Pressemelding
Røldal grunneigarlag har vedteke å be ESA som er EFTA sitt kontrollorgan å vurdera om overføringa av Røldal-Suldal Kraft AS (RSK) til Lyse Kraft DA er ulovleg statsstøtte etter EØS-avtalen artikkel 61.

RSK skulle ha heimfall til Staten den 22. desember 2022.
Heimfallet vart sletta ved ein ny kongeleg resolusjon den 11. juni 2021 der Lyse Kraft DA fekk tidsuavgrensa konsesjon. Hydro Energi er medeigar i det nye DA selskapet og er i tillegg driftsoperatør for både RSK og Lyse sine tidlegare heileigde verk, som ved Hydro-Lyse avtalen også blei overført til Lyse Kraft DA.

Hydro Energi AS har i praksis fått størstedelen av Røldal-Suldal Kraft gratis og disponerer no nær 80% av den krafta selskapet hadde frå RSK før avtalen med Lyse blei sett i kraft 1. januar 2021.

I klagen vil vi be ESA undersøkja om staten gjennom vedtaket har overført store og varige økonomiske verdiar til Lyse Kraft DA og Hydro Energi AS utan marknadsmessig vederlag. Dette gjeld særleg den evigvarande retten til disponering av naturressursane til kraftproduksjon frå Røldal-Suldal anlegga.

Bakgrunn

Røldal-Suldal Kraft produserer store mengder regulerbar vasskraft; 3,3 TWh/år. Verdien av fallrettar, kraftproduksjon og evigvarande konsesjon er svært store.
Då regjeringa opna for overføring til Lyse Kraft DA, vart det gjeve ein selektiv økonomisk fordel til bestemte kommersielle aktørar.

Etter EØS-avtalen kan offentlege tiltak vera ulovleg statsstøtte dersom:
«Kapittel 2. Statsstøtte. Art 61.
1. Med de unntak som er fastsatt i denne avtale, skal støtte gitt av EFs medlemsstater eller EFTA-statene eller støtte gitt av statsmidler i enhver form, som vrir eller truer med å vri konkurransen ved å begunstige enkelte foretak eller produksjonen av enkelte varer, være uforenlig med denne avtales funksjon i den utstrekning støtten påvirker samhandelen mellom avtalepartene.»

Røldal grunneigarlag ber difor ESA undersøkja om vedtaket i den kongelege resolusjonen av 11. juni 2021 er ulovleg statsstøtte til Hydro Energi AS og Lyse Kraft DA.

for styret i Røldal grunneigarlag,
Olav S. Rabbe

mobiltelefon: +47 99 53 16 85
e-post: roldalgrunneigarlag@gmail.com 

Aktuelle linker:
Kjempar framleis for heimfall (Sammfunn &Økonomi)

Samfunn & Økonomi 1/2026 (PDF)

Samfunn & Økonomi (heimeside)


Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..