Artikkel fra Hardanger Folkeblad 27. januar kl 17:44. Skrevet av Sigmund Hansen

SYND FOR LOKALSAMFUNN: Stortingsrepresentant og energipolitikar Terje Halleland (Frp) synest grunneigarane og bygder har krav på betre behandling i Røldal-Suldal Kraft. Men han er skeptisk til meir pengar til vertskommunane. Foto: NTB (arkivfoto)

– Det nye selskapet som skal drifta Røldal-Suldal Kraft (RSK) kjem ikkje klar ein revisjon etter at noverande konsesjon går ut i desember 2022. Spesielt Røldalbygda lever kvar dag med dei konsekvensane den snart 60 år gamle konsesjonen har påført dei, seier Terje Halleland.

(Haugesunds Avis) ULLENSVANG: Men Frp-representanten i Stortingets energi- og miljøkomité er skeptisk til at vertskommunane Suldal og Ullensvang har krav på nye og større næringsfond.

Han har meir sut for «grunneigarar og bygda», og både håpar og trur at dei vil koma betre ut av det med det nye selskapet, Lyse Kraft DA, enn med Hydro.

I dag får knapt 200 private grunneigarar årleg utbetalt tilsaman 4,8 millionar for ulike praktiske ulemper dei har fått etter kraftutbygginga for snart 60 år sidan.

– Mitt håp er at nye eigarar vil ta grep som gjer at dei kjem betre ut av det med grunneigarar og bygda, seier Halleland.

For at det skal skje må revisjonen gjelda alt frå tilkomst til eigedomar og fjellet heile året, reguleringshøgde i vatn, minstevassføring og andre miljøtiltak. Det vil vera NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) som står for ein slik revisjon av konsesjonen.

Nei til nye næringsfond

Men sjøl om RSK-saka er spesiell, er Halleland i utgangspunktet skeptisk til nye næringsfond til vertskommunane. Frp-representanten er oppteken av at vasskraftnæringa ikkje må skattleggjast så hardt at dei ikkje vil effektivisera anlegga.

Dette er striden om kraftkronene

  • Frå 1. januar 2021 var det slutt på at Hydro eig dei vannkraftanlegga som produserer straum frå Valldalen i Røldal til Nesflaten i Øvre Suldal; Røldal-Suldal Kraft (RSK).

  • Konsesjonen skulle automatisk bli overført til staten som følge av reglane om heimfall til staten, 60 år etter etableringa av RSK.

  • I 2008 endra Stortinget reglane for heimfall, slik at private konsesjonar ikkje lenger automatisk blir overført til staten, men kunne bli kjøpt av offentlege selskap. Private kan være minoritetseigarar.

  • I oktober 2020 slo Hydro og Lyse saman vasskraftproduksjonen sin for å skape ein sterke felles kraftaktør; Lyse Kraft DA.

  • Anlegga produserer 3,21 TWh i straum i året, noko som i eit godt straumpris-år tilsvarar ein verdi på om lag 1,5 milliarder kroner. Mengden tilsvarar 1/3 av Oslos forbruk av elektrisk energi kvart år.

  • Konsesjonen som Lyse Kraft DA no har, blir såkalt tidsuavgrensa. Suldal og Ullensvang kommunar ønskjer at vilkåra for konsesjonen må opp til fornya behandling før regjeringen godkjenn at Lyse Kraft DA overtek konsesjonen. Dei ønskjer ei mykje betre økonomisk avtale enn den gamle frå 1962.

  • Også grunneigarar i RSK krever meir penger. I dag får dei knapt 200 private grunneigarane årleg utbetalt tilsaman 4,8 millioner kroner for ulike praktiske ulemper dei har fått etter kraftutbygginga for snart 60 år sidan.

Det skal svara seg å produsera meir straum basert på vasskraft. Og dessutan meiner han, i motsetning til Ullensvang og Suldal kommunar, at eigedomsskatten på kraftstasjonar (omlag 40 millionar på alle RSK-anlegga i begge kommunane) i høgste grad må telja med i oversynet over kva vertskommunene får i årlege inntekter.

Han minner om at eigedomsskatten ved andre produksjonsanlegg, som for eksempel Kårstø, gradvis frå 2023 skal fasast bort frå Tysvær kommune og rett inn i statskassen – og derifrå brukast til skatteutjamning mellom alle landets kommunar.

I Stortinget er det no avklart at debatten om krava til Røldal-Suldal Kraft konsesjonen ved overføring til Lyse Kraft DA skal avviklast 18. februar. Energi- og miljøkomiteen, der stordabuen Liv Kari Eskeland (H) er saksordførar for denne saka, avgir sine merknader 9. februar.

Hydro og grunneigarane

Fredag sende Røldal grunneigarlag kopi til stortingskomiteen av ein høyringsuttale som Hydro Energi skreiv i 2014 i samband med gjennomføringa av «Regional plan for vannregion Rogaland 2016-2021».

Her skriv Hydro, ved Anneli Nesteng, at ein «i tråd med forslag i regionalplan for vannforvaltninga i Rogaland starter prosessen med fornyelse av konsesjonen» (RSK-konsesjonen med heimfall 21. desember 2022 ,red.merknad).

– Man anser det som fordelaktig at den kommende konsesjonsrunde vil foreta en helhetlig vurdering av reguleringene fra fjell til Suldalsvatnet, med alle sidevassdrag, skreiv Hydro Energi vidare i høyringsuttalen frå 2014.

FULL FORNYING: Leiar i Røldal grunneigarlag, Olav Rabbe, ber Stortinget instruera olje- og energidepartementet om at konsesjonen til Røldal-Suldal Kraft må fornyast i heile sin bredde før det nye selskapet, Lyse Kraft DA, får hand om krafta til evig tid. Foto: Privat foto

– Det er heilt tydeleg at Hydro i 2014 tenkte at det måtte skje ein «fornyelse av konsesjonen». No har dei kome på andre tankar. No vil Hydro først sikra seg at styresmaktene gjev det nye selskapet, Lyse Kraft DA ein tidsuavgrensa konsesjon. Så vil dei, etter å ha fått alle kraftressursane på si hand til evig tid, forhandla om det dei no kallar en fremtidig vilkårsrevisjon – ikkje som dei skreiv i 2014 en prosess med fornyelse av konsesjonen, kommenterer leiar i Røldal grunneigarlag, Olav Rabbe.

Skuffa over Hydro

– Kva er forskjellen?

– Forskjellen er stor. Dersom Lyse/Hydro først får styresmaktene til å omgjera dagens tidsavgrensa konsesjon til tidsuavgrensa konsesjon , inntrer eit anna regelverk. Då står vertskommunar, lokalsamfunn og grunneigarar svakare rettsleg. Ei rad miljøtiltak, ombyggingar og erstatningar kan etter dette regelverket avvisast med at det blir for omfattande. Ved fornying av konsesjon, kan alle sider av det utbygde vassdraget diskuterast og endrast, seier han.

Rabbe meiner Hydro her er kynisk ute etter å overta maksimalt av naturressursane til evig tid til minst muleg kostnad.

– Me er skuffa både over Hydro si framferd og ikkje minst over at olje- og energidepartementet ved Tina Bru etter vår meining har feilinformert om realitetane i saka. Hydro har gjennomført ei miljøkartlegging som dei vil skal vera grunnlag for den vilkårsrevisjonen dei ønskjer å gjennomføra. Grunneigarlaget er sterkt kritiske til både prosessen og rapporten, som er svært mangefull når det kjem til natur og miljø i Røldal. Den gamle utbygginga er så grov mot natur og miljø at det ikkje let seg gjera å retta opp dette ved ein såkalt vilkårsrevisjon. Lokalsamfunn og kommunane vil tapa stort om ikkje Stortinget vedtek at NVE skal gjennomføra ei fornya konsesjonssak, sluttar leiaren i Røldal grunneigarlag.

Starta i 2017

Øyvind Breivik, informasjonssjef i Hydro, seier dei starta prosessen med revisjon av konsesjonen tilbake i 2017.

– Nokon har hevda at me har søkt om å få driva vidare på uendra vilkår fram til 2052. Det er feil. Tvert om har me, saman med kommunane og Norconsult som fagleg ansvarlege, gjennomført utgreiingar som vil inngå i grunnlaget for den føreståande revisjonsprosessen som styresmaktene venteleg vil gjennomføra etter omgjeringa til tidsubegrensa konsesjon, skriv Breivik i sitt svar.

Han seier at når den framtidige vilkårsrevisjonen blir sett i gong av NVE, vil det bli høve til å spela inn ytterlegare utgreiingsbehov dersom ulike brukarinteresser ønskjer det.

Artikkel fra Hardanger Folkeblad 27. januar kl 17:44. Skrevet av Sigmund Hansen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..