Artikkel frå Hardanger Folkeblad – 7. januar 2021, kl 19:25 – Skrevet av Sigmund Hansen

Den politiske prosessen i Stortinget om dei framtidige driftsvilkåra for Røldal-Suldal Kraft A/S har starta.
(Haugesunds Avis) RØLDAL: Om ein månad vil folk i Røldal og resten av Ullensvang kommune, og i Suldal, vita kva stortingspolitikarane meiner om søknaden frå Lyse og Hydro. Dei vil overta Røldal-Suldal Kraft til evig tid – på dei vilkår som gjeld i dag. 9. februar gir frå seg energi- og miljøkomiteen i Stortinget si innstilling. Fordeling av milliardverdiar står på spel.
Den tidlegare stordordføraren, og noverande stortingsrepresentant, Liv Kari Eskeland (H) er oppnemnd til saksordførar for saka i komiteen.
– Me har opna for ein skriftleg innspelsrunde direkte til komiteen. Fleire har alt teke kontakt. Fristen for slike innspel har me sett til 11. januar. Så er det mi målsetting at komiteen kan «gi frå seg» si innstilling til Stortinget 9. februar, seier Liv Kari Eskeland.
Som saksordførar for ei av dei største eigaroverføringssakene i norsk krafthistorie, blir det Eskeland si oppgåve å sjå om det kan utarbeidast ei innstilling som ein samla, eller eit fleirtal av komiteen, vil stilla seg bak.
– Medlemmene tar sjølvsagt saka med seg til drøfting i partigruppene sine og kjem tilbake til komiteen med eventuelle merknader derifrå, seier ho frå heimekontoret sitt på Stord. Ho reknar ikkje med at utsett opning av Stortinget etter juleferien på grunn av korona vil utsetja behandlinga av Røldal-Suldal Kraft i nasjonalforsamlinga.
Hydro og Lyse vil driva som før
I eit brev frå dei nye eigarane, Lyse med nesten 75 prosent og Hydro med resten, ber dei om at den noverande konsesjonen for drifta av Røldal-Suldal Kraft frå 1962 skal gjelda vidare til evig tid – og at konsesjonen tidlegast skal bli underkasta ein såkalla vilkårsrevisjon om ytterlegare 30 år – i 2052.
Etter lova om heimfall som gjalt i 1962, skulle Røldal-Suldal Kraft heimfalla til staten i desember 2022.
Ullensvang og Suldals krav
Ordførar Roald Aga Haug (Ap) i Ullensvang seier dei to vertskommunane er samkøyrde i sitt krav til stortingspolitikarane. Kommunane krev at Røldal-Suldal kraftkonsesjonen blir underlagt ein såkalla vilkårsrevisjon før overdraginga kan skje.
– Me opplever det som ein enorm provokasjon at Lyse og Hydro verkeleg søker om at dei skal få driva i 90 år på ein avtale som i 1962 var tidsavgrensa til 60 år. Og på toppen av dette eiga anlegga, som skulle tilfalla staten i 2022, til evig tid, seier ordføraren.
– Me ønskjer at Stortinget skal gje klare føringar til det nye selskapet. Det gjeld miljøforbetringar knytt til kraftproduksjonen – og det gjeld økonomiske ytingar til kommunar, berørte bygdelag, grunneigarar – og det gjeld konkrete næringsfond av heilt andre storleikar enn dagens «latterlege» 250 000 kr i året til Ullensvang og like mykje til Suldal kommune, seier ullensvangordføraren.
Røldal-Suldal Kraft produserer i eit «normalår» for godt over ein milliard kroner.
Dessutan meiner Aga Haug at Røldal-Suldal Kraft ikkje eingong fyller krava i dagens konsesjon: Ennå ligg fyllingar att som skulle vore fjerna etter kraftutbygginga for mange tiår sidan. Heilårs samband og tilgang til stølar og hytter, for eksempel i Valldalen, er blitt umogeleg etter at isen ikkje lenger ber over Valldalsvatnet, Røldalsvatnet, som blir regulert opp og ned heile 17 meter, har gjort store erosjonsskadar i bygda og talet på faste arbeidsplassar er mykje mindre enn førespegla.
I dag arbeider 30 Hydrotilsette med drifta av Røldal-Suldal Kraft. 15 av desse er busett i Røldal, men berre ein har oppmøteplass i Røldal for å utføra sitt arbeid.
Røldal grunneigarlag krev fornya konsesjonsbehandling og har blant anna eit sterkt ønskje om å få endra reguleringsgrensene (høgaste og lågaste vassnivå) i både Røldal og Valldalen.
Møtest i Odda
Ordførar Roald Aga Haug fortel at toppleiinga i Lyse kjem til Odda 26. og 27. januar. Då skal konsernsjef Eimund Nygård og adm.dir. Bjørn Honningsvåg mellom anna svara på spørsmål frå representantane i Ullensvang kommunestyre.
Artikkel frå Hardanger Folkeblad – 7. januar 2021, kl 19:25 – Skrevet av Sigmund Hansen