Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad, 4. november 2020 – Skrevet av Nils Petter Rabbe, bygdepatriot

SAMANSLÅING: Hilde Merete Aasheim konsernsjef i Hydro, Olje- og energiminister Tina Bru og Eimund Nygaard konsernsjef i Lyse under ei markering etter at det vart klart at Lyse og Hydro går saman om å etablera eit nytt vasskraftselskap som blir ein av landets største vasskraftaktørar. Foto: Terje Pedersen

LESARBREVDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I Hardanger Folkeblad forsvarar Hydro avtalen med Lyse om å overta evig eigarskap til naturressursane i Røldal:

At ordførar kallar avtalen for eit ran er i beste fall ein misforståelse i og med at den skjer i tråd med gjeldande lovar og reglar – ifølge Hydro. Og det blir framheva at vertskommunane har lukrative ordningar med skatteutbetalingar, bruk av lokale tenester, arbeidsplassar, konsesjonskraft og erstatningar til grunneigarar.

Tilsynelatande er Hydro sitt innlegg meint som eit svar på ordføraren sin uttalelse om at avtalen mellom Hydro og Lyse er eit ran. Men mest av alt er det ei tåkelegging ovanfor den uvitande menigmann.

Informasjonen og dei konkrete tala Hydro presenterar kan oppfattast som eit godt alibi for vidare tilstedevære i Røldal-Suldal. Dessverre har ikkje dei fleste oversikt over kva som har skjedd og kva som er i ferd med å skje.

Er du ein som heiar på levande bygder, lokal verdiskaping og råderett over naturressursane så trur eg du kan vera einig med «den rasande ordføraren».

Men kvifor er Hydro/Lyse-avtalen eit «ran»? Bakgrunnen er at Hydro fekk ein avtale på 60 år for å nytta dei lokale vassressursane i Røldal-Suldal. På 1960-talet vart utbygginga av desse vurdert å vera den beste måten å skapa verdiar og bygga landet, til trass for at planane innebar øydeleggingar ingen andre lokalsamfunn har vore utsatt for. Hydro sin rett til kraftproduksjon var tidsbegrensa fram til 2022 og skulle deretter overførast til fellesskapet ved heimfall.

Per dags dato genererer Røldal-Suldal anlegga ei bruttoinntekt på ca 1.5 milliard kroner årleg. Hydro fokuserar på historien om at dei skapar store verdiar for lokalsamfunnet. Utan at eg har gjort noko djupdykk i tala Hydro legg fram, så kjem i overkant av 10 % tilbake lokalt gjennom diverse skattlegging og kanskje noko meir til staten. Langt mindre enn du og eg betalar i skatt. Likevel verkar det på Hydro som at me skal vera takksame for at dei blir verande i distriktet basert på pengane dei bidreg med. Det kan vera greit å nytte høvet til å minne om at uansett kven som hadde eigd anlegga i Røldal så hadde summen til samfunnet vore omtrent den samme. Bortsett frå at gjennom Hydro/Lyse-avtalen går det norske fellesskapet glipp av 70-80% av verdiane på krafta i eit evig perspektiv. Ved heimfall kunne det lokale utbyttet vore bortimot dobla. Ordføraren representerar folket i kommunen og min logikk seier meg at «ran» er ei folkeleg og presis tolking av det som skjer. Ein heilt legitim karakteristikk på prosessen som gjorde denne avtalen mogleg. Hydro svarar med jus på eit folkeleg utbrot. Ydmykheten og takken for at dei får overta 100% av fellesskapet sine ressursar er ikkje særleg framtredande.

Kvifor blir Hydro tildelt rettane i Røldal-Suldal vassdraget for den nette sum av 0 (null!) kroner? Kvifor må ikkje Hydro stå med huva i handa i ein open anbudsrunde i lag med andre private aktørar? Då kunne me, politikarar og heile samfunnet fått høve til å vurdera kva aktør som hadde størst vilje til å forvalta våre lokale kraftressursar på ein best mogleg måte.

Slik blir det ikkje som følge av eit spesialdesigna juridisk smutthull som truleg er regissert av Hydro sjølv – i lag med juristar i Brussel og i korridorane på Stortinget.

Derfor kan kraftgiganten slå seg på brøstet og fortelle oss at dei følger norsk lov. Enorme evigvarande verdiar går til ein eksklusiv privat aktør. Fellesskapet har blitt svikta og ved å inngå denne avtalen har også Lyse bevisst støtta opp om dette sviket for eiga vinnings skuld.

Hydro peikar også på at gjennom avtalen med Lyse bidreg dei til å sikre lokale arbeidsplassar og grøne industriarbeidsplassar. Forståeleg om ein har behov for å pynte på historiefortellinga – men det er ikkje slik at desse arbeidsplassane hadde gått tapt om kraftverket blei overtatt av staten eller andre private aktørar. Eit statleg eigd kraftverk måtte også drifta og leiga inn lokale tenester. At ein sikrar grøne arbeidsplassar i industrien er ein god visjon, men i praksis er dette også ein bløff, då krafta frå Røldal har blitt solgt på kraftbørsen sidan tidleg på 1990 talet. Det ligg ingen framtidige løfte til industrien på Karmøy. Hydro snakkar om grøn industrikraft akkurat som Elkem gjorde i Sauda. Kort etter at dei hadde fått kloa i krafta, vart smelteverket seld og Elkem står att i Sauda som eit reint kraftselskap. Straumforsyninga til smelteverket må no skaffast via kommersielle kraftavtalar.

Den «grøne visjonen» er eit argument som har solgt alt for godt politisk, dessverre!

Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad, 4. november 2020 – Skrevet av Nils Petter Rabbe, bygdepatriot

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..