Artikkel frå Hardanger Folkeblad – 15. desember 2020, kl 18:49 – Skrevet av Sigmund Hansen

TAPAR 50 MILLIONAR: – Berre Ullensvang kommune taper 50 millionar i året dersom Lyse/Hydro får igjennom søknaden sin, slik dei har skreve han, seier ordførar Roald Aga Haug. Foto: Eivind Dahle Sjåstad (arkivfoto)

Stortinget vedtok måndag å oversenda representantforslaget frå seks Ap- og Sp-representantar som krev nye konsesjonsvilkår når Lyse og Hydro overtar Røldal-Suldal Kraft til klima- og miljøkomiteen for behandling.

(Haugesunds Avis) ULLENSVANG: – Me fekk forsikringar frå Olje- og energidepartementet at dei ikkje vil ta noko avgjerd om framtidige vilkår for overdraginga av Røldal-Suldal Kraft til Lyse Kraft DA før Stortinget har sagt sitt, seier Sp-tingmann Nils T. Bjørke frå Hordaland.

Det var partifellen hans og medlem i miljøkomiteen, Ole André Myhrvold, som på vegner av dei seks la fram forslaget i Stortinget.

– Det første som no skjer er at det skal veljast ein saksordførar. Det kan skje alt tysdag eller seinast tidleg i januar. Eg meiner at dette var det beste som kunne skje for å få saka skikkeleg belyst – når me no har fått klargjort at departementet ikkje gjev løyve før Stortinget har behandla saka, seier Bjørke.

– Godt nytt

– Det er godt nytt at mange i Stortinget no synest å ha forstått kva for brot på samfunnskontrakten det ville ha vore om departementet berre godkjende Hydro og Lyse sine ønskje om å få overta heile anlegget og driva vidare på den gamle konsesjonen sine vilkår, seier ullensvangordførar Roald Aga Haug.

VALLDALEN FØR NEDDEMMING: Dette sjeldne bildet, som Ragnar Utne tok og som er bevart i Kulturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo, viser stølsdalen slik han såg ut i 1965 frå Finnemo og Grøvestølen. Året etter var heile dalen, som var Vestlandets største stølsdal, neddemmt. Foto: Ragnar Utne

Han meiner det må på plass ein vidtrekkjande miljørevisjon, sikrare tilgang til områda, økonomisk kompensasjon i ein heilt annan storleik enn det dei hittil har sett. Og han ynskjer at alt dette må på plass når staten etter heimfall i 2022 faktisk overdreg milliardverdiane til Lyse og Hydro – til evig tid.

– Berre for Ullensvang kommune snakkar me, i høve til eit normalt heimfall til staten, for tap av om lag 50 millionar kroner i året til evig tid (med normale straumprisar). Dessutan har det ikkje skjedd nokon vesentlege miljøforbetringar i utbyggingsområda på snart 60 år. Her ligg framleis steintippar som skulle vore fjerna to år etter anlegget var ferdig i 1966. Konsesjonen gir Røldal-Suldal Kraft løyve til å køyra vassmengdene opp og ned 17 meter i Røldalsvatnet. Erosjonen er enorm, seier ordførar Aga Haug.

30 år til neste gong?

– Me synest det er naturleg at Olje- og energidepartementet vil venta på kva Stortinget har å sei om saka, så denne meldinga tek me sjølvsagt til etterretning, er kommentaren frå kommunikasjonssjef Øyvind Breivik i Hydro.

Medan Suldal og Ullensvang i sine uttaler til departementet viser til at det, etter lovas ordning, vil gå ytterlegare 30 år før det kan takast radikale grep med miljøavgjerder og andre vilkår dersom Hydro og Lyse får halda fram utover 2022 med drifta «på uendra vilkår», slik selskapa har søkt om, avviser Hydro Energi at dette er tilfelle.

– Det blir hevda at ved vidareføring av konsesjonen vil det først vera mogeleg å modernisera vilkåra i 2051. Dette stemmer ikkje, seier Øyvind Breivik.

Hydro har visst at når konsesjonen blir gjort om frå tidsavgrensa til evigvarande, vil den automatisk bli moden for vilkårsrevisjon – og dei har på denne bakgrunn bedt om at slike vilkår blir innført i konsesjonen.

Han viser til at Hydro har vore i dialog med vertskommunane i lang tid og at miljøutgreiingane blei fullført sist sommar.

VALDALEN: Her er et foto fra Valdalen frå Finnemo, ved moreneuttaket ved Grøvestølen. Foto: Ragnar Utne

– Berre noko «puttel»

Leiar i Røldal grunneigarlag, Olav Rabbe, seier det Hydro kallar miljø- eller vilkårsrevisjon berre er «noko puttel» som ikkje møter dei store utfordringane den snart 60 år gamle kraftkonsesjonen i Røldal-Suldal Kraft har skapt i Røldal og Suldal.

– Kall det kva du vil. Det er ny konsesjonsbehandling, med ein gjennomgang av heile anlegget frå topp til tå, me krev, seier han.

Røldal grunneigarlag har laga ein videofilm med bilde frå Valldalen før han blei neddemt og korleis det såg ut etterpå. Denne er blant anna sendt til alle stortingsrepresentantar, og lagsleiar Olav Rabbe fortel at filmen måndag kveld var delt over 11.000 gonger.

Nils T. Bjørke (Sp) vågar ikkje tippa noko om utfallet av denne saka i miljøkomiteen og i Stortinget – det er for tidleg å sei noko om.

– Men eg har i utgangspunktet tru på at me kan samla faktisk heile Stortinget bak eit krav om at vertskommunane og lokalsamfunna må koma mykje betre ut av denne krafthandelen enn det som låg inne i søknaden frå Lyse og Hydro, seier han.

Artikkel frå Hardanger Folkeblad – 15. desember 2020, kl 18:49 – Skrevet av Sigmund Hansen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..