
Skrevet av Sigmund Hansen – Publisert 14. november 2020 i Haugesunds Avis
– Er det rimeleg at tolv eigarkommunar i kraftselskapet Lyse A/S i Sør-Rogaland pluss Hydrokonsernet skal hausta overskotet frå den enorme vasskraftproduksjonen i Røldal-Suldal Kraft til evig tid, medan vertskommunane sit att med lite og ingenting?
ULLENSVANG/SULDAL: Mannen som spør er ullensvangordførar Roald Aga Haug (Ap).
Haug har tidlegare kalla kraftavtalen mellom Hydro og Lyse «eit ran». Han viser til at staten etter heimfall skulle overtatt dei 60 år gamle anlegga i 2022.
Lyse og Hydro har i ein søknad til Olje- og energidepartementet (OED) 22. oktober i år søkt om å få eiga og driva Røldal-Suldal Kraft for all framtid i fellesskap – med nær 75 prosent eigarskap til Lyse og resten til Hydro.
Og dei ber OED om å få unntak for konsesjonsplikt og forkjøpsrett (heimfall til staten).
I dei to vertskommunane går alarmen.
Ullensvang og Suldal kommunar har engasjert advokatfirmaet Lund. Representantar for både Sp og Ap i Stortinget har alt stilt spørsmål om kva som skjer.
Og mandag sende ordførarane Roald Aga Haug (Ap) og Gerd Helen Bø (Sp) i Suldal eit brev der dei ber om eit møte med olje- og energiminister Tina Bru snarast.
Kravet frå dei to vertskommunane er heilt ny konsesjonsbehandling. Lyse og Hydro krev å få sleppa. Hydros nåverande konsesjon går ut 21 .desember 2022.
– Eit forsøk på eit kupp
– Hydro har heile tida visst at konsensjonen deira er moden for heimfall til staten i 2022. Men ved å alliera seg med eit offentleg selskap, i dette tilfellet Lyse, kan dei etter endringar i lova driva vidare med ein minoritetseigardel. Utfordringa deira er at heimfall vanlegvis krev ny konsesjonsbehandling. Og då ville Ullensvang og Suldal kommunar, og bygdene Røldal og Øvre Suldal, kunna fremja nye og langt meir tidsmessige krav enn det som blei fastsett for konsesjonen frå 1962, seier leiar i Røldal grunneigarlag, Olav Rabbe.

– Kva for krav?
– Mykje varsamare regulering av vasstanden i Røldalsvatnet og i magasina, opning av den tørrlagde Novlefossen i turistsesongen, sikker veg inn Valldalen og vekstfremjande næringsfond for bygdene. Hugs at Røldal-Suldal Kraft produserer verdiar for over ein milliard kroner i året. Det kan då ikkje vera rett at heimfalne kraftanlegg, som tilhøyrer staten, skal hamna i kommunekassane i Sør-Rogaland og på Hydro sin konto? spør Rabbe.
Lyse eiges av Stavanger (45,7 prosent) og Sandnes kommuner (19,5).
Straum til ni kraftstasjonar
– Men ny konsesjonsbehandling vil Hydro og Lyse unngå. Dei tenkjer at Lyse Kraft DA etter deira opplegg skal drifta vidare, til evig tid, på dei snart 60 år gamle, utgåande konsesjonsbetingelsene i Røldal-Suldal Kraft. Det vert i så fall tidenes ran av kraftressursar der lokalsamfunna i Røldal og Øvre Suldal berre sit att med dråpar, seier Olav Rabbe.
Han eig i Kjømberget på den veglause sida av Valldalsdammen.
– Kva meiner du bør skje?
– Me grunneigarane meiner at styresmaktene ikkje skal bli med på Lyse og Hydro sitt hastverk. Alle verdiane i Røldal-Suldal Kraft, vassmagasin og kraftverk, er modne for heimfall til staten i 2022. Dersom heile verdien av kraftmengdene i Røldal-Suldal utan omsyn til lokalsamfunna skal enda hos Lyse, pluss 25 prosent til Hydro, blir me vitne til ein politisk kraftskandale, meiner leiaren i grunneigarlaget.
Verdien av den årlege produksjonen i Røldal-Suldal Kraft, ligg på over ein milliard kroner. Vassmengdene er enorme, og dei går gjennom ni forskjellige kraftstasjonar og blir til straum.
Har skrevet brev
Dei to ordførarane skriv i brevet til olje- og energiministeren at dei er klar over at det nye selskapet Lyse Kraft DA har søkt om forlenging av gjeldande konsesjon – til ein såkalla «tidsuavgrensa konsesjon».
– Suldal og Ullensvang kommunar har tydelege synspunkt på denne søknaden, og det er naturleg at me som ordførarar får leggja desse fram direkte for statsråden, heiter det i brevet til statsråd Tina Bru.
Ordførarane viser elles til ei lengre utgreiing advokatfirmaet Lund, på oppdrag frå dei to kommunane, har sendt olje- og energidepartementet nyleg.

– Dette notatet gjer grundig greie for kvifor vertskommunane hadde grunn til å forventa at det ville bli ny konsesjonsbehandling med drøfting av konsesjonsvilkåra ved utløpet av konsesjonsperioden, skriv ordførarane Gerd Helen Bø og Roald Aga Haug.
Dei to kommunane krev at «I forbindelse med fusjonsavtale (Lyse og Hydro red.anm.), må det nye selskapet, Lyse Kraft DA, søke om fornyet konsesjon for Røldal-Suldal reguleringen».
Vil ha konsesjon for alltid
22. oktober i år søkte Hydro, Lyse og det nye Lyse Kraft DA i fellesskap olje- og energidepartementet om at vilkåret om tidsbegrensning i konsesjonen for Røldal-Suldal Kraft blir omgjort.
Og at «konsesjonen videreføres på uendra vilkår». Det vil seia at dei vil driva vidare på den gamle konsesjonen utan tidsbegrensing. Søknaden vart sendt til Olje- og energidepartementet dagen etter.
– Dersom departementet tar søknaden om omgjøring til følge, vil det nye selskapet (Lyse Kraft DA) få konsesjon på Røldal-Suldal anleggene til evig tid, skriv advokatfirmaet Lund, ved advokat Stein Erik Stinesen, på vegne av dei to vertskommunane.
Han viser til at både Hydro og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i fleire brev til departementet har skreve at konsesjonen for Røldal-Suldal Kraft skal fornyast ved heimfall i 2022.
Viser til SKL og Haugaland Kraft
Advokatfirma Thommesen skriv på vegne av Lyse og Hydro søknaden der dei ber om at det nye selskapet, Lyse Kraft DA, må få unntak frå konsesjonsplikt og forkjøpsrett.
I søknaden til statsråd Tina Bru viser dei til at «departementet kan, når særlige hensyn foreligger, fatte enkeltvedtak om unntak fra konsesjonsplikt og forkjøpsrett».

Vidare argumenterer advokatfirma Thommesen med at det var dette som skjedde då Sunnhordland kraftlag (SKL) overtok produksjonsverksemda til Haugaland Kraft – i bytte mot SKLs nett og markedsverksemd.
Til NVE er det også kome søknad frå Lyse/Hydro om at «tidsbegrensningene og hjemfall i konsesjoner for Røldal-Suldal Kraftanleggene omgjøres til å gjelde på ubegrenset tid og for øvrig videreføres på uendrede vilkår».
Dette svarar statsråden
Olje- og energiministeren har alt fått to spørsmål i Stortinget om Røldal-Suldal Kraft. Nils T. Bjørke (Sp) spurte om korleis overføringa av Røldal-Suldal Kraft vil påverka mogelegheitene for å gjennomføra revisjon av konsesjonen for dette anlegget.
Bjørke har tidlegare sagt til Haugesunds Avis at han meiner lokalsamfunn, vertskommunar og grunneigarar må bli mykje meir tilgodesett enn i den gamle konsesjonen som har «heimfall» til staten i 2022.
Ruth Grung (Ap) spurde statsråd Tina Bru (H) kva som skjer med miljøforbetringar i revisjonen av konsesjon for Røldal-Suldal Kraft, som Ullensvang kommune har bede om.
Bru ba i sitt svar om forståing for at det var for tidleg for henne å seia noko om utfallet av konsesjonsbehandlinga i departementet eller kva for vilkår som departementet vil stilla i sitt vedtak.
Bru svara vidare at Lyse og Hydro i søknaden seier at dei har krav etter vannfallrettighetslova på å få omgjort den tidlegare tidsavgrensa konsesjonen.

Men at Lyse Kraft DA er innforstått med «at omgjøringen til å gjelde i ubegrenset tid innebærer at det sannsynligvis vil bli inntatt bestemmelser om alminnelig revisjon i de overnevnte konsesjoner».
Grunneigar er skuffa
Ho la imidlertid til at det ikkje føreligg heimel for å kreva søknad om ny konsesjon eller å behandla revisjonane etter reglane om fornying av konsesjonen.
– Det er sers skuffande at statsråden seier det ikkje føreligg heimel for å kreva søknad om ny konsesjon når eit selskap, Lyse Kraft DA, overtek alle verdiane som elles skulle tilfalle oss alle, staten, ved heimfall av kraftverk 21. desember 2022, kommenterer grunneigar Olav Rabbe.
Bru lovar rett nok «alminneleg revisjon» av konsesjonane..
– Det kan hjelpa litt, men ikkje skjula det faktum at Lyse og Hydro stikk avgarde med alle vasskraftverdiane i Røldal-Suldal Kraft utan å betala eit øre – til evig tid, seier Rabbe.
Skrevet av Sigmund Hansen – Publisert 14. november 2020 i Haugesunds Avis