Eit nyredigert skriv frå Nils Tveito som var damvoktar for Hydro Energi i perioden 1977 til år 2007.

Etter 1990, vart det i Hydro Energi Røldal – Suldal fleire nye leierar å forhalda seg til. Desse hadde ingen erfaring med praktisk vassdragsregulering, og det var svært vanskeleg å forklara våre problem muntlig. Derfor såg eg meg nøydd til å laga eit skriv om dette til dei.

Adkomsten til Valldalen vinterstid

Valldalsvatn: HRV cote 745 til LRV 665, ca. 80 meter regulering.
Valldalsmagasinet har vore og vil verta eit område der Hydro Energi må ta ein del ansvar i vinterhalvåret. Slik formuleringa er i konsesjonsforpliktinga, skal Hydro yta forholdsvis lite for å halda adkomst til og frå isen.


I alle åra etter neddemminga, har me sett mange nestenulykker. Eg har sjølv erfaring med fleire hendingar som eg skal koma tilbake til.

Det me ser fram til kvar haust og vinter, er at isen legg tidleg og at me får ein sterk god grunnis. Får me sein og dårleg is har me og tredjeperson eit faremoment.


Forholda varierte frå år til år, men særlig ein vinter fekk me store problemer. Det var i 1988, då fekk me ikkje ta i bruk isen før mandag 7. mars.


Når me har sjekka isen og meiner at den er sikker, er det fyrste sikringstiltalket å markera inntaket i magasinet. Det har i alle år vorte markert med skilt, lekter og tau.
Driftstunnelen har to inntak.

På grunn av snørasfaren frå Kløvsnuten har vintervegen til isen gått ned anleggsvegen ved overløpet. Det har vore ein del mas om at vegen skulle gå lenger inne, ved båtplassen, men det ville vera til stor fare. Sjølv den nedre vegtraseen er ikkje trygg når rasfaren er stor. Hytteskarraset som går nokre hundre meter lenger mot aust har fleire år gått langt ut over isen.


Men det største snøraset eg fekk oppleva på dei 30 åra som damvoktar, gjekk på føremiddagen 18. januar 1999. Det starta høgt oppe i Høljanosa med samanhenjande breidde frå heimsida på dammen og inn i Tångavaskåra. Fire Belgiske turistar var nær på å verta tekne av raset. Det vart storaksjon for å finna dei, med helikopter og snøskoterpatrulje. Etter store problem med verforhold og ekstremt mykje laus snø, fann dei turistane i Middalsbu. Dei kunne fortelja om ei skræmeleg oppleving då storraset gjekk rett framfor dei.


Me har i alle år stikka løype over magasinet. Det ser me som eit svært viktig sikkerhetstiltak, slik at folk kan ferdast frå og til isen på dei mest trygge og sikre områda.


Får me store snøvintrar og tjukk is vil det ved nedtapping verta store farlege sprekker og holrom under isflaka. Ved Isvatnet fann damvoktar Torkjell Tveiten og eg eit reinsdyr som låg fastkila nede i ein stor issprekk. Det var då daudt og reven var i gang med eit festmåltid. Sprekkene vert skjulte av lett og laus drevsnø og er til stor fare for både skiløpar og snøskoter. Her kunne eg skreve ned mange, mange personlege opplevingar.

Ved overgangen mellom is og land, spesielt i litt bratte lende, vil det i mange høve verta ope vatn. Når vannstanden går ned brotnar isen ofte litt utfor land, isflaket glid ned og legg seg i skråningen. Dermed får me eit ope landlaust felt som straks kan verta skjult av snø, ver og vind. Det var i eit slikt hol eg personleg heldt på å enda mine dagar, 26. april 1987.

Det hadde vore mildver med regn og det var mykje overvatn på isen. Aust for Øyanes var det uråd å kjøra snøskoter i vass- og snøsørpa. Då freista me å kjøra langs land. I ein bratt skråning måtte eg gå på nedsida av skoteren for å støtta den mot velt. Der trefte eg eit slikt hol som beskreve, og sokk beint ned. Som eit under nådde føtene mine isflaket som låg i skråningen, samtidig stoppa ryggen min i iskanten. Men ikkje nok med det, snøskoteren gleid ned på meg der eg stod i vatnet til halsen.
Eg måtte bruka all mi kraft for å halda skoteren frå meg. Han som var med fekk då løyst snøkjøretauet, sett det fast midt på skoteren, krabba seg opp i ein issprekk og greidde då på den måten å halda skoteren slik at eg fekk koma meg opp. Det var ein lærerik opplevelse.

Ved vannstand ca. 700 oppstår eit stort problem mellom Åsasanden (der gamle Valldalsvegen enda ) og forbi utfallsosen til det opprinnlege Valldalsvatn, cote ca. 696.

Påsken 1967 kom ein snøbil full med folk frå Litlos. Han som kjøre bilen var skeptisk til isen og kjøre difor så nær land på nordsida som mulig. Men rett før utfallsosen gjekk snøbilen gjennom isen. Etter alt hell landa bilen på den gamle vegen og der var det berre ca. 1m djupt vatn. Utfor vegkanten var det ein bratt skråning. Det vart motorhavari og berre litt våte passasjerar. Ein ufatteleg flaks.

Det er ganske smalt fram til utfallsosen. Dette fører til ein sterk straum i vatnet ved nedtapping. Isen vert då umerkande tynnare og tynnare heilt til det er ope vatn. Dei fyrste åra etter at eg kom inn i jobben freista me å la trafikken gå forbi utfallsosen slik som det var gjordt tidlegare. Det vart det slutt på våren 1991. Då var det på nytt flaks som redda oss og selskapet for ei ny ulykke. Ved den aktuelle vannstanden hadde produksjonen kjørt maskinene litt spesielt slik at det vart ekstra sterk straum i vatnet. Berre tilfeldigheter gjorde at me kom inn på innspeksjon til rett tid og time. Eg gjekk av skoteren i god avstand frå det skumle området for å sjekka isen i løypetraseen. Då var det brått slutt på den sterke grunnisen, berre eit ca. 30 cm snølag var att. Til alt hell hadde det ikkje vore trafikk den dagen.
Årsaka til den sterke vannstraumen var at Novle kraftverk ikkje var i drift og at begge maskinene i Lynghamar kraftst. gjekk for fullt.

Utfallososen til Valldalsvatn. år 1991, cote ca 696.
Den gamle vegen mellom Venemo og Ullshedlerflaten er merka med X.

Etter den episoden flytte me løypa over på søraust side. Der ligg ein gamal stølsveg frå Venemo og inn til Ullshellerflaten med sikker avstand frå det farlege området. Når vannstanden kjem under LRV på gamlevatnet kan løypa flyttast over på nordsida att. Her har me alltid skilta godt, stengt av med lekter og tau og merka løypetraseen med ganske tett stikking. Ved farlege område stikkar me på begge sider av vegen. Dette lærte me då ein skoterførar, med passasjer, skulle til Litlos. I snøver og dårleg sikt kjørte dei på feil side av stikket og valt ned ein skråning. Passasjeren låg delvis under den tunge skoteren, ein tobelta Grisly. På nytt flaks, alt gjekk vel.


Ei viktig sak: Det er ikkje berre, berre å halda ei HMS sikker vinterløype over regulerte vatn. Særleg Valldalen med stor regulering, over 70 m frå HRV til LRV.


Når vannstanden kjem lågare enn brukara til Finnemobrua vert det nye problem med det opprinnlege vassdraget. Der kryssar elva dalføret frå ein bratt skråning på nordsida til høg fjellvegg mot syd.

Dette gjer at adkomsten opp til Kjømberget kan vera svært farleg når ein kryssar elva. Heilt umerkande slit vannstraumen i elva ut isen og snøen til det er ope elveleide. Hydro Energi har ein særskreven konsesjonsforpliktelse når det gjeld vinteradkomsten til Kjømberget.

Våren 1994 vart magasinet nedtappa tidleg på grunn av storrevisjon på tappelukene. Dermed var adkomsten over til Finnemo sperra. Den 21. mars bygde me ei provisorisk trebru, ca.50 m nedafor dei gamle Finnemobrukara. Det vart og bygdt bru seinare år.


Når vannstanden kjem ned mot cote 700 har me ein vegstrekning frå overløpet og inn forbi Myrahålo som kan vera svært farleg, ein lang fjellskråning med slett slæberg der isen lett kan rasa ned på vegen. I fleire år har isblokkene vare så store og farlege at me sprengde dei ned med dynamitt. Store snøskavlar oppe i toppen på Kløvsnuten har me og sprengt ned.
Me har sett opp skilt som forklarer faren, men likevel har me sett turfolk som rastar under store isblokker. Det er ei utruleg tankeløyse mellom folk, men slike ting kan me ikkje sikra mot.

Myraholstølen nedom høgre fjellrust. Store snøskred frå Kløvsnuten går over vegen i dalkvelven. Lause isblokker på fjellskråningen til venstre.


I tillegg til å stikka isen frå Valldalsdammen til austenden på vatnet stikkar me løype opp til Kjømberget og Tjødnastøl.

Ved store snøvintrar vil stikka fort snøa ned. Då har me mykje arbeid med å dra dei opp, og ikkje minst flytta stikka etter kvart som vatnet sig.

Me har og gjennom fleire vintrar fått problem når det er stopp i Lynghamar kr. st. og det vert kjørt vatn inn i Valldalen. Då stig isen opp og vert delvis landlaus og ved inntaket kan det bli eit stort område med ope vatn. Siste gang me fekk sjå dette var den 8. januar 1997. Det hadde frose sterk, tjukk is i jule – og nyttårshelga, men brått, utan forvarsel, vart det eit stort ope felt nesten bort til den nystikka løypa. Ledelse frå Hydro kom på befaring og fekk sjå dette. Det vart då skreve ein rapport om at driftsentralen skulle gje melding om slik vassregulering.

Eg byrja som damvokter 1. august 1977 og gjekk av den 1. august 2007 som AFP pensjonist. Dersom eg skulle skreve ned alle mine arbeidserfaringer i Hydro Energi Røldal og Suldal sitt reguleringsområde ville det verta ei større bok.
Så til slutt vil eg seia at Valldalen var min største utfordring i alle år.

Nils Tveito