse store verdiane. Eit døme på kva ver- diar lokalsamfunnet har ofra er Valdalen – som vart sett under vatn i 1966.

EIN 90 meter høg dam, og eit magasin med lengde 9 km har teke 17 stølar, over 100 bygnin- gar, eit areal på omlag 6.000 de- kar, av dette 640 dekar dyrka/ slåttemark.

FOLK I Røldal budde på stølane frå juni til oktober – stølsdrifta var hovudfundamentet for næ- ringslivet i bygda Røldal. Ut- bygginga førte til ein kraftig knekk for natur, næringsliv og kultur – men kraftutbygginga skulle føra med seg mange nye, gode arbeidsplasser – både ved anlegg og drift.

60 ÅRS drift viser at sentralise- ring og automatisering har ført til at arbeidsplassene stadig blir færre. I lokalsamfunna ser ein at Hydro ikkje gjev så mykje til- bake som forespeila.

AVTALEN MELLOM Hydro og Lyse Kraft skaper endå meir usikkerhet om framtida, kva med konsesjonsbetingelser, konsesjonsavgifter, manøvre- ring, miljøforhold osv?

HYDRO VIL med ein «selskaps- finte» og «triks» unndra seg kontrakten som er inngått ved konsesjonen i 1962. Denne kon- sesjonen er basert på heimfall, og at den ikkje kan overdras, kfr. pkt 18 og 19. Vassdragsregu- leringslova § 28 Statens hjem- fallsrett, seier mellom anna at ein del av anlegget, opptil 1/3 skal tilfalla kommunar der an- legget ligg. At ein 60 år gamal kontrakt, som er basert på heimfall til fellesskapet, skal bli omgjort til ein evigvarande konsesjon, der utbyttet går til Hydro og kommunar i Sør-Ro- galand virkar ikkje moralsk rik- tig i forhold til dei lokalsam- funn som har ofra så store ver- dier. Hydro burde gå i dialog med lokalsamfunnet om erfaringar som er gjort gjennom 60 år, saman kan ein finna ut kor- leis ein kan praktisera i tråd med dagens kunnskap og krav.

HYDRO BØR finna fram til ein annan modell, der ein kan iva- reta industriproduksjonen, og i større grad visa respekt for byg- dene som har ofra så mykje til Storsamfunnet.

Sondof Rabbe